Etter at Lars Petter Strandmann og eg laga omn til dei som eig hytta, vågar eg å spørje av og til om ei overnatting der oppe. Før har det vore anten sommar eller tidleg haust, men i det stabile og fine veret som vi har hatt i det siste vart det freistande med ei novemberovernatting. Som tenkt så gjort.
Det mørknar tidleg så vi kom oss avstad før kl 16 frå skogsvegen på Stokke.
Fint med eit "miljøbål" i kveldinga.
Her er Helga komen oppi Middagskaret. Mykje is og lite beite i Frølandsdalen i november. Men kor kjekt det er å gå slik i kveldslyset!
Rekkedal Gjestehus har fått på utlysa og er klar å ta imot laurdagsgjestar.
Så er vi ved varden. Klokka er 17, og det er skumringstime i Bondalen.
Det går ikkje så lenge før den heimlaga omnen har varma opp den vesle hytta, som har namnet "Ørnereidet".
Årets første juleøl smakar godt etter oppstigninga!
Det vart ikkje teke bilete inne, då eg let fotoapparatet henge ute for å unngå kondens.
Eg legg inn nokre bilete frå då Lars Petter og eg laga omn og pipe på hytta i 1998.
Lars Petter driv med ompakking av lasset. Det var einaste gongen vi stoppa på veg oppover. Det var så tungt at vi våga ikkje ikkje ta av oss sekkane meir. Hytteeigarane bar opp omnen.
Lars Petter set på siste festet , og prosjektet er klart til prøving.
Her er det eg som får æra av å fyre opp første gongen i omnen, byggenr. 1.
L.P har patent på "brandmuren", som vi også laga. Alt har verka frå første stund. Også no, 11 år etter.
Søndag 8/11
Etter ein god natts søvn er vi tidleg på føtene for å nyte at morgonen renn.
Endå er det bra mørkt, men over Kvistadfjella lysnar det.
Morgonroden over kjende fjell.
Eg trudde at sola skulle kome opp midt i Kvistaddalen, men ho må nok forbi Langhornet før ho kjem seg over horisonten.
Eg går ein tur på den knallharde snøen til høgste punktet på egga. Då kjem sola, og klokka er over 9.
Månen har tapt kampen mot sola. Liten og bleik heng den høgt på himmelen.
Helga har fått fyr i omnen. Temperaturen ligg på - 1, så ein treng litt varme i kroppen etter vel ein time ute.
Etter frukost og oppvask er det heimtur, for cupfinala må eg ha med meg i år!
Det er ikkje så mange som kan skryte av morgonsol 8. november i Bondalen.
Men FB samdrift har det endå!
Takk for turen og for ei god natt i "Ørnereidet"!
Kommentarar