Men det er ikkje lett å være ung handballspelar når reglane endrar seg frå år til år og nokre gonger frå kamp til kamp!
Helse før kampen og takke etter kampen.
Tidlegare skulle alle spelarane ha vore borti ballen før ein kunne skyte på mål.
Den regelen gjeld ikkje lenger, men ein av dommarane praktiserte det visst likevel...
Jentene sin innbytarbenk. Målet er at alle skal få like mykje speletid.
Kjempeflinke til å heie på seg sjølve og gutane. Spelarane på bana tok også del i heiaropa! Sæbø, Sæbø!
Ei noko utradisjonell tribune, men gutane hadde nok godt oversyn.
Til tider roleg spel, men
jentene har kraft i skota!
Vi vann!
Børs er ikkje berre for gamlekarane på Sæbø...
Oppvarming må til.
Mange foreldre og sysken er med for å heie på Sæbø-laga.
Her er dei strategisk plassert like nedafor kiosken, der sportsklubben Rollon selde kaffi og kaker;)
Kampen er i gong og gutane spelte godt.
Nydelig keeperarbeid!
Nytt av året er at kvart lag berre har 4 spelarar på bana og at keeper også er utespelar. Han må berre passe på at han kjem seg tilbake så snart motstandaren angrip. Men motspelarane har ikkje lov til å "rushe". Dei må pent vente med angrep til det andre laget er noko lunde klar. Såleis kan keeper både hindre mål frå motstandaren og vere toppscorar på eige lag. Hensikta er at det skal skapast rom for meir spel på bana (?).
Jentene sin trenar, Wenche Strand, held i live ein god tradisjon.
S-Æ-B-Ø SÆÆBØØØØ!
Medalje til alle spelarane etter siste kampen.
Ein kjekk og sosial dag for handballspelarar, foreldre og sysken!
Takk for turen og takk til dei flinke trenarane Wenche Strand og Åse-Lill Leknes:)
Kommentarar
Likte godt karane på børs...
Ynskjer lykke til med sesongen vidare!