Det er ikkje alltid så lett å finne parkeringsplass på slike arrangement. Men i dag var ÅFK ein heilt annan stad, så nokre av oss parkerte utanfor Color Line Stadion, på plassane reservert dommarar frå NFF...

G7

Flott innsats frå G7 (raude drakter).

To jenter og fem gutar spelte tre kampar. Og etter kampen reiste nokre av dei rett i varmtvassbassenget i Volda:) Det gjer godt for slitne musklar. 

G7 Flatnes

Full konsentrasjon framfor mål.

Kampane var slik oppsett at vi fekk heie på kvarandre sine kampar. Det er kjekt!

G9

Sæbø G9 spelte "heimekamp" mot Aksla og måtte iføre seg gule vestar i første kampen. Ikkje alltid så kjekt, men når vi har lik farge på draktene må vi berre gjere det slik.

Dommaren spurte om dei spelte på grus, eller gras til vanleg. "Vi speler både på grus og på gras og så speler vi på kunstgras i ballbingen" var svaret. 

Vi får det då til på "Bonelandet" og!

Langevåg G9 (?)

Den andre kampen G9 skulle spele var mot Langevåg. Men dei kom aldri...

Hadde dei tatt turen bort på Color Line Stadion for å sjå cupfinalen på storskjerm, skal tru?

Men ein sporty arrangør visste råd. Dei tromma i hop 3-4 ungdomar som spelte kamp mot 8 gutar som nådde dei til litt over livet. Og det vart ein riktig kjekk kamp!

Ungdomane fekk til tider hard medfart. Ein hard ball i magen på den eine og ein annan låg plutseleg rett ut etter å ha snubla i små bein. 

Men Sæbø G9 scora mål på straffespark og var svært så fornøgde! 

G9 Sæbø - Hødd

G7 og G9 skulle spele tre kampar kvar, men arrangøren spurte om G9 kunne tenkje seg å spele ein ekstra kamp mot Hødd.

På grunn av svineinfluensa, og sikkert like mykje av frykt for å få sjukdomen, hadde heile 60 lag meldt avbod til turneringa! Då er det ikkje lett å vere arrangør, men Sæbø stilte opp. Det er ikkje kjekt å kome på cup og ikkje få spele kampar.

G9 Sæbø - Haddal

Siste kampen mot Haddal var ganske tung for G9, mange baklengsmål og tre kampar på rad, men dei sette opp farta mot slutten av kampen.

Utafor Color Line Stadion skimta vi storskjermen som viste cupfinalen i Oslo.

Over høgtalaranlegget i Sunnmørshallen vart vi orientert om at Molde hadde scora mål og på veg heim høyrde vi frå radioen i bilen kor spennande kampen vart. Vi rakk akkurat heim og fekk sjå straffekonkurransen på fjernsyn. Heia Sæbø og heia ÅFK!