Mykje betre enn den dyraste krem, dekkjer snøen til- og jamnar ut naturens porar og rynker. Gjennom vinteren smørjer snøen seg lagvis på og når våren kjem er dei villaste brear jamne som parkettgolv og uframkomelege gjel har blitt omdanna til det toppturentusiastane kallar flotte renner.
...Når våren kjem er dei villaste brear jamne som parkettgolv.
Allereie no, før halvåret er gått, kan 16. mai utropast til ein av dei flottaste dagane i Hjørundfjorden i heile 2009. For oss som har teke 0845-ferja frå Sæbø til Lekneset ligg ein spegelblank Norangsfjord til høgre i det vi passerer med bilane våre. Liene er allereie grøne og mange blomar er på sitt vakraste. Lenger oppe ligg snøen og ventar på oss. Det skal vise seg å bli ein flott dag – ein flott skidag. Målet er Brekketindane i ein eller annan variant.
På Indre Urke, der det står eit lite skilt på ein stolpe med påskrifta Hjellebakkane hyttefelt, tek vi av frå Rv. 655. Vi køyrer oppover forbi dei flotte hyttene, forbi garden Klokk og vidare framover dalen etter ein god skogsveg. Er du heldig og det er snøfritt kan du køyre heilt fram til startpunktet - inntaksdammen til Urke kraftverk, men vi møter bommen ved parkeringsplassen og må gå den siste strekninga på 1,1 km etter anleggsvegen.
Brekketindane rundt
Frå inntaksdammen ser vi framover Langseterdalen Til høgre ligg Slogen, rett mot ser vi Geithornet. Denne gongen skal vi opp i dalen som ligg til venstre for Geithornet, Sykkylvsdalen. Så skal vi vidare inn på Gullmorbreen. Dette er starten på turen som gjerne vert kalla Brekketindane rundt - det som må vere den vakraste ski-rundturen i vid omkrins. Men må ein gå rundt Brekketindane på slik ein fin dag?
Renne
Råsa frametter Langseterdalen er lett å finne, men vi må gå over brua ved Langsetra før vi kan ta på ski. Så er det berre å legge i veg i det tempoet som måtte passe. Allereie oppe i Sykkylvsdalen ser vi Brekketindane. Kanskje vil nokre hevde at dette er Brekketindane si bakside. Om så - tindane er uansett storslagne. Inne på Gullmorbreen går vi i skispora til to som er på Brekketinden rundt-tur. Vi, dvs. Ronny og Olav (Haugen) og underskrivne har nok etter kvart blikket meir retta mot ei renne som går opp i skaret vest for Store Brekketind. - Skal vi prøve…?
Slogen, som må "ha den dristigste reisning" dukkar opp i bakgrunnen. Olav (Haugen) ser vi nærast.
Vi nærmar oss den aktuelle renna, men først dukkar Slogen overraskande opp. I motsetning til t.d. Kolåstinden endrar Slogen form berre du endrar synsvinkelen aldri så lite. Her frå Gullmorbreen, sett gjennom Geitskaret, må toppområdet av Hjørundfjorden sin mest vidgjetne topp ”ha den dristigste reisning” for å sitere ”fjellenes førsteelsker” Kristoffer Randers.
Stegjarn og isøks
Renna oppover er sjølvsagt bratt, Ronny måler den til å vere mellom 37 og 52 grader, men ser ein vekk frå tung pust, er det få problem å gå opp dei ca. 300 høgdemeterane frå Gullmorbreen. Rett nok møter vi det som den allereie nemnde Randers sikkert ville ha kalla ”en liten vanskelighet” øvst i renna, men den er ikkje verre enn at kjenner eg dei rett, ville eminente renneskikøyrarar som Bodil Ryste og Stig Helset ha runne ned her utan store problem.
Så er vi ved punktet der dei fleste av rutene til Store Brekketind endar - i skaret vest for toppen. Og kva med resten av turen opp? For vel eitt år sidan var underskrivne i same området, men fann det best å snu 10-15 høgdemeter frå toppen p.g.a mykje nysnø og lite med tid. No er det også snø, gammal rett nok, men alt er meir oversiktleg og resten av turen opp går også utan problem sjølv om konsentrasjonen må vere høg. Det kan absolutt vere klokt å snu før ein når toppen nokre gonger, men jammen det er det godt å kome heilt opp også…
I dette skaret rett vest for toppen, endar dei fleste av dei ulike rutene til Store Brekketind. Fotoet av underskrivne, er det Olav Haugen som har teke.
