Etter ein treg og litt tung start på handballsesongen, vart det endeleg eit velfortjent poeng til handballjentene etter nokre utruleg spennande sisteminutt i Kristiansund!

Denne helga var det tur til Molde og Kristiansund der motstandar var Træff laurdag og Kristiansund søndag.

Laurdagens kamp mot Træff starta godt og etter ein god første omgang låg vi under med 16-21 og dersom vi hadde tetta bedre bak og hatt stang inn og ikkje ut, hadde resultatet vore iallefall omvendt og litt til trur eg...

Andre omgang starta dårleg med 5 lettvinte og raske mål til Træff og dermed var vi bakpå. Etter dette greidde vi aldri å kome tilbake og sluttresultatet vart 25- 41.

Med på kampen: Malene Aambakk 4 mål og 5 straffer, Ingrid Aam 4, Anette Mork 3, Else Marie Stokke 3, Kathrine Brekke 2, Torill Haugen Øye 2, Karen Ose Lid 1, Synnøve Eikås 1, Helene Andreassen, Sara Konstanse Årseth, Hanne Stokke og målvakt Elisabeth Skogen med 20 redningar.

Træff har skåra 260 mål og ligg på 4. plass på tabellen mot Sæbø/Åmdal sine 268 og sisteplass. Forskjellen er forsvaret der Træff har sluppe inn 215 mot Sæbø/Åmdal sine 413...
Berre Elnesvågen, Meldal og Utleira 2 har skåra fleire mål enn oss!!


Sæbø buss

Sidan vi skulle spele kamp i Kristiansund søndag, ovarnatta vi på Molde. Vi leigde 3 sjøhus og hadde ein sosial og kjekk laurdagskveld og ein triveleg søndag føremiddag!

Teo 1

Teo nyt utsikta over Moldefjorden. Han er allereie ein bereist herremann sjølv om han berre er fire-fem månadar!

DSC_0938

Oppe! Skal tru kven som eig dette romet??


sjøhus 1

Neste morgen var det frukost på hyttene. F.v. Synnøve, Malene, Marthe, Karen, Kathrine og Else Marie.


Synnøve

Alle tek ansvar for kvarandre, Synnøve f.eks. sørger for at alle som vil ha får agurk.


Ann-Elin

Ann-Elin stod for levering mellom hyttene, her er det sylte og kaviar ho leverar.
(Ps. det er enklare å gå rundt, berre eit tips til neste gang..).


Stine

Etter frukosten viste Stine film frå kampen, nyttig og lærerikt!



niste

Neste trinn er å smøre niste, Stine sørgar for nyvarma bagettar og alle betalar ein eigenandel der vi sørgar for , hus, mat og drikke heile helga.

Å kunne reise slik er både kjekt og sosialt, Sæbø IL gir oss ei unik mulegheit til dette med å ha eigen buss!!


Så var vi klare for å møte Kristiansund, trua var god om at dette kunne gå bra. Etter å ha sett kvar feila er håpar vi å kunne rette opp litt der..

kristiansund1

Vi stiller i  Åmdal-fargar. Malene i kamp om ballen.

Første omgong var elendig. Jentene var stressa og presset var stort. Kristiansund leia med fem mål midt i omgangen og det vart mange feilvurderingar og "lausskot". Pauseresultatet var 13-16 men slett ikkje håplaust dersom jentene greier å konsentrere seg i andre omgang..

Mot Kristiansund 2

Malene er sikker og sette 8 straffer i nettet i helga!


mot Kristiansund 5

Etter 10 minutt ut i andre omgong vart det fart på jentene, då låg dei under med 6 mål og det såg ei lita stund svart ut..
Ingrid, Helene og Else Marie


mot Kristiansund 3

Anette og Else Marie. (Det vart mål!).

No vart det ei god periode der spesielt Malene og Else Marie samspelte godt og
Anette var god på strek. Ingrid var eit uromoment for Kristiansund og Torill var også på plass og var rask slik som vi veit ho kan! Dette gav uttelling og opphentinga var igang!

 

mot Kristiansund 7

Anette stod støtt i forsvar og var god i angrep. Her skårar hositt sjette mål!


mot Kristiansund 6

Time oute rett før kampslutt, spenninga er stor!


Etter kvart såg vi at dette gikk rett vei og spenninga var på topp. Etter ein god laginnsats i andre omgong kunne vi juble over uavgjordt 31-31 og første poeng. Vi har no stor tru på at etter juleferien dersom alle er friske og skadefri så skal dette gå vår vei. Målet er framlei ståplass i 3. divisjon!

Desse var med mot Kristiansund: Malene Aambakk 10 (+ 3 straffe), Else Marie Stokke 7, Anette Mork 6, Torill Haugen Øye, 3, Sara Konstanse Årseth 1, Helene Andreassen 1, Ingrid Aam, Kathrine Brekke, Synnøve Eikås, Hanne Stokke, Karen Ose Lid og målvakt Elisabeth Skogen med 27 fine redningar.

Vassendgutane underheldt oss både til og frå Kristiansund, kanskje er det det som er oppskrifta?

Dessutan, no som det er så fint ver, er det nokon som hugsa at det har regna i haust????

heimtur1

Kjekke jenter, kjekke og flinke tenarar og Martin som alltid er positiv og blid, det er kjekt å vere med denne gjengen på tur!

F.v. Heidi, Martin, Stine, Malene, Helene, Kathrine, Karen, Elisabeth og Anette.

heimtur 2

Karen, Elisabeth, Sara, Torill, Ingrid og Anette. Roger bak...

heimtur 3

Else Marie og Hanne