TILBAKE TIL LILLEHAMMER.

Nyvald komite for 2009 og 2010 Kenneth Nydahl og Kjetil Leknes hadde altså valgt Lillehammer som årets turmål. Lokasjonen var nøyaktig den same som i 2001; overnatting på Birkebeineren Hotell/Apartments og internkamp på fotballbana utanfor Håkons Hall.

Gjensynsgleda er alltid stor på fredags ettermiddag når gjengen vert samla og mange skjeggete klemmar må utvekslast. Men det går ikkje lang tid før temperaturen stig når det er klart for kveldens høgdepunkt; trekking av lag til internkampen.  Administrator Slinning hadde også i år seeda veteranane etter beste evne og dei  19 veteranane som etter ein medisinsk test vart klarerte som speledyktige vart fordelt i 4 bollar. Audun Lyshagen, Odd-Rune Walseth og Jens-Arve Forbord kom ikkje gjennom nålauget og vart sporenstreks degradert til dommartrio.

 

DSCN2638

Frank Urkegjerde og Bård Forbord. Trur du me kjem på lag i år Bård ?

 

Når 22 mann med forskjellige synspunkt er samla går trekninga naturleg nok ikkje heilt roleg for seg…nokre er uenige i seedingnivå dei er plasserte på, andre vil helst være på lag, nokre vil være kaptein medan andre helst vil ha dei kvite draktene. Ikkje lett for komiteformann Kenneth Nydahl å halde ro i rekkene under slike forhold. Førstereisgutt Normann Dimmen som normalt brukar å kome til ordet følte han ikkje slapp til med sine synspunkt i det heile under trekninga...  me kan vel oppsummere fredagstrekninga med eit lite utdrag frå veteranprotokollen:

Kl. 22:02 Tilløp til uro i lokalet

Kl. 22:04 Jens tek kontrollen

Kl. 22:05 Kaos råder !

Men me kom uansett i mål med trekninga og etter at både kvitt og gult lag var ferdigtrekt vart det igjen harmoni i veterangruppa, sjølv om det likevel kom kommentarar på at gult lag såg usedvanleg sterkt ut. Etter dette satte me alle eit positivt preg på Lillehammernatta.

 

IMG_0600

Gjensynsgleda er stor når veteranane møtest fredag kveld. F.v Asbjørn Langø, Alf Ole Aarseth og Audun Lyshagen

 

KLATRELØYPE.

På laurdagen har me alltid ein aktivitet ved sidan av internkampen. Komiteen hadde i år arrangert ein tur til Hunderfossen og ei klatreløype som skulle gi veteranane både fysisk og mental utfordring. Me vart frakta i 2 maxitaxiar etter frukosten, og då veteranane fekk sjå løypa med ca 15 meters høgde frå bakken på dei mest utfordrande strekka måtte fleire kaste inn handkledet…Enten vart ryggen plutseleg litt i ulage, høgdeskrekksyndromet kom for fullt, eller den store skjelven tok rett og slett litt overhand. Veteranar som kvelden før hadde gått klar den medisinske testen med god margin, var no med eitt i ei litt skralare forfatning. Pussig det der.

Men over halvparten av veteranane stilte fryktlaust opp, klare for å bryte eventuelle mentale barrierer. T.d tok superveteran Svein Jon Holen utfordringa på strak arm, og var blant dei veteranane som laga mest show under klatreseansen. Uansett var det moro for både dei som var i lufta og oss andre som var mentale støtter med beina godt planta på bakken. Bileta fortel i seg sjølv korleis dette gjekk føre seg.

 

IMG_0655

Instruktøren passa på at me fekk skikkeleg klatreutstyr og instruksjon

 

DSCN2679

Ein lydhør gjeng med veteranar suger til seg informasjon og tryggleikstiltak..

 

DSCN2680

Lettare skeptiske veteranar før klatring, f.v Henning Nydahl, Rolf-Egil Riise, Knut Inge Haugen, Kjetil Leknes, Frank Urkegjerde, Sverre Børge Hjorthaug, Bjørn Ove Strand. Berre Svein Jon Holen heilt til høgre er roleg som skjæra på tunet.

