I dag var det vi over 20 og som ikkje er i ei av risikogruppene, som kunne få vår tildelte dose med svineinfluensavaksine. Dørene til klubbhuset på Sæbø opna klokka 0930 og helsesyster Solveig Terøy, sjukepleiar Eldrid Øye og Elisabet Årseth Dimmen sytte for at heile 130 personar hadde fått svineinfluensvaksina før dørene stengde.
Sjølv vi som ikkje akkurat ser fram til eit sprøytestikk må vedgå at det heile gjekk fint føre seg og utan stor smerte. (Men dei fleste av oss kan i alle høve rekne med nokre små biverknadar - kan vi lese bak på vaksinepapiret). Etter at sprøyta var sett og plasterlappen med bomullsdotten var komen på, var det berre å setje seg ned i 20 minutt og slå av ein prat.
Her er rektorbordet. Som vi ser av ansiktsuttrykka, har alle desse fire fått nålestikket sitt. Her ser vi frå venstre: Tidlegare rektor ved Rekkedal skule, Oddbjørg Tvergrov, lærar (og komande rektor?) ved Sæbø skule, Marthe Ruud, tidlegare rektor ved Sæbø skule, Nils Taklo og lærar og tidlegare rektor ved Sæbø skule, Jarle Walseth.
Frode Urke er helsesjef i Ørsta kommune og har ansvaret for at innbyggarane i Ørsta har (hatt) nok svineinfluensavaksine tilgjengeleg.
- Hallo, er det Frode Urke eg snakkar med?
- Korrekt, kva ynskjer Knut Hustad i dag?
- I dag er eg blid. Du skjønar at i dag har eg vore på Sæbø og fått slik vaksine av Eldrid Øye. Og det må eg seie - det heile gjekk over all forventning.
- Det var godt og høyre. Du er forresten ikkje den einaste som har fått vaksine i Hjørundfjorden i dag. Mange, fleire enn venta, har møtt opp og teke svineinfluensvaksina i dag, og det har dei gjort rett i. Vaksina har nemleg synt seg å ha svært så godt effekt....
Her tek Frode Urke seg tid til å kome med god, gammaldags vaksenopplæring. Han fortel m.a. at vaksina har synt seg å ha god effekt allereie etter ei veke, at vaksinen sikkert har god effekt om viruset skulle endre seg osb. Og han er sterk og klar i konklusjonen: Alle bør vaksinere seg.
- Men Urke, kanskje er det nokon som les dette og som ikkje har teke vaksinen. Kanskje angrar dei no. Kva kan dei evt. gjere om dei også vil verne seg mot det aktuelle viruset?
- Det er framleis ikkje for seint, men siste vaksinedagen er førstkomande fredag på Bakkola-marka i Ørsta.
- Og om ein student kjem heim til jul og mor vert fortvila når den håpefulle ikkje har brydd seg. Kan dei ta kontakt med helsevesenet i Ørsta?
- Sjølvsagt, men den offisielle vaksineringa er over på fredag. Likevel kan det kanskje la seg ordne på eit vis med vaksinering. Problemet er berre at vaksinen kjem i dosar på 10 og 10. Brukar vi berre ei vaksine innan ei viss tid, må vi kaste dei ni andre dosane. Likevel - vi skal prøve å gjere vårt beste.
Helseleiar Frode Urke nemner også barn under 10 år. Det var i utgangspunktet meininga at dei skulle få to vaksiner. Men det har synt seg at også berre ein vaksine har svært god verknad for dei yngste. Når ein i tillegg kjenner til at det har vorte litt større biverknadar etter vaksine to, så er helsedirektoratet litt avventande med å kome med råd her. Men Frode Urke understrekar at ein etter kvart vikl kome med råd her - både gjennom presse og på Ørsta kommune sine heimesider.
- Du Frode, sånn mellom oss - der det i det heile nokon som har hatt svineinfluensa i Ørsta?
- Ja, utan tvil og det er spesielt ungdom som har hatt den - gjerne 15, 16 og 17-åringar. Dei eldre, gjerne dei over 50-60 har gjerne meir med rette antistoff i kroppen og har såleis ikkje vore så utsett for smitte.
Og om nokon skulle lure; dei i risikogruppene har blitt vaksinerte og alle andre i Ørsta kommune har no (dvs. innan fredag) fått tilbod om å vaksinere seg. Ca 5500 av kommunen sine innbyggarar har no fått vaksinen. Kanskje angrar nokon av dei andre?
Kommentarar