Kjell Johan er vår faste nisse- maker |
Då var julekonkurransen over på Hjørundfjordportalen for 2009. Kjell Johan Aarseth har vore vår faste mann og har hatt alt arbeidet med å planlegge og samle inn rette bilda og å legge ut på Portalen. Dette arbeidet er vi svært godt tilfredse med og kvaliteten har vore uten tvil av det aller beste.
Men om vanskelegheitsgrada har vore stor, så har vi sett frå deltakarane ei evne til å kjenne igjen personane som har vore over det som vi trudde var mogleg. Når vi veit i dag at der ligg ca.14000 bilder på portalen så er det ikkje så vanskeleg å forstå at vinnarane av årets konkurranse er utruleg dyktige og fortener premie.
Venke Vik Nordang er daglig leiar i Sparbank1 avd. Sæbø, og har i år også vore svært imøtekomande ved å gi denne tursekken med innhald. Dette vert premien til deltakar under 18 år som skal loddtrekkast.
Som tidlegare så vart dei faste sponsorane våre, Sparebank1 avd.Sæbø og Ose & Aarseth AS spurde og det var ikkje nei i år heller. I tillegg kjem ein premie frå oss sjølve i Portalen.
Premiane vert fordelt slik:
- 1.premie vert eit gåvekort frå Ose & Aarseth AS på kr.800 og vinnar er Arne Jon Rekkedal med 18 poeng.
- 2.premie vert eit gåvekort frå Ose & Aarseth AS på kr.500 og vinnar er Jonny Flatnes med 9 poeng.
- Det nye av året er deltakarpremie som skal trekkast og denne premien som er ei den store boka frå Hjørundfjorden med flotte bilder av Jon Hustad. Vinnar her med premie frå Hjørundfjordportalen vart Kari Stokke
- Så skal vi også trekke ein ny premie til i år, som også er deltakerpremie, men kun er til dei som er under 18 år. Her vil den heldige få den fine sekken frå Sparebank1 med innhald. I innhaldet finn den heldige ein stor badehandduk, T-skjorte, refleksvest og drikkeflaske. Vinnar Lisabell Hustad Øvrelid
Arvid Stokke er daglig leiar i installasjonsfirmaet Ose & Aarseth As og er ein god støttespelar for Hjørundfjordportalen. Firmaet har i år gitt hovudpremiane til julekonkurransen.
Premieutdelinga er i år som tidlegare ein del i programmet til Julefesten 3.juledag på Grendahuset i Bondalen. Her vert dei to ekstrapremiane trekte og offentleggjorde frå scena på festen. Vi vonar premiemottakarane er på festen og kan kome opp å motta premiane direkte under stor stas denne kvelden.
Frå alle sponsorane er ei stor og klar helsing; God jul og eit
godt nyttår til alle våre kundar. Vi er med som støttespelarar for ei
positiv og god utvikling i heile Hjørundfjorden.
Ei god jul til våre sponsorar, nissemakar Kjell-Johan og alle våre brukare, også frå Hjørundfjorddportalen
Eit stemningsbilde frå Sæbø Lisjejulaftan 2009
Kommentarar