 

IMG_0663

Javel, då e me klare !

 

IMG_0658

Dette vert morosamt. F.v Kjell-Johan Aarseth, Bjørn Ove Strand og Henning Nydahl ser fram til litt utfalding i klatreløypa.

 

IMG_0667

Vidar Holen er fokusert i starten av løypa.

 

DSCN2690

Kenneth Nydahl med "tunga rett i munnen"!

 

IMG_0674

Rolf Egil Riise og Sverre Børge Hjorthaug får stokka beina. Her krevast det rytme, balanse og koordinasjon mot ein perfekt blå bakgrunn.

 

DSCN2687

Svein Jon Holen tok fryktlaust imot alle utfordingar, men treng her ei hjelpande hand for å kome på trygg grunn.

 

IMG_0660

Klatregjengen. Bak f.v Kjetil Leknes, Rolfen Riise, Knut Inge Haugen, Sverre Børge Hjorthaug, Svein Jon Holen, Arve Johannessen, Kjellis Aarseth, Fremst f.v Kenneth Nydahl, Henning Nydahl, Frank Urkegjerde, Bjørn Ove Strand, Vidar Holen.

 

INTERNKAMPEN.

Åstad for internkampen var som i 2001 på bana rett utanfor Håkons Hall, som ligg rett ved Birkebeineren Hotell. I 2001 var dette grusbane, no var dette forvandla til eit perfekt kunstgrasdekke. Kampen går alltid over 3x20 minutt av ein eller annan grunn, tradisjon er viktig, slik også i år.

Litt murring fredagen om feige lag synte seg for fullt i løpet av kampen. Det gule laget var fullstendig overlegne og vann heile 17-3 !  Kampen vert i stor grad avgjort i 2 omgang når det gule laget set opp tempoet. Alle mål i denne omgangen kjem etter klikklakk, entouch og smarte bevegelsar. Gult cruisar vidare i 3 omgang og det kvite laget går fullstendig i oppløysing. Då kjem det etterkvart mange lettvinte mål, derav heile 11-2 i siste omgang.  På kvitt lag er det kun Lasse og Kjellis som klarer å henge med i tempoet + Kenneth skal få kredit for 2 mål. Lasse spelar svært godt heile kampen sjølv om laget ikkje fungerer. Alle på gult står fram og leverer ein god kamp. Bjørn Ove Strand og Normann Dimmen som er på veterantur for første gong er begge i scoringshumør og puttar 6 mål kvar. Flott debut. Arve er heiltent til kampen og stenger buret for gult på ypperleg vis.

 

DSCN2705

Kvitt lag + linjevakter. Bak f.v Odd Rune Walseth, Øyvind Ose, Kjell-Johan Aarseth, Jens-Arve Forbord, Sverre Børge Hjorthaug, Rolf-Egil Riise. Framme f.v Lasse Sæbønes, Vidar Holen, Svein Jon Holen, Knut Inge Haugen, Asbjørn Langø.

 

DSCN2706

Gult lag. Bak f.v Arnt Egil Hjellen, Henning Nydahl, Alf Ole Aarseth, Kenneth Nydahl, Frank Urkegjerde. Framme f.v Kjetil Leknes, Normann Dimmen, Arve Johannessen, Bjørn Ove Strand, Bård Forbord. Biletet er teke før kampstart men det ser ut som det gule laget har teke sigeren på forskot. Med rette. (Kenneth Nydahl gjekk over til kvitt lag f.o.m 2 omgang i rein sympati men det hjalp ikkje..)

 

KAMPFAKTA.

Gult lag - Kvitt lag 17-3
(2-0), (4-1), (11-2)

Gult= Arnt-Egil (kaptein), Bjørn Ove, Bård, Alf Ole, Henning, Normann, Kjetil, Frank, Arve.

