Den gamle tradisjonen ved å teikne episodar eller slysner som har fått litt merksemd gjennom året, er fortsatt i hevd. Føremålet er å samle folk, i det gamleåret runder av og går inn i det nye året. Dette har vore populært, og vi i Portalen skal ikkje gripe inn og offentleggjere dei gode teikningane dagen etter, slik at folk sit heime og ikkje møter opp. I år var teikningane svært gode, med treffande tekstar og vi lager eit lite utdrag av kvelden.
![]() |
![]() |
Kl.002 er folk på plass | Ekstrabuss er oppsett frå Grendahuset med folk som vil ha med plakatane så ferske som råd. |
Mellom 100 og 200 personar hadde teke turen til Sæbø for å sjå plakatar og å helse på folk denne nyttårskvelden. Her var unge og gamle og plakatane og tekstane var i år av høg standar og traff godt. Enkelte vil nok kanskje meine enkelte plakakatar traff for godt, men vi trur ikkje at plakatnemnda behøver å gå i dekning dei neste dagane i det nye året.
Etter ein times tid var det råd å få eit oversiktsbilde.
Eit utdrag av plakatane der skjebneåret 2009 vart for Hjørundfjorden samanlikna med Svartedauden i 1349. Hjørundfjordportalen vart også heidra med ei hending frå ein hektisk diskusjon og ein annan plakat viser den uheldige jultrekomiteen frå julefesten 3.dag på Grendahuset, som kom i skade å felle treét på feil side av eigedomsgrensa, men etter at nemnda hadde lagt seg flat og ein lokal meglar kom inn, vart det semje og alt enda godt.
![]() |
![]() |
Vår nye organist har fått sin eigen plakat. |
Og sjølvsagt det nye året var feira med fyrverkeri. |
Kommentarar
-Kanskje kan vi også lage til ein haustfest?..med lysbilde o.l av gamle plakatar som folk har liggande? - ein mimre kveld?
Vil anbefale å sjå godt på plakatane gjerne dagen etter...- då ser ein alle dei flotte "detaljane" som er tegna på plakatane..-gjerne dei små detaljane som gjer "prikken" over i-en..
All honnør til gjengen som lagar til dette for oss andre:)
Elisabeth Å Dimmen m.fl