I år har vi eit særs bra program som ALLE bør få med seg, både store og små. Vi får høyre både korps, kor og solistar. Det blir eit variert og flott program med stemningsfullt repertoar og dyktige musikarar!
Program:
Generasjonskorpset
Ørsta kyrkjekor
Leif Langdal
Caroline Hitland
Andakt v/spr. Austrheim
Hjørundfjord barnekor
Elise Flakk Nordang
Karen Rosenberg Olsen
Hjørundfjordkvintetten
Kollekt ved utgangen.
Organist: Marie Mundal Austrheim
Velkomen til ein stemningsfull julekonsert i Hjørundfjord kyrkje.
Kommentarar
Likevel må eg få nemne barnekoret og særskilt duetten mellom barnekorsongaren, som eg diverre ikkje fekk med meg namnet på, og Elise Flakk Nordang. Glimrande og klumpen i halsen var der. Eg har høyrt Elise Flakk Nordang før, men denne jenta/unge kvinna har ei fantastisk stemme og her var det ikkje snakk om å nøle eller vere usikker. Og så kom Karen Rosenborg Olsen. I farta kom eg ikkje på kven ho var, men etter å ha høyrt henne er det berre å seie dette: Fekk du ikkje høyre henne i Hjørundfjord kyrkje i dag, møt opp på konserten ho skal vere med på i Ørsta den 22. desember. Her vil du få fantastisk, klassisk song på eit nivå som vi sjeldan høyrer i Ørsta. Og så hadde vi Caroline Hitland...
Vi såg alle at den nye organisten i Hjørundfjord kyrkje, og pianisten - og dirigenten, hadde ein svært travel dag. Men vi veit og at det ligg planlegging av eit slikt arrangement.
Det lokale har sjølvsagt avgjerande betydning i "Vi syng og spelar jula inn", men i dag fekk vi nærast ei kjensla av at vi hadde nærma oss litt verda utanfor også takka vere dei nemnde songarane. (Men Elise Flakk Nordang er sjølvsagt lokal:))
Og ikkje minst - regi er viktig. Organist Marie hadde fått med mange aktørar. Likevel vart dette på ingen måte langtekkeleg. Alle som deltok fekk "berre" framføre eit par songar/m usikkstykke kvar. Dermed hadde vi heile tida lyst til å høyre meir. Slik skal det vere. Stor takk til alle, men ikkje minst til Marie Mundal Austrheim.
Nydelig flott sang!