Brannutrykning til Sagafjord Hotell.

Laurdag ca.kl.18.30 gjekk brannalarmen på Sæbø og alarmen kom frå hotellet. Brannmannskapet var på plass omgåande og det var ingen eld å sjå frå hotellbygninga. Etter at ansvarleg på hotellet hadde fått opna, gjekk mannskapet inn og fann vasslekasjar bla. i kjøkenet og i ei av hyttene. Her hadde nok mildvéret begynt å tine på frosne vassrør og det vart etterkvart konstantert store vasskadar.


Sagafjord Hotell 07.01.10

Det har vore kaldt i dei siste vekene og det er stor fare for frostskader på bygningar som ikkje har varme overalt. Sagafjord Hotell 7.januar. (foto ISMo)

Etter å ha fått skrudd av vasstilførselen og mannskapet hadde gått igjennom heile hotellet for å sikre seg at der ikkje var open eld nokon stad,  kunne utrykninga avblåsast for denne gong, med berre materielle skadar utan eld.

Ei snekke held på å gå ned omlag 50 meter frå land, ved ferjekaia.

På søndag kl.12.00 var det påatt på nytt og ei snekke held på å gå ned omlag 50 meter frå land, ved ferjekaia. - Det er ikkje avklart om det er folk ombord og helikopter og dykkerar er på veg ilag med ambulanse og politi, var meldinga frå politiet sin operasjonssentral i Ålesund. Brannvesenet var utkommandert for å gjere klar helikopter-landingsplass og samtidig vart skyssbåten Hjørundfjord beordra ut på fjorden og det gjekk ikkje lange stunda før funn vart gjort.

På fjorden utanfor Sæbøneset vart det funne ei stor madrasseliknande gjenstand som var teken om bord og teken inn til kaia på Sæbø. ”Madrassa” målte 2,7 x 9,9 meter og var 4cm tjukk. Dette viste seg å være ei isolasjonsmatte som truleg hadde blese på sjøen frå eit oppdrettsanlegg.

Helikopter5 Helikopter4
Brannvernet ordna med 
helikopterlandingsplass i
Sandvika.
(foto Elena Kvistad Hustad)
Båten er komen inn med "Madrassa"
og ambulanse ventar på helikopter
med dykkarar.
(foto Elena Kvistad Hustad)

Etter at helikopteret hadde sett av dykkerane på kaia for å studere funnet, gjekk helikopteret i lufta for å sikre seg at ikkje noko oljeflak var å sjå, og etter nærare samtale med tipsarane vart aksjonen avblåsen utan meir dramatikk.

Helikopter1_1

Helikopter2_1

Redningshelikopteret landar i Sandvika og set av dykkerane.
(foto Elena Kvistad Hustad)

Helikopteret går utover fjorden for å sikre seg at det rette funnet er gjort og at ikkje olje flyt på fjorden etter ein eventuell havarist.
(foto Elena Kvistad Hustad)

 

IMGP6733

I søndagens utrykning kan ein vel knapt seie at her var materielle skadar. Isolasjonsmatta kan eigarane hente på kaia på Sæbø. Thomas Hustad har teke "Madrassa" i hus. (foto ISMo)