Vi må nok takke litt finanskrisa for at ròtskadane på tårnet til Hjørundfjord kyrkje vert vølt så raskt, seier soknerådsmedlem Olav Kjell Rekkedal til hjorundfjord.no. 

At  vassnasene - skal vi kalle dei listene som ligg i underkant av bordkledninga på eldre bygg - rundt inngangspartiet til Hjørundfjord kyrkje har hatt ròrskadar og sett lite pene ut, har vore kjent lenge.  Men då det hausten 08 vart kjent at Staten ved kommunane ville sprøyte inn pengar til m.a. vedlikehald av offentlege bygningar, vart det også gjort inspeksjonar av kyrkja på Sæbø.  Konklusjonen var at bygget over inngangspartiet var i svært dårleg stand og at dei nemnde vassnasene måtte skiftast ut snarast råd. 

Ørsta kommune avgjorde at i første omgang skulle i vassnasene skiftast ut og nokre mindre reperasjonar utførast.  Det var Inge Kolås AS som tok på seg oppdraget, eit oppdrag som i utgangspunktet skulle koste ca. kr. 100.000,-.  Bondalingen Tore Stokke var byggmeisteren som fekk det praktiske ansvaret for tømrararbeidet.

IMGP2596

Her ser vi at inngangspartiet til Hjørundjord kyrkje har fått nye vassnaser.  Vi ser også at det er gjort omfattande reperasjonar på tårnhjørna.

Bygningsarbeiderane hadde knapt starta arbeidet før nye og omfattande rotskadar på tårnhjørna vart avdekte.  Tore Stokke opplyser at dei ei stund frykta at det kunne vere fare for heile tårnet då det synte seg at også hjørnestokkane var oppròtne.  Heldigvis synte det seg at tårnet hadde beresøyler på ca. 300X300 mm på innsida av tårnet, beresøyler som ikkje var skada.  Likevel hadde dei rotne hjørnestokkane  avgjerande betydning for stabiliteten til kyrkjetårnet.

Arbeidet vart ei tid stoppa for å finne ut kva som var klokt å gjere vidare, men dag har også tårnet på kyrkja fått nye hjørnestokkar.  Her kjem fagmannen Tore Stokke inn og forklarer:  Tårnet har ikkje fått nye hjørnestokkar, men noko som truleg skal fungere betre.  I staden for stokkar er det no sett opp lag på lag med furubord, furubord som er godt innsmurt med rå og kaldpressa linolje - eit reint naturprodukt.  Når dette arbeidet no vert heilt ferdig, vil hjørna på tårnet sjå like vakre ut som før, men denne løysinga - saman med at det er lagt inn luftingar der luftingar bør vere -  vil fungere langt betre enn med dei gamle hjørnestokkane, seier Tore Stokke.  - Vi har no fått ei løysing som kan stå i minst 200 år framover.

IMGP2599

Her ser vi dei to bygningsmennene frå Estland som har utført bygningsarbeidet. Ergo til venstre, sjef Aiva til høgre.

Sjølve inngangspartiet vil ikkje verte gjort noko med i denne omgangen, men likevel kostar denne vølinga som er gjort til no heile kr. ca. 250.000,-. - Men så er også arbeidet skikkeleg gjort, seier Tore Stokke.  Han er elles ikkje snau med å skreppe av dei to bygningsaarbeidarene Aiva og Ergo frå Estalnd. - Dei kan sitt fag og slurvar ikkje, seier han.  Tore rosar også kyrkjeverjen i Ørsta, Steinar Sætre, Ørsta kommune og også Hjørundfjord sokneråd med Olav Kjell Rekkedal i spissen.  - Dette vart trass alt ein langt meir omfattande reperasjon enn rekna med og sjølvsagt vart kostnadane også langt høgare.  Likevel har alle gjort sitt for at resultatet skal verte svært så godt.

                                    ---------------------------

- Olav Kjell Rekkedal, du er medlem av Hjørundfjord sokeråd og etter det eg forstår ein av dei som skal takkast for det arbeidet som no vert gjort på Hjørundfjord kyrkje. 

- Nei, her er det mange som må dele på æra.  Hugs også på at soknerådsleiar Aanon Aanonsen har vore aktivt med og eg sluttar meg også til det Tore Stokke nemner om Kyrkjeverjen og Ørsta kommune.  Likevel må vi hugse på at ein del arbeid står att, m.a. må sikkert sperrer m.m. skiftast ut på overbygget over inngangspartiet, vindauger må kittast og sjekkast og listverk må reparerast/skiftast.  Vi vert nok ikkje arbeidslause.

- Likevel, Olav Kjell, mykje er gjort.  Eg tenkjer på at kyrkja har gått nytt, flott tak for ikkje mange år sidan, mykje er gjort inne i kyrkja, vi har fått ny prest...  Kan du her og no også love at prestegarden vert renovert slik vi alle vonar?

- Eg er samd i at mykje er gjort og eg trur også at prestegarden vert pussa opp.  OVS - opplysingsvesenets fond v/Jan Erik Løkke har gjeve oss gode tilbakemeldingar om renovering.  Det einaste som står att, slik eg ser det, er at bispekontoret på Molde stadfestar at det også skal bu prest på Sæbø etter at den nytilsette presten sluttar om ca. tre år.  Og ei slik stadfesting trur eg vi vil få.

- Så oppussinga/renoveringa av prestegarden vil truleg starte i 2010?

- I alle høve reknar vi med at planlegginga startar då.