Som vanleg skin sola frå skyfri himmel, temperaturen er behageleg og det er lettvint å velje turklede. I dag er målet fjellmassivet Guajara som ligg i kanten på Las Cañadas del Teide, største vulkankrateret i verda, som igjen er ein del av Spanias største nasjonalpark: Parque Nacional de las Cañadas del Teide. Eg køyrer oppetter den vakre Orotavadalen, passerer Aquamansa og kjem inn i eit tett skogsområde som breier seg ein to-tre mil opp mot El Portillo, inngangen til det mektige vulkanlandskapet. Den lange sletta ligg på kring 2000 m og breier seg 16 km mot sørvest omkransa av vulkanfjell i ulike høgder. Ved El Portillo i nord er det inga kraterrekke fordi det underliggjande kammeret med flytande magma vart tømt under eit utbrot og kraterrekkja styrta saman. Men det er lenge sidan !

 22-11-09 054

På vegen passerer eg pinaklar i ulike fasongar og storleikar.

Eg følgjer vegen vidare ei god mil og stoggar ved Parador Nacional, som er eit stort nasjonalt hotelkompleks. I dei store spanske nasjonalparkane er det staten som driv og eig desse Paradorane. Dette miljøhotellet har ein tilpassa arkitektur, høg standard og prisar som svir!

22-11-09 044

Her ser vi hotelområdet Parador Nacional, som også har ei museumsavdeling i bygningsmassen.Til venstre ligg dei fine pinaklane Roques de Garcia.

Eg parkerer ved hotellet og skiftar til fjellsko. Temperaturen har falle til 15 grader, vinden er ganske frisk så det er best å ta med vindtett jakke og ei ekstra Devold ulltrøye.  Ei god rås fører inn til fjellfoten og nokre merkelege slette og gule berg som blir kalla Piedras Amarillas.,gule steinar. Dette er eit fint øvingsfelt for klatrarar da det er bolta ei rekkje ruter med ulik vanskegrad.  

22-11-09 050

Guajara ligg der som ei uinntakeleg borg, men det berre ser slik ut på avstand

Råsa oppetter fjellsida er framleis tydeleg, men det ser ut til at eg er den einaste på denne sida av fjellet. Vegetasjonen blir tynnare fordi det er høgt og det er november. Men nokre eineståande restar frå sommarens blomehage står framleis ribba igjen.  Ein av dei er vakre Taginaste rojo som blir opp til  3 m høg og 1/2 m vid.

22-11-09 052

Avblomstra Taginaste rojo i november. I mai  er dei eit fantastisk skue.

Planteverda på dei kanariske øyane er heilt uvanleg og har tiltrekt seg mange botanisk interesserte særleg fordi der er så mange heilt spesielle planter. Av dei kring 1700 ville blomsterplantene som veks der, er ikkje mindre enn 470 av dei endemiske. Dvs at dei berre veks på kananrieøyane. Den mest kjende og berømte planta er Drageblodstreet.  Dette treet kan bli stort , ca 15 m høgt og veldig gammalt. Drageblodstreet i Icod skal vere over 3000 år ! Den kanariske floraen har sitt opphav frå middelhavslanda. Da istidene tok til og ismassene strekte seg ned mot Middelhavet, vart klimaet så kaldt at dei varmekjære plantene døydde ut. Også frå sør vart floraen pressa da Nord-Afrika blei heilt uttørka og Sahara-ørkenen vaks fram. Kanarieøyane hadde beskyttande hav rundt seg på alle kantar og plantelivet vart ikkje påverka av katastrofen i nord. Difor ser du framleis levande planter på Tenerife som ein elles berre finn som fossilar i middelhavslanda.

22-11-09 040

På knapt 2500 m møter eg den første utoverhengande veggen.

Terrenget blir etterkvart brattare og i knapt 2500 m høgde møter eg på den første utoverhengande fjellveggen, men ved å følgje han 100 m mot vest, endar han opp i ei slak skråning som er  enkel å  kome forbi. Når eg kjem lengre opp , får terrenget meir hjørundfjordsk karakter. Her møter eg ur, fjellhyller og hamrar. Men råsa er så fin at sjølv ei tidlegare sprek vestlandsk gråkolle hadde kome seg langt.

22-11-09 041

Brei og oversiktleg fjellhylle som blir trangare etter kvart.

Likevel blir fjellhylla etter kvart smalare og rundt eit hjørne er ho knappe meteren med eit 400 m stup rett under seg. Men så har Vårherre så viseleg planta to retamabusker - dei einaste i vid omkrins - nettopp i skråninga på det knappaste punktet. Så når du skal passere, ser du berre trygge, grøne greiner og kan mest danse ballett forbi. Så fokuser rett og tenk på grøne busker neste gong du passerer ein utsett passasje!

22-11-09 042 

Også ein tyskar er ute og klivrar i steinura.

Like under toppen må eg gjennom ei uvennleg steinur; ho prøver å leggje mange hindringar, men jammen er det kjekt også å kunne smyge seg mellom, under og over steinar i alle storleikar, og på nedturen får ein trimme balansen.

22-11-09 048 

På toppen er det mura opp ei svær innhegning der ein kan søkje ly om det skulle bli nødvendig.

Segna seier at guanchane søkte opp på dette fjellet for å utføre - for dei - heilage handlingar. Guanchane var urinnvånarane på Kanarie-øyane, og gjennom gentesting kan ein i dag ganske sikkert slå fast dei dei kom frå ei berberstamme i Nord-Afrika.( Ikkje dei berberane som i dag lever der). Dei hadde konge- og høvdingsstyring og er kjende for at dei mumifiserte lika, men ei meir primitiv form enn den egyptiske. Likevel har ein fram til i dag funne godt bevarte mumiar i fjellholer. Guanchane blei i stor grad utrydda da spanjolane erobra øyane kring 1480.

22-11-09 043

På andre sida av Las Cañadas, mot nordaust, strekkjer Teide seg 3718 m mot ein blå himmel. Om vinteren er heile fjellet ofte dekt av snø med masse snørenner.

Frå toppen er det suveren utsikt når lufta er klar nok. Først og framst får ein eit fantastisk rundskue over heile Las Cañadas området, men i klart ver ser ein også Gran Canaria, La Gomera, La Palma og Hierro. Berre Lanzarote og Fuenteventura manglar i rekkja av kanarieøyar.

22-11-09 046

Her ser ein mot aust og El Portillo. Det store solobservatoriet kan ein skimte i det fjerne Ein ser også at her manglar fjellrekkja - ho berre forsvann i jorda sitt indre !

22-11-09 045 

Mot sør ser vi tydeleg fjellrekkja, nyare lavastraumar som har stoppa opp, og lengst sør er inngangen til Cañadasen når du kjem frå Los Cristianos/Las Americas. Mange store filminnspelingar har gått føre seg i dette "månelandskapet".

Så skal du til Tenerife så er det vel verdt å ta ein tur opp i denne eineståande nasjonalparken, og for fjelltur-interesserte finst der alternativ til ein kvar smak, flatt eller bratt.