Kvitt= Lasse (kaptein), Kjell-Johan, Knut-Inge, Kenneth, Rolf-Egil, Sverre-Børge, Øyvind Ose, Asbjørn, Svein-Jon, Vidar.

Dommartrio: Audun Lyshagen (hovuddommar), Odd-Rune Walseth, Jens-Arve Forbord (assistendommarar)
Juryformann: Jens-Arve Forbord


Mål Gult; Bjørn Ove Strand 6, Normann Dimmen 6, Alf Ole Aarseth 2, Henning Nydahl 2, Arnt-Egil Hjellen 1.

Mål Kvitt; Kenneth Nydahl 2, Øyvind Ose 1.

Straffekonkurransen etter kampen = uavgjort 6-6
Individuell straffekonkurranse; vinnar Alf Ole Aarseth.

 

DSCN2710

Internkampen føregjekk rett ved Håkons Hall.

 

Gulinger

Veteranar på gult lag klare for kamp; Bård Forbord, Kjetil Leknes og Henning Nydahl.

 

Kampsituasjon

Fullt fokus på ballen

 

DSCN2715

Dommar Lyshagen bles for pause og finn kjapt horisontalen!

 

Vidar knockout

Vidar Holen er nede for telling, og symboliserer problema for kvitt lag gjennom heile kampen.

 

Nytt av året var kåring av banens 3 beste spelarar. Dommartrioen fekk ansvaret for denne kåringa med juryformann  Jens-Arve Forbord i spissen


BANENS 3 BESTE;


Lasse Sæbønes 3 poeng. Spelar ein svært god kamp sjølv om han er på det tapande laget. Spelar sikkert og klokt og gjer ikkje ein einaste feil i løpet av kampen. Har fotballforståelse og rutine som går utanpå dei fleste veteranane. Meget godt gjort av 49-åringen å halde dette nivået mot yngre veteranar.

Bjørn Ove Strand 2 poeng. Debutanten overbeviser stort for det gule laget. Scorer 6 mål og er ein konstant trussel mot det kvite forsvaret og keeper Haugen. Syner at han er veltrent og er involvert i det meste offensivt med fleire assister i tillegg til scoringane. Stort ferdigheitsnivå.

Alf Ole Aarseth 1 poeng. Denne 44-åringen er også godt trent og legg ned mykje arbeid både defensivt og offensivt gjennom heile kampen. Suveren løpskapasitet og er i tillegg tredje sist og nest sist på veldig mange av måla til gult. Scorer også 2 mål sjølv.

 

20091020_142

Juryformann Jens Forbord gratulerer dei tre poengvinnarane; f.v Alf Ole Aarseth, Lasse Sæbønes, Bjørn Ove Strand.

 

BANKETTMIDDAG.

Tradisjonen tru er det bankettmiddag for veteranane laurdag kveld. Ikkje overraskande hadde me bestilt bord på akkurat same restauranten som i 2001, kontinuitet er viktig. Lite truleg at betjeninga kjende oss igjen, men dersom nokon framleis jobba i restauranten på ”Brenneriet” så kjende dei nok uansett igjen Bondalssongen…veteranane hadde generalprøve på songen til nokre blomsterdekoratørar oppe ved Birkebeineren hotell før bankettmiddagen. Dirigent Rolf-Egil Riise overlet ingenting til tilfeldigheitene og dirigerte koret med stø hand oppe frå verandaen. God applaus frå det kvinnelege publikumet gav sjølvsagt ekstra sjølvtillit for veterankoret, og det vart difor ein solid reprise på Bondalssongen på utestaden ”Nikkers” seinare på natta. Den lokale trubaduren gav villig vekk mikrofonen i frå seg ei lita stund. Viktig å setje Bondalen og Hjørundfjorden på kartet når me er ute på Noregsturne..