C. W. Patchell sitt favorittfjell
I følgje bøkene var Store Brekketind favoritten til tindepioneren C. W. Patchell. Han var på denne toppen heile 19 gonger ”både for dens enestående utsikt og for det rent sportslige i et herlig klatreterreng” for å sitere reisehandboka ”Sunnmøre” av Kristoffer Randers. Utsikta frå Store Brekketind er utan tvil storslagen, særleg mot sør, mot Lisje Brekketind, Slogen og Jakta. Eller igjen for å seie dei på Randers-vis: ”I syd steiler Slogens og Jaktas utoverhengende nebb til værs.”
”I syd steiler Slogens og Jaktas utoverhengende nebb til værs.” Dei to nemnde toppane ser vi i venstre og øvre biletkant. Ronny (Haugen) går dei siste metrane til toppen av Store Brekketind.
No er det slett ikkje berre dei gamle forfattarane som kan formulere seg godt. I boka ”Fotturar på Sunnmøre” seier forfattarane Standal/Hagen/Wangen det på denne måten: ”Hesteskoen kring Brekketindbreen ligg og gaper som ei taggete røvegløfse”. Betre kan det ikkje seiast om dette området sjølv om denne skrivaren aldri har sett ein slik reiskap.
Ronny i nedste del av renna vi gjekk opp - no med ski.
Vel nede i skaret igjen kan vi vel kanskje angre på at vi ikkje tok med skia hit opp – ein vårnedfart ned Brekketindbreen, altså på motsett side av Brekketindane, hadde ikkje vore å forakte. Kanskje hadde det gått bra ned renna vi gjekk opp også i all den dag sola no har kome til og løyst opp eit passande lag med køyresnø. Likevel, turen ned renna utan ski og stavar går fort unna og vi får også ta nokre gode svingar ned til Gullmorbreen og vidare heilt ned til Langsetra. Sjølvsagt har vi allereie gløymt luggeføret nedst nede.
Takk for turen.
Fleire foto frå turen kjem under. Klikk på bileta for å få dei store nok.
Sykkylven i bakgrunnen
Her har Ronny(nærast) og Olav starta på den siste strekninga frå skaret mot toppen. På foto til høgre ser vi så vidt i ein skavl som sikkert hadde vore vanskeleg å kome forbi om vi hadde gått opp renna aust for den vi gjekk.
Slitne, men lykkelege.
Copyright: Knut Hustad, Ronny og Olav Haugen
Kommentarar
Hører rykter om at det har kommet mye snø, gleder meg til å komme på land
Men utan tvil er "di" renne både breiast og jamnast, Svein, og såleis best for ein skiløpar/nedkøyrar. Likevel trur eg at vi valde rett denne dagen. Øvst i "di" renne var der nemleg ein bratt skavl som sikkert ikkje hadde vore heilt enkel å passere - særleg om den var hard, jfr. innlagd tekst under eitt av fotoa.
I påska fekk Brekketindane besøk av nokre Voldingar og ein tidlegare Volda student.. Turlaget drog opp frå hytta via ” Hesteskoen kring Brekketindbreen ligg og gaper som ei taggete røvegløfse” (nydelig formulert) og opp i skaret under toppen. Dårleg vær og sikt, men god og stabil snø i renna ned mot Gullmorbreen. Etter ein snøprofil og nokre vurderingar omkring snøkvaliteten kom vi til at det var kun ein veg.. rett ned? Flott renne og eg deler oppfattinga om at renna bikkar 50 grader i toppen.
Dagen etter var det berre å suse opp til neste skar (ca. 50-60 meter til venstre for Store Brekketind) og om mogleg kanskje ei enda argare renne.. Super fin linje fyrste halvdel før renna delte seg i to på ein ribb. Vi drog ned til høyre i det som viste seg å vere ein rimeleg slank og bratt renneformasjon, men med ein fin opning i botn.
To fine dagar på Brekketindmassivet!