Grunna store innskrenkingar av opningstida på filialane flyttar Sæbø filial til skulen. Dette gir skulen høve til å bruke bøkene når dei måtte ønskje.

Det er meiningslaust å ha innelåste bøker heile veka så å seie, berre to opningstimar. Kombinasjonsbibliotek er det einaste fornuftige på små stader. Ein kan då  samordne bokkjøpet og få ei betre utnytting av bokstammen.

Bokutvalet kan ikkje verte  så stort som tidlegare når det gjeld vaksenlitteratur. Vi satsar på bestseljarar, men alle skal få den bok dei ønskjer. Vi oppmodar lånarane til å setje seg på venteliste, så får dei beskjed når boka er klar for dei.Viser også til heimesida vår der ein kan søkje etter bøker, reservere og fornye sjølve. Vi strekkjer oss langt for at alle skal få sine bokønskje oppfylde . Gå inn på  www.folkebiblioteket.no

Vi håper lånarane på Sæbø har forståing for flyttinga. Lokalet er sjølvsagt ikkje det beste, men vi synes det er eit avgjerande argument at bøkene er tilgjengelege for skulen og den oppveksand slekt i Hjørundfjorden.
Opningstida er no kvar tysdag: 12-14. Den vert vurdert endra.

Skuleleiinga på Sæbø skule har vore svært positive til biblioteket.

Vi ønskjer gamle og nye lånarar velkomne og håper hjørundfjordingane bruker filialen sin.!