Salsutstilling av naturbilete

Tema på Hjørundfjorddagane neste år er ”Friluftsliv”. I den samanheng ynskjer vi å ha ei salsutstilling med naturbilete, gjerne knytt opp til aktivitetar som gjeld temaet for dagane.

Nemnda vart kontakta i samband med Hjørundfjorddagane i år av fotografar om å vere med på ei slik utstilling.

Nemnda for Hjørundfjorddagane 2010 går alt ut no med informasjon, slik at fotografar har vinteren på seg også til å finne det rette motivet.

Utstillinga vert samla på eit rom. Dersom mange melder seg på, kan det verte ei øvre grense for kor mange bilete kvar kan stille, men vi skal strekke oss langt for å få plass til alle. Ein kan også stille bilete som ikkje er til sals. For hjørundfjordingar og folk direkte knytt til Hjørundfjorden er utstillinga gratis.

Ta kontakt med Synnøve Rekkedal Hill synnove_hill@hotmail.com om du ynskjer å vere med. Slik at vi ser om dette er av interesse. Endeleg påmelding er tidsnok rundt påsketider.

 

Hjørundfjorddagane 2010

Synnøve Rekkedal Hill

-leiar-