Vi har alt vi treng

Rundt om i bygdene treng vi ikkje gatenamn og husnummer. Vi har alt det vi treng: Vi har gardar og parsellar med gode namn. Namna ber tradisjonar i seg. Det er like viktig å ha ei adresse om ein bur på bygda eller i tettbygde strøk. Det er ikkje berre for Posten vi treng å synleggjerast.

På Urke har det siste året dukka opp ein del namneskilt som markerer både gardsnamn og eigedomsnamn. Dette har vorte positivt omtala av folk utanfrå og nokre har spurt om det er slik namnet skal skrivast. Det ser ut til at ein vel å bruke namna slik det er brukte i ”Gard og ætt” (Hjørundfjordboka 3-5).

Nokre eksempel

Skilt Ivagarden Skilt Ramogarden
Ivagarden var først ute med namneskilt. Skal tru om det ikkje skulle vere to m-ar? Gardssoga seier at ein er rett.

 

Praktisk og tradisjon

I mange land ser ein at husa i landsbyane er nummererte gatenamn, t.d. hus 47, hus nr. 149. Dette synest vi kanskje er rart og upersonleg, men det er ikkje den store skilnaden om adressa er Lyngåsen 47, 6100 Volda. Det er i alle fall praktisk å ha eit namn eller nummer der ein bur. Det var i bygdmiljøa ein var først ute og hadde tradisjon for lokale namn.

Jac Skylstad skriv i heftet ”Norangdal og Urke (1982):

”I Norangdalen var det namn på kvar den flekk og kvar den ting, ei uhorveleg mengde namn, like godt på ein åkerreit som ei glenne i skogen, ei flå eller ufs i fjellet, på steinar og haugar, på grøver og veiter, dælder og rabbar, deplar og dike. Vart eit namn nemnt so visste alle med det same kvar det var og ingen tok imiss.”

Vi må gjere oss synlege og stolte

Eg har tidlegare uttrykt at vi har behov for å vere synleg same kvar vi bur. Det skal vere råd å finne fram, vi har ingen grunn til å gjere oss usynlege.

Det var på Vartdal-området eg først merka at fleire hadde sett opp skilt med gardsnamna.  Det vitnar om å vere stolt over å  bu på og eige garden. Etter ei oppmoding i fjor, har fleire på Urke sett opp skilt på husa.  På denne måten tek ein vare på gardsnamna og plassenamn som gjerne har røter fleire hundre år i fortida. Namna på tomtene som er kjøpte seinare, har namn som er talande for kva dei første eigarane ønskte som namn.

Andre eksempel på skilt

Skilt Solhaug Skilt Ivastabburet
Skilt Siloplassen Skilt Johanlødå

Heimlaga skilt

På Urke vurderte Grendalaget om ein skulle gjere ei fellesbestilling frå ein skiltprodusent, men fann raskt ut at ein ville tilrå ei lokal løysing. Ein lokal kunstnar fekk i oppdrag å kome med forslag til skilt.

Desse skilta er rimelege, laga i impregnert 4-6 toms breidde, 22-32 mm tjukn. Teksta er måla rett på treverket med ein slitestrek målingstype. Kvar enkelt vel om overflata skal vere lakka. Det er viktig å bruke rustfri skruar og ei avstandsskive mellom veggen og skiltet til lufting.

Kjøpte skilt

Ein kan sjølvsagt velje andre skiltutgåver. Dei velkjende, eksklusive emaljerte gateskilta får ein kjøpt på nettet direkte frå ein tysk produsent. Ein vel sjølv tekst, botnfarge, skilt- og skrifttyper.

Samdegarden2

 http://www.buddelbini.de/strassenschilder-sonderanfertigungen/

Desse skilta kostar  55 Euro ( 8 cm høgt, ca. 45 breidt), 85 Euro (15 cm høgt, 70 cm breidt), medrekna porto.  Det kan sikkert finnast andre leverandørar og utgåver om ein leitar.

Kanskje ein julegåveide?

Eg vil oppmode huseigarane i bygdene våre om å markere nemnet på eigedommen med eit presentabelt skilt.  Det er med å halde vedlike dei tradisjonelle gardsnamna, dessutan vert dei andre eigedomsnamna betre  kjende. Det er mange som har tilknytning til bygdene som er usikre på desse lokale namna etter kvart – namn som ikkje må få gå i gløymeboka. Det er betre å kunne seie at ein bur på Solhaug enn å måtte forklare at huset er det andre huset nord om brua.