Konkurransen vert omlag som tidlegare år, med nokre endringar for premiering. I år vert to av premiane trekt ut mellom alle som har vore med å tippa i konkurransen (uavhengig om ein får poeng eller ikkje). Ein premie for dei over 18 år og ein for under 18 år. Følgande reglar gjeld for årets julekalender:

  • Premie til dei to deltakarane med flest poeng samanlagt.
  • Premie (1 stk) ved loddtrekning blant alle som har vore med og tippa i konkurransen.
  • Premie (1 stk) ved loddtrekning blant alle yngre (under 18 år) som har vore med og tippa i konkurransen.
  • Dei tre første med rett svar i kommentarfeltet kvar dag får poeng. (2 poeng til den første, 1 poeng til dei to neste med rett svar).
  • Du må vere registrert som brukar på portalen for å vere med i konkurransen. Du kan enkelt registrere deg som brukar her.
  • Ein lokal person (fødd eller busett i Hjørundfjorden) som i ein eller annan samanheng har vore avbilda på portalen tidlegare vil vere blant dei utvalgte julenissane.
  • Det er kun underteikna som har fasiten, så alle kan vere med, unge som gamle.
  • Det er sjølvsagt lov å svare dersom du kjenner att deg sjølv som julenisse.
  • Eitt svar pr. deltakar er lov kvar dag. Dersom ein svarar fleire gongar er det første kommentaren som gjeld.
  • Tidspunktet for når ny luke vert lagt ut vil variere, så her gjeld det å følge med. For at konkurransen skal vere mest mogleg rettferdig på slutten, vil tidspunktet for dei 5 siste lukene verte annonserte på førehand.

Då er det berre å ønske lykke til.

Fjorårets vinnar i konkurransen var Karin Flatnes og ho er dermed utstyrt med gul leiartrøye.

Luke 1 i konkurransen vert lagt ut seinare i dag.