Etter ein særs våt september-månad, skein det endeleg av i oktober, med mykje flott skisnø i høgfjellet. November forvandla puddersnøen til skaresnø etter mildver med påfølgjande blågrader. Av slikt blir det ideelle tilhøve for stegjarn- og isøks-turar, gjerne toppa med pinakkel-klatring.

Vi starta frå Kvistadsetra kl. 9, i tindrande sol og eit par-tre minusgrader. Anmarsjen opp til Skårtindane er på dryge 900 bratte høgdemeter. Men med stegjarn på skaresnø gjekk det greitt på eit par timar. Etter ei kjapp rekognisering i skaret, eit par brødblingsar og racking av utstyr, var vi klare for sjølve klatringa. Det var tørt og reint fjell på ruta, med unntak av nokre snøflekkar og litt is. Vi satsa på fribestigning med vanlege fjellsko og hanskar. Det gjekk greitt heilt til cruxet, der vi måtte av med hanskane. Etter 30 meter med fin femmar-klatring, stod vi på toppen av denne flotte tindenåla kl. 12. Deretter tok vi ein kjapp og grei rappell nedatt i skaret med påfølgjande stegjarnsretur ned til Kvistadsetra. 

 

Her er Skårkongen sett frå toppen av nabo-tindenåla Jeksla. Klatreruta går frå skaret og opp det markerte diederet om lag midt på pinakkelen.

Foto: Fred I. Somby

C3B

Biletet syner Stig Helset på toppvarden av Skårkongen. Her er det mykje luft i alle retningar - og særleg ned mot Hjørundfjorden.

C11