I slike saker må ein trå varsamt, og før dårlege rykter får slå rot i bygda tok vi kontakt med bussentralen i Furene i Volda, for å få bekrefte eller avkrefte kva som står på.

21122009(001)

Busssjåfør Jostein Kvistad ser svært så lukkeleg ut ilag med den nye fargerike partneren sin.

Marknad og rutesjefen - Håkon R. Hagen var den som hadde anledning å svare og vi stilte han spørsmålet om saka. I slike personalsaker presiserte Hagen at han må være forsiktig, men var villige til å svare på enkle spørsmål.

 -Har ho ”Ingvild” svikta Jostein? Eller har Fjord1 skilt dei med makt?

 -Den gule og grøne var mellombels her i Furene for å skifte ut nokre seter, men fekk ikkje stå i fred når "Ingvild" fekk eit snev av svineinfluensa i julestria, og måtte inn på det lokale bilsjukehuset her i Furene.

Ho skal visst nok vere på "betringens veg", og dei to partnarane vil nok feire jul på Sæbø i lag, i år også. – seier Hagen.

 Tilslutt vil Hagen ynskje god jul til alle som nyttar seg tenestene til Fjord1 buss og lover at ”Ingvild” og Jostein vil yte topp service etter same høge kvalitet komande år også.