Nabovarselet om detaljprosjektering som grunneigarar og naboar til den nye ferjekaia på Sæbø fekk frå Statens vegvesen v/seksjonssjef Håvard Parr Diommen i dag, opplyser at detaljprosjekteringa no er i gang. Vidare vert det opplyst at det er sett av midlar i handlingsplanen for investeringar i 2011. Det ser såleis ut til at Sæbø endeleg kan få ny ferjekai.
Statens vegvesen ønskjer å fylgje noverande reguleringsplan, dvs. at kaia er tenkt plassert i Sandvika. Det vert berre søkt om "mindre avvik frå gjeldande reguleringsplan", dvs. at dei planlegg å vri ferjekaia litt meir mot aust enn det reguleringsplanen tilseier.

Ferjekaia skal plasserast i dette området, dvs. i framgrunnen av fotoet. Alle foto: Ivar Svein Mo.
I brevet til grunneigarar og naboar skriv Statens vegvesen at dagens ferjekai er i svært dårleg forfatning og ei evt. utbetring av denne vil vere svært kostbart og lite framtidsretta.
Til brevet ligg det ved både kart og teikningar. Det ligg også ved to foto av ferjekaia på Tustna. Det er same type ferjekai som er planlagt på Sæbø. Det kan også nemnast at det er planlagt gangveg til ferjekaia langs sjøen frå huset til Elisabet og Normann Dimmen. Prosjektet omfattar elles ikkje berre ny ferjekai, men også ny oppstillingsplass for ferjekøa i tre filar og opparbeiding av veg med fortau på innsida av kaiområdet. Rett innanfor kaia vil det verte snuplass/stopplass for lokalbuss.
Av kartet kan ein sjå at det er innteikna eit grøntareal mellom oppstillingsplassen for ferjekøa og vegen til Sæbøneset.
Til slutt i brevet skriv Statens vegvesen v/Håvard Parr Dimmen at dei gjerne tek mot innspel og synspunkt. Fristen for å kome med merknadar er sett til 15. januar.

Det er planlagt gangveg frå Elisabet og Normann sin bustad (Nils Haugen) til den nye ferjekaia i Sandvika.
Ei sterk arbeidsgruppe må dannast med brei st (21.12.2009 kl. 11:36)
Vegvesenet har no stadfesta at dei vil fylgje reguleringsplanen og avslutte riksvegen med ferjekai i Sandvika. Med dette vil det verte ført fram veg med riksvegstandard og med påfylgjande brøyting og vedlikehald.
Skal det verte ei tettstadutvikling utanom vegarbeidet må der kome eit innspel frå Ørsta kommune,Sæbø og næringslivet. Her må det starte ei politisk påvirkning og det må kontaktast og påvirkast der makta sit og einkvan må kunne reise både til Molde og Oslo og invitere seg sjølve inn til rette mynde for samtale.
Arbeidsgruppa må også ta tak i arbeidet med å få ferdiggjort Sæbønesvegen når det fyrst er igong eit stort arbeid.
Før det går for lang tid i prosessen med vegvesenet, må det gjerast forsøk på å få kaia snudd meir rett frå land, slik naust og badestranda vert mest mogleg skåna for propellstraum.
Ivar Svein Mo
Ja,ja..... (20.12.2009 kl. 21:59)
Eg er positiv til at vi får ny fergekai,å etter desse planane er den bestemt i sandvika,derfor forheld eg meg til det. At dokke Hilde og Ville-folket kjemper imot forstår eg veldig godt,men nåken må vell lide om den kjem ein annan plass også;)Alle kjempar for sitt,så kall derfor ei spade for ei spade, og bruk ikkje sånne dårlige argument som badestranda,kapteinskvia,bautaen og anna......Dette forblir urørt ser det ut til etter planane. Eg er altså positiv til at vi får ny fergekai,om den evt blir flytta er eg fortsatt positiv til ny fergekai:)
Wenche Strand
Ja, vi er usamde........... (20.12.2009 kl. 14:22)
Men eg så kjip at eg minner om at planen er stadfesta og vedtaket er fergekai i Sandvika. Kanskje kan vi derfor heller debattere framlegget frå Vegvesenet og i mindre grad den vedtatte reguleringsplanen? (Og no tenkjer eg masse, torer eg trykke "lagre kommentar", eller torer eg ikkje...?)
