Det var hektisk aktivitet rundt borda, som i år hadde fått fine, raude voksdukar.

131209 003

Det vart produsert mengder av kjeglenissar, kremmarhusnissar, prismeenglar (med ein "diamant" til kropp!), julekort, glaslykter med serviettdekor og meire til.

131209 002

Åse-Lill og Janne serverte risgraut til alle, men sjølv om dei hadde putta TO mandlar i var det ingen som fann ein einaste!

Nissen kom luskande ned frå loftet og delte ut godsaker til borna. Dei fekk tre, nei faktisk fire ønsker på ein gong: Clementin, sjokolade og karamelle i ein pose, som dei kunne bruke til å ha tinga sine i etter at snopet var oppete.

131209 005


Ingen kjende att nissen, for han heldt maska på heile tida. Buksa var det verre med, for nissen hadde ikkje ete nok graut til å halde den heilt på plass..

Styret i ungdomslaget kledde seg i kvitt, og markerte Luciadagen med song, glitter og tende lys. Lucia sjølv hadde lys i håret, og delte ut lussekattar til alle som hadde plass til meir mat i magane sine.

Bilete av dette har eg dessverre ikkje...

Takk til alle for ein triveleg juleverkstad!
Vel møtt igjen neste år!