Det var i alle høve det fyrste som streifa meg.

 Ho gamle stebestemor,som kom frå Flatneset, hadde mange uttrykk. Eit av dei var, "eit skammateng". Det brukte ho på folk som utan å føle skam gjorde svært upassande ting.

Tre turar har eg hatt inn til Storfjorden i haust . Det er ikkje vanskeleg å sjå at  det har gått tilbake med både landbruk og folketal. Ikkje skule, ingen butikk.

 Skammatengja kunne venta til Kvivsvegen var ferdig i det minste.

Tur til Viddal 09 013

Tyssefossen glimta til i haust. Men elles jobbar den under jorda dag og natt  for  alle oss i Ørsta, og nærliggjande kommunar.

Tussa har forstått kor mykje Bjørkebygda har ytt til fellesskapet. Som Sveinung Berge sa til Møre Nytt , så held dei gratis doktorkontor i symjehallbygget, som også er gjeve som takk til bygda for rikdommen Tyssefossen har gitt.

Dersom eit slikt vassfall hadde vort utbygd i dag, ja då hadde det vore litt av ei gullgruve for grunneigarane. Noke av den gullgruva auser istaden kommunane på Søre Sunnmøre av.

Tur til Viddal 09 030

Den vesle utbygginga av Bakkedalselva kastar nok mykje meir av seg til grunneigarane  sjølv om Sæssfossen framleis renn fritt.

Tur til Viddal 09 027

Her er eg på besøk i Jørngarden på Viddal. Desse karane har frakta mange liter mjølk frå gardane i Bondalen. Det kan vere bra at dei er vane med å køyre bil. Dei får lang veg til legekontoret i Ørsta. F.v Bernt Viddal og faren Ole. Underteikna til høgre. Foto: Dagny Riise Heggestad.

I haust hadde eg gleda av å vere turist i tyssenaustet. Og eg var dermed ved Tyssevatnet for første gong. Trass i ujamt ver kosa vi oss verre attmed varmeomnen.Tyssenaustet 09 013

Sola braut igjennom då vi gjekk opp den bratte Bjørkeråsa. Lars Petter, Helga,  Unni, og eg som tok bileta.

 

Tyssenaustet 09 024

Det første vi traff på var ein naturfotograf frå Colorado. Han hadde lege der eit par netter i spilljevatn utan å få eit einaste skikkeleg bilete. Jack Brauer heitte han. Og han reiste verda rundt og levde av å selje foto. Her riggar han opp fotoapparatet sitt. Dette var eit nytt apparat av gammal modell med vanleg film.

Tyssenaustet

Det første vi såg då vi kom opptil dammen var Jack som sprang omkring som om han hadde gjort noke gale. Men det var fotografering han han dreiv på med,oppglødd over veret som akkurat hadde letta.Dette fotoet var eit av dei han tok med  eit digitalt kamera då vi lurte på kva mannen dreiv med langt unna oss. Eg knabba det frå sida hans.

 

To netter i Tyssenaustet var både kos og refleksjonar over kva som hadde foregått for over 40 år sidan. Tankane gjekk tilbake til artikkelen som Odd Saure skreiv i fjorårets årsskrift frå Hjørundfjord. Eg las den både ein og to gongar, og trudde knapt kva dei greidde å få til med det dei hadde til rådvelde. Men varmen frå panelomnen varma godt i ryggen på oss turistane, og var bevis godt nok.

Tyssenaustet 09 027

Jack kom fort inn i fellesskapen og fekk sjølvsagt ein smak av krutflaska. Og vi greidde oss godt med vår "gnagarengelsk".Men lenge før det var lyst forsvant han ut med fotoutstyret sitt på veg for å ta soloppgangbilete over Hjørundfjorden. Eg har ikkje funne noke av dei bileta på sida hans.

Tyssenaustet 09 039

Siste natta hadde vi Tyssenaustet for oss sjølve. Men inn til damene fekk hannane ikkje kome.  Hit men ikkje lenger. Kreftene skal brukast på Tyssevatnet neste dag.

 

Tyssenaustet 09 046

Dei fleste tunnellar og hol er ikkje synlege, men her er eit av dei synlege. Frå høgre ser ein det torvtekte nausttaket. Do og reidskapshus, og lengst borte tyssenaustet med 6 køyplassar.

 

Tyssenaustet 09 031

Før klokka var 10 søndag var sørvest og regn tilbake, men båten skulle ut!

Tyssenaustet 09 033

På vår ferd i båten fekk vi sjå korleis råsa er skoten ut i hammaren for å kome seg langs stranda om ein skal mot Honndalsrokken eller Fivelstadhaugen. Flott å sleppe å symje eller gå opp i høgda for å kome forbi.

Tyssenaustet 09 045

Her er Lars Petter i gong med å sprette fangsten frå Tyssevatnet. Fin steikjefisk, raud i kjøtet. Og den smakte for ein "fiskekreist"  som meg også. Heldigvis fekk vi ikkje sild!

Tyssenaustet 09 049

Helga og Unni er på heimveg langs anleggsvegen som delvis har teke til å gro att.

Om helsa held skal vi oppatt. Gjerne i finever.  Og aller helst frå Fivelstadhaugen. Og som medlemmar i turistforeininga skal vi overnatte i Tyssenaustet. Som 60 åringar har vi førsterett til køyplass. Ein slags honnørbilett .

 Ja, ja. Bjørkingane får vel gå føre oss. Dei må som kjent greie seg med veterinær etter nyttår. Det er ikkje det, veterinærane har også  mykje fint i kofferten i eit knipetak. Og Olav Hauso & co kjem nesten på timen. For dyra skal som kjent ha det godt! Då er det verre med folket i utkantane?