Hilde Muren
Tenk positivt - tenk heilskap (20.12.2009 kl. 13:44)
Argumenta for å ha fergekaia i Sandvika er at det vil gi kunda til bakeriet og butikkane. Om fergekaia vet lagt bort med lisje elva kan et skilt vise veien til butikka og bakeri. Med ei fin miljøgate kan en også invitere turistane til å gå i sentrum. Forskjellen er at sentrum kan verte ei pærle, ikkje redusert til ein asfaltert parkeringsplass.
Det viktigaste no må være å få til ein heilheitleg plan for Sæbø sentum, i lag med landskapsarkitektar, teknisk etat, Statens vegvesen, Sæbø Vel og bygdemobiliseringa. At alle kan kome med forslag og at det vert laga ein heilheitleg plan.
Husk at det som vert gjort no vil stå i dei neste 50 år.
Då er det viktig at ein ikkje går i fella med å tru at statens vegvesen kjem med alt mulig, men forhelde seg til at dei lagar fergekaia, forskjønnelse er ikkje tatt med i planane. og grøntareal skal dekkast av Ørsta Kommune - og er ikkje med i deira budsjett.
Sjå på konsekvensane av å ha fergekaia i Sandvika og, ikkje bære konsekvensar av ei eventuell flytting.
Eva Aarskog
Positiv? (19.12.2009 kl. 23:39)
Korleis være positiv til noko du ikkje er enig i? Trudde det var ytringsfridom her i landet? Dette er ei sak som har gått hardt inn på oss her i smedhuset ...så la oss få sleppe å få slike kommentarar.Vi jobbar for vår sak og det må andre akseptere.Kvar ein morgen vaknar eg av eit trøskeværk av ei ferge startar, å slik det ser ut no så får vi fergekaia liggande rett ned om huset vårt. Sandvika har Sæbøs eldste hus, smedhuset blir 100 år neste år.Eg meinar det er total kulturkrasj å plassere ei fergekai så nær opp i desse fine gamle trehusa.....alt dette har vi prøvd å argumentere med utan at vi lykkast.Det viktigaste eg vil få fram her er at motparten må akspektere vår meining.Vi akspektera dokka!Vi velg sjølv kva vi er positive til :) Til slutt: 2 felts veg med fortau på begge sider.....kva då med bautaen???
Hilde Sæbønes
ikkje bland korta:( (19.12.2009 kl. 20:46)
Å bruke badestranda blir heilt feil,den blir nok like fin:)Viktigt å vere positive istaden for:)
Wenche Strand
Enig med AnnHelene (19.12.2009 kl. 13:00)
Ser at den skal kome enda nærare badestranda. Då er nok den fine sandstranda fort vaska vekk av bølgene. Eit stort tap for Sæbø.
Det er laga fine plana for grøntareal, men kva hjelpe det når det grøne skal kome frå Ørsta Kommune? Dei har då stroke Sæbø frå alle budsjett med trivselsfaktorar for fleire år sida, ingen grunn til å tru at dei vil yte noko til dette heller.
Det er nødvendig med ny fergekai, men denne løysinga trur eg Sæbø vil tape mykje på.
Eva Aarskog
Trist:( (18.12.2009 kl. 19:29)
Fint me nye kai,men trist at en ikkje kan legge den utom sentrum!!!!
AnnHelene Wille
Flott:) (18.12.2009 kl. 10:45)
Endelig ser d ut til at vi skal få ny fergekai, må berre sei kjempeflott:)
Wenche Strand