Dei siste åra har den store hjortemengda kort og godt vore ei plage for flesteparten av gardbrukarane i Bondalen.  Og det synte att når styret i storvaldet med leiar Ole Johan rekkedal i spissen,  tildelte fellingsløyve til dei ulike jaktområda/jaktfelta - det vart bestemt at det kunne skytast heile 267 dyr i løpet av hjortejakta 2009.

No vart det altså ikkje felt så mange hjortar, "berre" ca. 195, men det er likevel 45 fleire enn rekordåret 2008.  Det er felt heile 350 hjortar, omtrent, i løpet av to år og det er utruleg mange dyr, konkluderer Ole Johan.

IMGP2305 - Kopi

Det vart felte både mange eldre bukkar og eldre koller - over 2,5 år.  Foto:  Jakob N. Hustad.

- Ole Johan, ser ein no endeleg att at det vert felt mange hjortar i Bondalen?

- Det gjer det nok, mot slutten av jakta vart vi uroa - det såg ut til at flesteparten av hjortane i Bondalen vart borte.  Men no ser vi at her slett ikkje er tomt for hjortar likevel, hjorten har kome tilbake og vi har også teke imot meldingar om at no har hjorten starta på rundballar i dalen.  Men vi må arbeide meir for å få nøyaktigare tal.  T.d. bør vi sikkert telje hjortar fleire gonger i året til bestemte tidspunkt og kanskje må vi også bruke eit fast teljekorps.

Ole Johan seier også at vi jegerar må vere flinkare/meir nøyaktige med å oppgje kva slags dyr vi skyt.  Er det ei ungkolle vi har skote eller er det eit eldre dyr på over 2,5 år.  Slike opplysningar vere korrekte, understrekar Ole Johan.  Alle dei ulike valda må rapportere inn talet på felte dyr og kva slags dyr som er felt til kommunen.  Det er i vår alles interesse at statistikkane vert så korrekte som mogleg.

IMGP2317 - Kopi

Nokre hjortar snudde også baken til jegeren og stakk av.  Foto:  Jakob Hustad

Enno er ikkje alle felte dyr rapportert inn i Bondalen, men Ole Johan konstaterer med glede at heile 75 kalvar er skotne.  Mange eldre koller har også blitt felte, men ein treng litt tid til å gå gjennom statistikken for å finne ut av om dette er ei god avskyting eller ikkje.  Torsdag skal jaktfeltleiarane i Bondalen ha møte.

Det ser elles ut som det er felte færre hjortar på Vartdalstranda i år.  Det same også i midtbygda, dvs.  Follestaddalen og Åmdalen.