Men tilbake til banketten på Brenneriet. Einaste nedturen i løpet av helga var ofseleg lang venting på maten etter bestilling. Kanskje ikkje like lett å servere likt til 22 mann, men 1 time venting og servering til ulik tid held likevel ikkje mål for kvalitetsbevisste veteranar.. Komiteen med Kenneth og Kjetil tok tak i situasjonen og som gode sunnmøringar fekk dei ordna grei rabatt for treg service. Skal uansett meir til å få Sæbøveteranar med godt humør ut av balanse, så dette satte ingen dempar for festen utetter kvelden.

 

IMG_0681

Pynta veteranar klare for bankettmiddag.

 

IMG_0680

Banens beste Lasse Sæbønes er klar for velfortjent middag. Ser litt skeptisk ut til menyen, kanskje med rette. Det skulle vise seg at maten let vente på seg...

 

IMG_0705

Administrator "Alf Inge Slinning" heldt tale under middagen. Han gav ros for den gode påmeldinga til årets tur. 22 veteranar er rekord og syner at dette konseptet har utvikla seg til å verte ein kjempesuksess.

 

SØNDAGSMØTE.

Avslutning på turen er alltid veterangjengen sitt søndagsmøte rett etter frukost. Meget god stemning på søndagsmøtet i år der me fekk summert opp helga og gått grundig gjennom alle hendingar. God latter når me las gjennom protokollen frå fredagstrekninga. Konklusjonen var at me skal endre rutinene litt for korleis laga til internkampen skal trekkjast. Vonleg litt mindre kaos i neste års trekning.

Årets pokal er fast innslag, og Bård-Helge Forbord vart årets vinnar etter eit einstemmig søndagsmøte. Bård løyste ein situasjon ute på byen laurdagskvelden med ein avansert form for teiknspråk. Fiffig løyst av unge Forbord dette til stor latter frå veteranane, detaljane er for innvidde.

I år vart også historias fyrste ”ærespris” for veteranane utdelt. Denne høgthengande prisen som kun skal delast ut ved spesielle høve gjekk til Kjell-Johan Aarseth. Han fekk prisen for utretteleg arbeid med veteranane si eiga heimeside på nettet. Denne vart laga av Kjell-Johan i 2007 og har sidan vore til stor glede for veteranane. Her legg me ut all informasjon og bileter knytta til turane og har vorte veteranane sitt naturlege oppslagsverk og infokanal. Eige forum på sida gjer at me lett kan kommunisere med kvarandre heile året. Naturleg med passord kun for innvidde veteranar her. Nok ein gong stor takk til Kjellis for suverent arbeid med denne heimesida. Prisen bestod av heder og ære.

 

Kjellis

Kjell-Johan Aarseth fekk æresprisen. Ein slik høgthengande tittel i veteransamanheng krev eit arkivbilete av vinnaren oppstasa i dress. Takk igjen Kjellis for den fenomenale jobben med veteransida!

 

Søndagsmøtet vedtok elles at me nok eingong skal prøve å stille lag til Sæbø Cupen, så kanskje dykk får sjå denne trivelege veterangjengen stille i Sæbøcup 2010 dersom alt går etter planen.

Neste år er det også 10-års jubileum for veteranturkonseptet, og me håper på like stor deltaking då. Kanskje bevegar me oss utanfor landegrensene i jubileumsåret ?

Lat dette biletet av ein jublande Arve Johannessen avslutte denne artikkelen frå årets tur. Synes dette biletet på ein god måte personifiserar korleis me Sæbøveteranar har det på tur; humør, positivitet , kameratskap og ekte glede for å treffe kvarandre att.

 

Don Juanessen

Arve Don Juanessen syner ekte glede !

 

I tillegg ein videosnutt av den same Johannessen utføre sitt sagnomsuste bakkeløp i den bratte kneika ved Håkons Hall. Arve tok eit slikt løp etter internkampen i 2001. Rekonstruksjon var då sjølvsagt heilt på sin plass i år. Her foreviga på Youtube.

http://www.youtube.com/user/asfaltkulis

 

Takk igjen til alle veteranar for ein strålande gjennomført tur !