For litt over eit år sidan såg det mørkt ut for korpset på Sæbø. Vi måtte gjere eit val. Enten leggje ned korpset på Sæbø, eller samle unge og eldre i eitt korps.

Vi var heldigvis mange nok som ville spele i eit generasjonskorps, dirigent vart hyra inn frå kulturskulen og kvar torsdag er det øving på Grendahuset.

Etter berre halvannan månads øving spelte vi første gong under tenning av julegrana på Sæbø 7. desember i fjor. 

 

Vi spelte og på julemarknaden, men då fekk vi god hjelp frå Dalane skulekorps. Også dei har eit generasjonskorps.

I vår arrangerte vi korpskafé på Grendahuset og 17. mai stilte vi opp i toget på Sæbø.

 17. maitog

Foto: Jørund Mo

Dei siste åra har vi fått hjelp frå Dalane skulekorps og Follestaddalen hornmusikk på nasjonaldagen, men i år greidde vi oss sjølv. Ikkje heilt samstemte når det gjeld uniformering, men her er det musikken som tel!

 

Instrument

Ei utfordring i eit generasjonskorps er at det skal vere kjekt for alle aldersgrupper.

Stor var derfor gleda då vi siste helga i september var så heldige at vi vart invitert til Vartdal på øvingshelg i lag med Dalane skulekorps. To vaksne, to ungdomar og fem born reiste av garde frå Sæbø og hadde det skikkeleg kjekt!

Sverre Sørdal, Ann-Helen Sørhaug og Brynhild Barstad var dirigentar og hadde gruppeøvingar. To nye musikkstykker skulle innøvast og eit av dei var slett ikkje heilt enkelt...

Vartdal, Dalane, Sæbø

Foto: Ann-Helen Sørhaug

På Vartdal har dei skulekorps og vaksenkorps. Begge desse korpsa tok del i øvingshelga og det vert jammen mykje lyd og fin musikk når omlag 50 musikantar speler i lag!

Jørgen og Torbjørn

Foto: Ann-Helen Sørhaug

Trommeslagerane har ein viktig jobb med å passe takta i korpsa. 

Aspirantkosrpset

Foto: Janne K. Engeseth

Dei to aspirantane våre fekk øve i lag med aspirantar frå dei to andre korpsa og hadde ein livleg instruktør i eldsjela Janne K. Engeseth.

Aspirantgruppa

Foto: Ann-Helen Sørhaug

Aspirantane øvde litt for seg sjølv og litt i lag med storkorpset. Før heimreise framførte dei to numre som dei hadde øvd inn. I begge musikkstykka spelte dei litt aleine og litt i lag med korpset. Kjempeflinke!

 Linedance

Foto: Ann-Helen Sørhaug

Janne er litt av ein energibunt og laurdagskvelden sette ho i gong med Linedance for små og store.

Sjonglørkunst

I kjellaren på skulen hadde dei funne fram ein stor "sirkusbag" med masse kjekke sjonglør- og balanseleiker og dei hadde filmframvising.

Oppe ved skulekjøkenet opna dei godterikiosk etter kveldsmaten og der var køen lang:)

Musikantane låg på guterom, jenterom og ungdomsrom. Dei vaksne delte på å vere brannvakt om natta og Vartdal stilte i tillegg med nattevakter.

Otitlie og Lisa på Vartdal

Foto: Ann Helen Sørhaug

Unødvendig å nemne at dei fleste var bra trøytte søndag morgon, men det er noko som høyrer med når ein er på tur. Det sosiale er utruleg viktig!

Instrument

Då strikkekaféen slo til med loppemarknad i oktober stilte korpset opp med musikk, kaker og smørbrød. Ann Helene og Ingvild hadde bestemt at korpset skulle få ein tredel av inntektene og då var det naturleg at vi også hjelpte til.

Jonas sin utstilling

Ungdomane våre, Lisabel og Jonas, var kjempeflinke med sal av lopper både laurdagen og søndagen. Jonas laga også til ei lita sittegruppe av loppene ute i gangen. Stilig! 

Dette gjer vi gjerne igjen.

Instrument

Korpset på Sæbø har to aspirantar i kulturskulen. Tidlegare leigde korpset inn diverse studentar til å drive musikkopplæring. Dei var flinke og hadde ofte lang erfaring frå korps, men studentar kommer og går og det vert lite stabilt.

Skal ein spele i korps må ein kunne notar og det lærer dei i kulturskulen. Aspirantane våre får opplæring på Sæbø, då dei er så mange at læraren kan kome hit. I tillegg til aspirantane har vi også to korpsmedlemer som framleis får undervisning gjennom kulturskulen.

Ingalena og Fredrik

Foto: Ann-Helen Sørhaug

Med jamne mellomrom er kulturskulen i Ørsta på turné med elevane sine. Korpset sine to aspirantar var med då dei besøkte Hjørundfjordheimen nyleg.

Det var også dei to yngste musikantane på kornett og ei på baryton. Kjempeflinke alle fem!

Instrument

No er generasjonskorpset i gang med å øve inn repertoar til julemarknaden 6. desember og adventskonserten i kyrkja 19. desember. Då vert det både bjelleklang og hymner.

Korpsøving

Vi er ein fin gjeng, men vi treng heilt klart fleire medlemer i korpset. Det er viktig at korpset får nye aspirantar gjennom kulturskulen til hausten, men det er og behov for vaksne musikantar. 

Kjøkkensamling

Kaffipause er viktig. Då går praten livlig. Nokre gongar har vi kake, andre gongar frukt eller kjeks.

Pauseprat

Vi har mange ledige instrument liggande, så om du har ein gamal musikant i deg er det  berre å stille opp på Grendahuset ein torsdag kl. 19.00.

Alle er velkomne!