Som regel når det kjem fram viktig kritikk der innbyggarar eller næringsliv føler seg dårleg handsama, har svaret frå politiske leiarar vore: ”Ikkje kritiser våre tilsette!”. Svaret burde ha vore: ”Vi ser at kommunen kan bli langt betre når det gjeld serviceinnstilling og evne til samspel, kommunikasjon og forhandlande planlegging. Kommunen skal opplevast som ein medspelar for utvikling og vi ser at organisasjonen kan bli betre på dette området”. Eg er mellom utflyttarane som har halde Møre-Nytt gjennom snart 25 år og ofte med undring følgt med i saker i heimekommunen.

 

Utfordringane gjeld ikkje feil i enkeltsaker, men at innbyggarar opplever kontakten med kommunen negativ. Dette fører til mange klager, konflikter og rettssaker. Alt for mange, også eg, ser på ”rådhuset” som eit problem og eit hinder for gode initiativ og ikkje som medspelar. Dette er ein realitet som leiinga må ta tak i. Med ny rådmann er tida inne for å ta grep for haldnings- og kulturendringar på rådhuset. Då må modige politikarar frå alle parti stø dette viktige arbeidet slik at Ørsta kan kome på offensiven.

 

Molosaka på Stenes, der eg sjølvsagt har vore med å spleisa på bota, var berre ei av mange saker i Møre-Nytt torsdag 5. september:

  1. Bygdemobiliseringa i Hjørundfjorden blir hindra av kommunen. Kvifor gjer ikkje Ørsta som Tingvoll kommune?

  2. ”Trenering av konsesjonsprosess for småkraftverk”

  3. ”Det er ikkje kommunen som har meldt Stenes-saka”

  4. ”Monterte septiktank og fekk bot”

 

Liknande saker har alt for ofte vore gjengangar i Ørsta. Årsakene synes ofte å vere ”rådhuset” si manglande evne til kommunikasjon, dårleg utøving av skjøn og spesielle haldningar over for innbyggarane. Då eg starta bygging av hytte heime på Urke i 2003, var beskjeden frå arkitekten eg nytta: ”Pass deg for ”byggesak” i Ørsta kommune, dei har rekord i tal klager til fylkesmannen”. Ein anna hyttebyggar med lang administrativ leiarerfaring sa det slik: ”Eg går ikkje dit fleire gongar utan advokat”. Når ”vi har ikkje kapasitet til viktige plansaker” er eit tidt oppslag i Møre-Nytt sine spalter, spør eg: Er dette fordi at klagesaker, konflikter, rettssaker som igjen skaper lange ventelister og masse telefonar frå søkjarar, tek all tid? Er ”rådhuset” i Ørsta prega av byråkratiet si ”store felle”, - at sakshandsamarar er meir oppteken av ikkje å gjere feil, enn av å gjere rett?

 

Som medlem i Naturvernforbundet og fortidsminneforeininga gjennom mange år, er det leitt å sjå at byråkratiet i møte med innbyggarane for ofte handlar slik at det undergrev legitimiteten mellom folk til desse viktige politikkområda. For Ørsta med ansvar for ”verdas vakraste fjord” er situasjonen kritisk. Natur-, klima og kulturminnearbeid blir svekka når veljarane i sin frustrasjon går til Frp i mangel av ansvarlege og modige alternativ.

 

Rune Håndlykken bilde 2

 

Eg oppmodar leiarane til å sjå at dette ikkje handlar om faktafeil i einskildsaker (jamf. Stenes, badestranda på Standaleidet, eller hestestallen på Saltrestranda) som kan korrigerast med informasjon. Når eg no refererer til nokre einskildsaker, tek eg ikkje stilling til om framstillinga er presis, og det er heller ikkje poenget. Dette er historiene slik dei blir fortalde og folk opplever dei i Hjørundfjorden.

 

På Rønningen på Trandal skal ein familie i fleire tiår brukt veker av ferien til å slå markene, stelle husa og ta vare på kulturlandskapet. Som gode og lovlydige borgarar søkte dei om løyve til å bygge køyreveg, ein kort skråveg ved til sjøen, slik at skyssbåten kunne levere varer dit i staden for at båten måtte heilt til ferjekaia på Trandal. Dei fekk avslag ut frå kulturlandskapsomsyn!

 

Mange engasjerer si i saka på Stenes. Etter lensmannen si ytring laurdag i Møre-Nytt synes det som om administrasjonen faktisk har ”lurt” ordføraren. Historia som går i Hjørundfjorden om saka er om lag slik:

Ein person busett i ein annan kommune på Sunnmøre skal vere den som har varsla politiet i saka. Men vedkomande skal visst ha vore engasjert på timebasis som sakshandsamar i plansaker i Ørsta kommune. Men ingen på rådhuset har varsla politiet.

 

Ein gong til: Eg tek ikkje stilling til om dette er presise fakta. Men dette er ”sanninga” i det offentlege rom og historiene er talrike. Problemet er at omdømet til ”rådhuset” blir øydelagt. Det er det rådmann og politisk leiing som har ansvaret for å gjere noko med.

 

Eg har gjennom mange år arbeidd i kommunesektoren, no i meir enn 10 år som rådgjevar for kulturplanlegging. Med oppdrag i mange kommunar er min ”resept” for kva haldingar det må arbeidast mykje med på ”rådhuset” for å stimulere ei positiv samfunnsutvikling:

  1. Utvikling og endring i ein lærande kultur må ha like stort fokus som drift.

  2. Serviceinnstilling, smil og positivitet i all omgang med innbyggarane. Ingen avslag skal sendast skriftleg utan ein telefon først som kan klare opp mistydingar.

  3. ”Rådhuset” må våge å risikere litt ”makt” for å etablere ein god dialog med innbyggarar, næringsliv og bygdemobiliseringar om ei positiv utvikling i kommunen.

 

Rune Håndlykken

Lunde

 

rune@kulturhusplan.net