Frå Hjørundfjord

 

er ei årbok som kjem ut til julehandelen kvart år . Hjørundfjord sogelag ønskjer med denne å fortelje om Hjørundfjord og hjørundfjordingane, skape interesse for vår felles historie og knyte sterke band mellom folket før og no. Folketalet i gamle Hjørundfjord kommune er no under 1000. På det meste, kring 1900, budde det nær 2000 menneske i Hjørundfjord. Sidan kommunesamanslåinga med Ørsta i 1964 er folketalet nær halvert. Vi ønskjer med Frå Hjørundfjord å nå utflytta 

IMGP6162_1

Jens og Edith Standal dreiv landhandel på
Store Standal

hjørundfjordingar, minne om vår felles historie og skape heimlengt. Meir enn nokon gong treng fjorden attendeflytting og nytilflytting. Løna er eit liv i ein overveldande natur med gode naboar og medmenneske. Hjørundfjord kan vere Videtjørn i sommarsol, utsyn frå Slogen i solnedgang og stille åretak med dorg etter lyren langsmed landet forbi Skåraneset. Ein treng ikkje bilete på veggane, men ramme kring vindauga. Men vi må vise den naudsynte respekt for fjorden i stormrok og fjella med glatte svaberg og snødekte gyl og tindar.

Næringsverksemd har vore eit gjennomgåande tema i dei siste årbøkene, slik også i år, men årboka femner vidare. Eit hovudtema dette året er handel. Hjørundfjordingane har hatt eit eige lag til å stelle med litt handel, hevda Ivar Grøvik i Kultursoga 2. Lensmann Houth klaga i lensmannsmeldinga for åra 1866-1870 at alle vil være løskarle og drive handel. Ni artiklar i Frå Hjørundfjord nr 31 handlar om handel, og vi får ei innsikt i ulike sider ved handelsverksemd i ein avsidesliggande fjord. Skribentar her er Kari Årsnes, Arnfinn Standal, Sverre Måseidvåg, Oddbjørg Tvergrov, Per Urke, Bertha Stokke, Anna Lyshagen, Bertha Saure og Kjell Inge Bjørke. I 1960 var faktisk 14 mann og 7 kvinner sysselsette i handel og forretningsverksemd i Hjørundfjord. Komande år vil dette temaet følgjast opp med nye artiklar.

IMGP6160_1
Jakob E.Øye har skreve
hovudartikkelen i årboka.

Hovudartikkelen er i år Minneoppgåve for eldre ved Jakob E. Øye. Han døydde i februar i 2008 og var ein trufast bidragsytar til Frå Hjørundfjord. Skriftstyret trykkjer i år livsminna etter Jakob E. Øye som han skreiv ferdig i 1995. Vi kjem nær livet og utfordringane på ein heller liten gard i eit lite lokalsamfunn.

      Også anna næringsverksemd har fått sine artiklar dette året. Arne Rønning skriv m.a. om leveveg på Molaupen og  Nils Håndlykken om Urke Fiskeoppdrett.

      Elles er artiklar med stoff som har runde år samt artiklar med fritt valde tema ein del av stofftilfanget også dette året. Underteikna har via eit lite brev gått 200 år attende i tid og kika på Napoleonskrigane og hjørundfjordingane. Bygdebokskrivar Gunnar Ellingsen tek oss, tradisjonen tru, 100 år attende i tid og følgjer livet i bygdene våre den gong.

IMGP6161_1
Forlis under skuleskyss i
1919. av Kjell Rønning

Kjell Rønning fortel omden tragiske skuleskyssen frå Molaupen for 90 år sidan som enda med at fire omkom. Magnus Molaup fortel i eit dikt om denne tragedia han sjølv overlevde. Lars Kristian Norang tek for seg ulukka då Arne Olsen kom bort i Norangsdalfjella. 95-årige Ola Norang har registrert ein merkeleg skikk som var typisk for hjørundfjordgutane før. Med bilete og ord gir han oss ei interessant innføring i bruken av hue. Vi har også trykt opp politivedtektene i Hjørundfjord, slik dei var formulerte for 75 år sidan. Oppsedinga tok ein alvorleg den gong. Også ein artikkel med ”likt og ulikt” frå kommunestyret og folkelivet elles for 50 år sidan er med.

      Mange hjørundfjordingar skaffa seg  inntekt på fiskeri og fangst i fjerne farvatn. Bjarne Riise fortel til dagboka si frå ein linetur til Grønland. Rolf Pedersen skriv stykket ”Frå portierar til julegardiner”, og forfattaren av Bondalssongen, Laura Frøland,  har med diktet ”Slik det eingong var”.

     Avslutningsvis tek Rune Sæbønes, slik praksis har vore dei siste åra, oss med på ein årsrevy om Hjørundfjord.

     Til Hjørundfjorddagane 2009 var Bertha Saure ferdig med boka ”Minne frå heimbygda mi” som fortel om John Mork- ei uvanleg eldsjel med omfattande engasjement for nybrotsarbeid i Hjørundfjord. Dette er ei bok skriftstyret absolutt vil anbefale på det beste. Elles har vi langt på veg peikt ut retninga for neste årbok. Vi har framleis fleire forretningar å skrive om, og også anna næringsverksemd som ikkje har kome med.  

     Vi vil atter ein gong takke alle som gjer dette årsskriftet mogleg. Skriftstyret møter mykje medspel og velvilje. Gamle og nye artikkelskribentar stiller opp. Bilete vert leitte fram og teksta. Naudsynte detaljar og fakta finn ein ut av i fellesskap. No kjem turen til dei som sel årboka i ein dør-til-dør aksjon. Vi takkar desse for innsatsen – og ikkje minst kjøparane av årboka, for utan dei kan ein ikkje realisere desse utgivingane.

 

For skriftstyret

Jarle Walseth, redaktør

 

Redaktøren av årsskiftet, Jarle Walseth, seier til hjorundfjord.no at han gjerne tek på seg oppgåva med å sende årsskriftet land og strand rundt.Ta kontakt og ting boka på e-post:  jarle.walseth@tussa.com  Eller telefon 70040131.


Prisen er Kr. 200,- og kr. 250,- inkl. frakt om du vil ha årsskriftet tilsendt.