Tussa har bygt kraftverk på Urke og Trandal og det er planar om fleire kraftverk i Hjørundfjorden. Men det er til lita nytte å bygge kraftverk visst ikkje ein får straumen ut frå kraftverka til forbrukarane,- seier Adm.dir i  Tussa Nett AS Rune Kiperberg.

Tussa har planlagt at ei ny 132kV (kilovolt) kraftlinje frå Urke til Rekkedal, på sørsida av Bondalen. I midten av førre veke fekk grunneigarane i Bondalen invitasjon til å møte for å få den fyrste orienteringa om linjetraséen før Formannskapet som planmynde fekk same orienteringa på torsdag.

Adm.direktør Rune Kiperberg og nettsjef Arve Hovdenak møtte over 20 grunneigarar på Sagafjord hotell på Sæbø og karane frå Tussa var nok spente på kva stemning som rådde blant grunneigarane etter at dei hadde sent ut linjeplanane.

Noko direkte motstand har ikkje kome fram før møtet, sjølv om det er snakk om ei lokal ”monsterlinje”.  Det er her snakk om same type linje som går over Standaleidet  i dag, og ned i gjennom Follestaddalen. Planen er at bondalslinja skal ha tremaster og ikkje stålmaster som på standallinja. Linjenettet er i dag 60 år og den eksisterende  22kV  linja som går frå Bondalseidet til Skylstad er overbelasta og klar for avlastning og fornying.

Kart forslag trase red

Den nye 132kV linja frå Rekkedal til Hustad er innteikna med blått strek på sørsida av Bondalen. Grunneigarane protesterar på at dette vil øydelegge areala på bøane, og den kjem altfor nær bebyggelsen. Linja må 100 m høgre opp i dalsida.

Konsesjon
Ei 132kV linje må søkjast særskilt konsesjon på, for å få bygge og å drive. Det eksisterende nettet er det éin konsesjon for alle linjene, orienterte Hovdenak. Den planlagde luftlinja skal  koplast til ei av 66kV leidningane som går mellom Bjørke og Haugen.

Ny leidning vil i starten verte driven med 66kV spenning og tilkoplingspunktet verte i området Rekkedal, ved inngongen av Rognestøyldalen. Full spenning vil fyrst verte sett på når Rognestøylslinja vert utskift om ein del år, her vart antyda om 10-15 år. Dette linjenettet er frå 1960.

Endepunktet på luftleidningane ved Sæbø vil være på Hustad. Tussa Nett As søkjer samstundes om konsesjon for bygging og drift av ny transformatorstasjon på Hustad og lengda på den nye kraftlinja vil verte 9 km. Frå Hustad vil det gå kablar til Urke og Trandal og dette vil medføre at luftspennet mellom Hustadneset og Lekneset vil verte demontert, og delar av linjenettet på Norangsfjordsida. Trafostasjonen på Hustad er planlagt til ei bygning på17x10m +5m tilbygg, -orienterte nettsjefen.

 -Ved å bygge denne linja kan den eksisterende 22kV linja som går i Bondalen i dag reduserast og ved fornying skal vi bestrebe oss i å legge så mykje vi kan av linja i kabel. Det er både ny teknologi og billigare å legge kabel etter kvart, og det er fordelar både for folk som bur ved linja og vi som skal drifte linja. Eit slikt linjenett som vi no planlegg vil gjere Hjørundfjord-område svært robust og vi står då klar til å ta imot lokal kraft, og ikkje minst vil vi i ein kvar situasjon kunne få fram straum, slik vi er pålagde etter konsesjonskrava,  då vi også har kabel mellom Trandal og Standal- seier Kiperberg

Plassering av linja.
Sjølv om dei frammøtte var komne til eit møte for å få informasjon var det ikkje utan spørsmål og meiningar. Dei to frå Tussa var mottakeleg for alle meiningar og gjorde det heilt klart at forslaget om trasé ikkje på nokon måte var endeleg, men eit forslag for å kome i gong.

Skisse av stolpemastre

Linja vert bygt med tremaster med ein avstand ca.150 meter. Dette vil variere kvar ein finn høveleg plassar. I dalsida er det mange plassar som er fonnfare.

