Når vi som bur på bygdene i kommunen seier ifrå, er det visstnok klaging og syting.  Når det vert påpeika feil og manglar i Ørsta sentrum heiter det å drive politikk.  Ja, ja..., sist tysdag stod ordføraren i alle høve fram i lokalavisa vår, Møre-Nytt, og meinte at vi må verte meir positive i kommunen.  Sikkert klokt det, men allereie på torsdag stod ordføraren på nytt fram - denne gongen for å klage si naud.  Ordføraren hadde fått med seg ein frå administrasjonen i kommunen også.

Dei to var djupt såra og vonbrotne over at dei, dvs. kommunen, hadde vorte skulda for å ha meldt "molosaka" på Stenes i Hjørundfjorden til politiet.  Dei to meinte denne skuldinga var djupt urettvis og ordføraren hadde til og med orientert formannskapet om at det slett ikkje var kommunen som hadde meldt saka til lensmannen.

214 - Kopi

Urke til høgre, Stenes til venstre.  Den omstridde moloen er den som er nærast ovre biletkant.

Neivel, så det er vel ikkje kommunen som har meldt saka til politiet då? Å nei, saka er ikkje så enkel.  Lenger nede i den same nyhendesaka til lokalavisa kjem det interessante; plansjefen fortel der at kommunen likevel har sendt saka  til politiet.  Rett nok har kommunen gjort dette som rein rutine og rett nok er det visstnok berre ein kopi som er sendt, men likevel.

Forvirra?  Å nei, saka er ikkje avslutta med dette.  I dagens/laurdagens Møre-Nytt er det lensmannen sin tur til å verte intervjua.  Han fortel at det er han som har bestemt at saka skulle etterforskast og sendast over til påtalemakta. Men obs, obs: - Eg fekk innleiingsvis ei munnleg orientering frå Ørsta kommune, og etter kvart skriftleg dokumentasjon av deira sakshandsaming, seier lensmannen til lokalavisa.  Seinare i same intervju seier lensmannen vidare: - Det starta ikkje med tips frå nokon i Hjørundfjorden, men med muntleg informasjon frå Ørsta kommune.

Lensmannen stadfestar altså at det er kommunen som har meldt/orientert om saka til politiet - både skriftleg og munnleg.  Skal tru kva orientering formannskapet i Ørsta får om denne saka av ordføraren neste gong?

Avslutningsvis vil berre denne skrivaren ha sagt at det sikkert var rett av kommunen å reagere som kommunen har gjort i denne "molosaka".  Etter det eg forstår av avisene er også eigaren av moloen samd i at han burde få eit passande forelgg/passande bot for ikkje å ha sendt dei pålagde søknadane m.m. til kommunen.  Problemet er berre at påtalemakta i denne saka ser ut til å ha lagt seg på eit bøtenivå som kort og godt ikkje liknar grisen.  Heldigvis har svært mange sagt ifrå i ulike media om akkurat dette.

Men kvifor kommunen ikkje vil vedgå at dei har meldt saka til politiet er langt verre å forstå...