Skredkonferansen i Ørsta startar i dag.  Du får med deg programmet ved å klikke her. Det som skal vere utandørs skjer på Eitrefjellet i dag - fredag, laurdag og søndag held skredkonferansen til innandørs, seier Jarle S. Bjørdal til hjorundfjord.no.  Sjå elles programmet.  Ta kontakt med Jarle Bjørdal på denne e-postadressa og meld deg på: jarle.bjordal@adsl.no  Du kan enno få med deg det meste.

Elles minner Jarle også om Oddgeir Bruaset og Astor Furset sine foredrag om livet på utsette gardar i tidlegare tider.  I ein e-post skriv Jarle S Bjørdal dette:

Det er Oddgeir Bruaset og Astor Furset som skal halde foredrag om livet på utsette gardar i tidlegare tider. Oddgeir Bruaset vil fortelle om korleis det var å bu på gardane i Storfjorden og kva dei måtte gjere for å verne seg mot snø- og steinskred i det daglege. Astor Furset vil fortelle meir om dei store skredulykkene som har vore på Nordvestlandet.
 
Dette skal foregå i Skårasalen på Hotell Ivar Åsen og det kostar kr 50 å kome inn. Tid: Fredag kveld kl 20-21.

Jarle understrekar at alle er hjarteleg velkomne.