Det vert snakka mykje om satsing på turisme.  Det vert planlagt djupvasskai i Ørsta til cruisskipa, det vert snakke om veg på Skårasalen, det  vert snakka om rike turistar, det vert snakka om masseturisme osb.  Men kva med å bry seg litt meir om dei turistane/tilreisande som kjem hit - utan at det offisielle Ørsta ser ut til å bry seg?  Eg tenkjer på dei etter kvart  svært mange som kjem hit for å bruke hjørundfjordfjella vinterstid.

16_2

Ronny Haugen på veg ned frå Store Smørskredtind.  Foto:  Fred Ingar Somby

Det starta i det små.  Fred Ingar Somby var ein av dei første som skreiv om toppturar vinterstid her på hjorundfjord.no.  Etter kvart kom fleire toppturentusiastar og skrivarar til.  Dette gledde mange, men det oppstod likevel eit problem - det vart for vanskeleg å finne att i arkivet det som tidlegare var det var skrive om dei ulike turane.  Så kom samlesida "Toppturar i vinterfjell" med peikefunksjon.  Suksessen var kanskje ikkje så stor i byrjinga, men etter at denne sida vart flytta fram på hovudsida til Hjørundfjordportalen har interessa auka med ekspressfart.  No kan kvar og ein klikke seg inn på sida og velje mellom ca. 100 ulike toppturar - flest i Hjørundfjorden, men og fjell frå Volda og Ørsta.

Men det må strekast under at vi har fått god hjelp av forlaget Iriss i Volda, Iriss.no.  Iriss, med Helge Standal i spissen, har lagt ut ein peikar til "Toppturar i vinterfjell".  No finn også svært mange fram til hjorundfjord.no på eiga hand.

Sjølvsagt har det vore diskusjonar om denne sida, fleire meiner at vi som skriv framhevar for mykje oss sjølve, men det er vanskeleg å skrive om toppturar utan å vere med.  For oss som skriv er det svært hyggeleg å få tilbakemeldingar om at dei les om desse turane med stor glede sjølv om dei aldri går på slike turar sjølv.  Likevel - den største brukargruppa er nok dei av oss som leitar etter råd og tips om toppturar i hjørundfjordfjella og Sunnmørsalpane.

Så står det att å få opne augene til Ørsta reiselivslag, Ørsta kommune og ikkje minst reiselivs-/turistnæringa spesielt.  Det vert gått tusenvis av toppturar vinterstid i nærområdet vårt, men enno veit mange ikkje om at det også er mogleg å overnatte i Hjørundfjorden, at det er råd å få seg mat i Hjørundfjorden osb.  Eller er det slik?

_JKS_bakside

Gøran Kvitle på veg ned Fladalen.  Foto:  Fred Ingar Somby.

Så har denne skrivaren eit stort ønskje til slutt.  Her er også mange jenter og kvinner som likar- og går på toppturar.  Men svært så få skriv om turane her på portalen.  Vi vil setje svært stor pris på om det vert gjort.  Her er god plass og turane skal få sin rettmessige plass på "Toppturar i vinterfjell"

Heilt til slutt viser eg - mens vi ventar på litt meir snø - til ein ikkje heilt fersk tur på Store Brekketind no i vår.  Sjå under "Artiklar"