-Ei felles røyst frå møte var at linja må lenger opp i dalsida slik at ikkje bøane og bebyggelsen vert ramma.

Kvifor har de ikkje teikna inn linja høgre med ein gong Kiperberg?

-Tussa Nett As var i utgongspunktet innstilt på å få linja så langt oppi dalsida som råd og hadde teikna det inn i sitt forslag. Etter kvart som landskapsarkitekt og NGI hadde uttalt seg, den siste om rasfare, vart linjetraséen teikna inn lenger nede, på ca. 130 m/o.h. For landskapet sin del vil linja verte meir usynleg når ein får granskog i bakgrunnen, men vi har ikkje problem med å ta signala frå møte om at linja må 100 meter lenger opp, og derfor er det viktig med slike tidlege høyringar, for forslaget kan endrast

Så snart som Tussa har sent søknaden, er sakshandsaminga utan for våre mynde og då tek NVE over. Då vil NVE kalle inn til folkemøte så alle får informasjon og uttalerett. Vår oppgåve er no å prøve å gjere eit godt forarbeid i lag med grunneigarane og dermed kan vi legge føringa på linjetraséen.- Seier Kiperberg.

Eit spørsmål som også kom fram er om det er vurdet og teikna inn linja på nordsida av dalen, for dagens linje ligg på sørsida av elva og fleire meinte det er nok. Det vart hevda at lengda på kabel og luftlinje vil ikkje ha vesentleg betydning.

 -Har Tussa vurdert dette forslaget?

 -Nei vi har tenkt sørsida og det er mest naturleg sidan linja skal gå mot Rekkedal og Hustadvika. Men dette kan vi diskutere med våre fagfolk, men vi reknar med at dette med å krysse dalen vil skape debatt, då landskapsbilde vil verte uryddigt, -seier Kiperberg.

IMG_0135_1 IMG_0137_1

Grunneigarane delte seg i tre grupper ved kvar sine kart og Kiperberg og Hovdenak gjorde sitt beste for å ta imot ynskja.

Bandlegging av arelet- ei 30m. brei gate.
Mange på møte ville vite kva som låg i  at ei gate på 30meter i terrenget vart bandlagt til bruken og korleis ville bygginga skje.

Hovdenak  kunne orientere om at under linja måtte det ryddast skog, men juletre planting og driftsvegar var ikkje noko problem, men vinsjing med vaiar vart ikkje mogleg. For å bruke vinsj når ein skal ta ut skog, så må det gjerast ved tidar då linja kan avstengast, og får vi tid på oss er dette mogleg. Ellers så var Tussa interessert i å gjere avtalar om bruk av skogsvegar til både bygging og vedlikehald. Skogen vart erstatta etter skjøn, i kvart enkel tilfelle.

Grunneigarane har fått ei ”Erklæring” som skal skrivast under:
Kan ikkje dette virke provoserande på grunneigarane at dei skal skrive under eit papir innan 10.desember på at dei er enige og dermed føle seg forplikta til å godta det som utbyggar ber om, elles vert det oreining, Kiperberg?

 -Jau, dette er viktig å få orienter om og her er noko av det som gjer at vi prioriterer fyrst og fremst å møte grunneigarane. Ei slik erklæring skal ligge ved konsesjonssøknaden og det betyr ikkje at ein er forplikta seg til noko anna enn at ein er positive til forhandlingar.

Eit godt samarbeid med grunneigarane er svært viktig og forenklar alt ved bygging og bruk av linja og her er vi villige til å strekke oss langt. I motsett fall vil kostnadane gå til å betale ein dyr skjønsrett. Ved eit frivillig skjøn kan grunneigarane dra nytte sjølve av desse kostnadane og alt vert mykje kjekkare for båe partar. Erfaringar frå andre stadar har vist at dei fleste saker endar opp i frivillige skjøn der ein vert einige om bruksrettar og erstatningar, seier Kiperberg.

 Etter at skikkeleg kart vart framlagt og alle fekk gå igjennom sine ynskjer om linjetraséen, så vart det lova av Tussa at dei skulle kome tilbake med eit nytt forslag, før konsesjonssøknaden vert sent.

 

(Alle bilda kan klikkast på for stor størelse)