Handverksmesse på Bjørke

7/8 November 2009

Frå kl.13-17.

 Tradisjonentru vert det også i år jule/handverksmesse på Bjørke.

Vi prøver å gjenta suksessen frå i fjor og då vi har hatt godt frammøte tidlegare, vel vi å halde ope to dagar.

Her på Bjørke er det mange kreative sjeler som produserar mykje pent handverk rundt om i heimane.Som kjent for mange, starta vi med ein søndagskafe i sommar. Det viste seg å vere ein kjempesuksess, med godt oppmøte frå både lokalbefolkning og tilreisande.Mange fann spennande ting å kjøpe her og kafedrifta og det sosiale vart også svært populært.

Det er no same gjengen som arrangereer messe denne helga i lag med ungdomslaget på Bjørke.

Dei har mange fine ting i lappeteknikk, tova huer, strikkelestar, kjoler, vesker, vestar, hekla oldemorsteppe, porselens/glasmaling, broderte dukar mm. I tillegg vert det fleire eksterne utstillarar.

Vi kan nemne: Hamna Dagsenter med lys og golvteppe, sølvsmykke frå Astri Saure, treleiker frå Knut Øye og vesker mm. Frå Elin Grete Haddal.

Her vert både snikalefser og vanlege lefser og kanskje også søst og heimbaka flatbrød.

 Søndag vert Ingvild Steinsvik Mork her og sel/signerar den nye barneboka si.

 Ungdomslaget held open kafe begge dagane.

Det vert loddsalg.

Alle utstillarar gir ein gevinst til utloddning.

 Alle er hjarteleg velkomne og vi håper mange finn vegen til Bjørke denne helga.

Mulegheitene for å finne ei julegåve eller to,skulle vere gode