Folk i Storfjorden fekk sjokk når dei las i Møre nytt at legekontoret på Bjørke skulle legges ned etter nyttår.
Det var litt av ei julegave til Storfjorden.
Var det taktikk frå nokre at dette kom nå til jul nå når folk ikkje hadde tid til å forsvare seg?
Aksjon blir det uansett i jula!
Politikerane viste lite og inkje om dette vedtaket.
Eg trudde at politikerane hadde vedteke å få en lege ansatt på 100 prosent stilling Hjørundfjorden.
Eg trudde og at det var politikerne som styrde kommuna!
Tida som legen bruker på Bjørke burde utvides til full dag,dette på grunn av at den nye legen har fast timebestilling, og mange får ikkje kome til legen den dagen han er på Bjørke.
Nokre ganger kjem han heller ikkje på grunn av at han må på nattevakt i Ørsta.
Dei som set opp nattevaktane veit godt om at legen tirsdagene skal til Bjørke.
Eg såg denne tendensen til å undergrave opningstida til legekontoret på Bjørke.
Utstyr til legekontoret på Bjørke, som data ol, har heller ikkje blitt oppdatert.
Eg såg også her undergarvinga av kontoret.
Det einaste folk frå Kommuna har gjordt på Bjørke, er å knuse klokka som helselaget eig på Bjørkekontoret.(kva tid kjøper kommuna ny klokke?)
Legekontoret på Bjørke er gratis for kommuna, då Tussa held kontor som ei gave til Bjørkefolket.
Kommuna betaler kun vask på Bjørkekontoret.
Nokre synspunkt om Legekontoret på Bjørke:
- Bjørke legekontor skal fortsette, noko anna er ei skam for kommuna.Kva yter vi gjennom Tussa i penger til Ørsta Kommune?!
- Nokre samanligna Hjørundfjorden og Vartdal og dette er endå til folk som er fødd i Hjørundfjoden som har slike meinger.(skulle ikkje tru dei var fødde her)
- Vartdal er ei lita bygd som er landfast uten sjø som skil bygdelaga.(mindre folktal er det og der.)
- Hjørundfjorden og Storfjorden dekker fleire kvadrat kilometer med spredde busettinger lang fjorden.Det går ikkje ann å samanligne desse bygdene.
- Det går ikkje an å skysse folk på båt til Sæbø då det ikkje er teneleg kai på Bjørke for folk med rullator ol. Kva koster ny flytebryggje på Bjørke (300.000)?
- Tida legen er på Bjørke bør heller utvides enn reduseres til null.
- Legen har så mykje å gjere i Hjørundfjorden at vi treng han heile tida.
Takk til Sveinung Berge for rask reaksjon.
Eg ringde sjølv NRK for å syneligjere kva galskap nokre driv med i administrasjonen i Ørsta Kommune.
Aksjon!
Folk i Storfjorden reiser seg til kamp.
Bjørke Grendalag kjem vel på bana?
Folk vil ta med seg Tussa Kraft og flytte til Horningdal Kommune.
Nå i desse juletider.
Tenk på dei gamle og sjuke.
Har vi ikkje nok penger i kommunakassa så hiv heller ut nokre papirflyttera på RÅDHUSET.(dei har vi nok av!)
KVA ER DI MEINING I DENNE GALSKAPEN?
Kommentarar
Ta heller å spark ein av alle dissa "konsulentane" i helse og sosial som går bort på rådhuset der...
Å legge ned Bjørkekontoret er å gå baklengs inni framtida. Tenk på den dagen Kvivsvegen står ferdig! Da tenker eg politikerane ser at dei kanskje burde vurdert annleis. Eg vil tru at når den tid kjeme so vil Bjørke atter blomstre, og folk vil strøyme til bygda og området rundt.
Men takk og være enkelpersonar som Perry, som både torer og vil ta ubehaget med å stå fram, kan ein aksjon snu dette vedtaket ved at politikarane tek styringa.
Det minste vi andre kan gjere er å støtte folket på Bjørke i ein aksjon. Vert dette tiltaket sett ut i livet vert det Sæbø som er neste trekk, når det skal innsparast.
Stå på Perry,du får mi støtte i allefall!
Jau, sier no ej...., men ikj so tidlig kanskje. Hadde venta det når kvivsvegen sto ferdig i alle fall.
I framtida kommer vi på Bjørke til å sokne til legekontoret på Grodås. Men inntil da hadde det vert det beste å beholde Bjørke kontoret.
Kontoret på Bjørke betaler Tussa.så 0 kr å spare her .
Båten går med skulebarn frå Sæbø til Bjørke på Bading 0 kr å spare her.
Det einaste eg finn ut er at dei sparer 10000 kr i vasking.
At dei gjerne vil at doktoren skal jobbe meir i Ørsta skin igjennom så klart.
Det godtar vi så klart ikkje då doktoren er ansatt i Hjørundfjorden.
NY kai koster 300000 tusen så då har noko regna feil i driftsutvalget.
Store utgifter for kommuna blir det å legge ned kontoret.
Det er ikkje kjekt å gå sjuk på Sæbø i fleire timer og vente på at båten går.
Har man time tidlig så må man så klart vente til alle frå Bjørke er ferdig hos legen før man får returnere til Bjørke.
Man må tenke på dei sjuke og gamle slik at dei slepp å gå sjuke og uvel i fleire timer på Sæbø. Alternativet er å køyre dei med drosje heimatt eller ta en ekstra tur med båt.
Dette må så klart det offentelige betale.
Eg trur ikkje alle tenker på dei sjuke i dette driftsutvalget.
Eg har sjølv en sjuk person heime nå og grur meg til det nye året og legebesøka på Sæbø.
Doktorkontoret på Bjørke må forsette å halde ope!!
Ikkje alle kan klatre om bord i båten .
Nokre har nok med å gå frå bilen og inn på Bjørke legekontor.)kva då med iset kai og fjøre sjø)
Mange har gått med rullator og staver til doktorkontoret på Bjørke.
Nå blir det ikkje lett å vere låk i føtene og kome seg til doktor.
På Sæbø må dei hentes på kaia med drosje og køyres til legekontoret.
Man kan ikkje ta sjansen på at folk bryt oppatt hofteskader på isen frå kaia på sæbø til legekontoret.
Har driftsutvalget vurdert slikt!!
Kva seier Nav til 200- 300 tusen i drosjer.