Årets to Bondalingar

Årets to Bondalingar vart Ann Helene Urkegjerde og Ingvild Åmbakk. Styret hadde forslag på mange kandidatar, men desse to merkte seg ut blant andre gode kandidatar og vart velfortjente vinnarar av denne gjeve tittelen for sitt arbeid som skaper trivsel i bygda.

 

For BFU delte Åse-Lill Leknes prisen til dei to prisvinnarane med denne begrunnelsen frå styret i ungdomslaget:

Årets Bondaling

Det har i mange år vore ein tradisjon å dele ut ein pris til ein eller fleire som har stått på og gjort ein innsats for folket som bur her i Hjørundfjord. Dei har brukt mykje av fritida si på å engasjere seg sjølv og andre, i noko som skaper trivsel blant folket.

I år som i fjor, har folket her i dalen vore flinke å sendt oss forslag på kven dei ønsker som Årets Bondaling. Ut i frå dette har vi i ungdomslaget valt ut, ikkje berre ein, men to, som vi meiner har fortent å få denne tittelen.

Desse to har teke initiativ, og lagt ned mykje arbeid for å stelle i stand noko, ikkje berre for sin egen del, men for mange andre her i dalen. Kvar onsdag stiller dei og lager mat, slik at alle andre kan kome saman til sosialt samvær og utveksling av handarbeidsidear. Å for å ikkje gløyme, alle loppemarknadane som dei har stått ansvarlig for. Eg snakker sjølvsagt om damene bak strikkekaféen.

Årets Bondalingar er Ann Helene Urkegjerde og Ingvild Åmbakk…