Artikkelforfattaren på plass utanfor Anfield.
Det var søndag 25. oktober det hende, og det vart klimaks på ei lang, lang reise med Liverpool FC, inntil vidare det mestvinnande fotballaget i England.
Interessa for Liverpool FC kom for underteikna for ein dag i 1970. Korleis kan eg ikkje hugse. Men eg hugsar godt at den første finalen vart ein nedtur. Framfor svart-kvitt-fjernsynet såg eg Charlie George gje Arsenal sigeren 2-1 over Liverpool i FA-cup-finalen på Wembley i mai 1971. Sidan vart det to tiår med oppturar.
Engelsk fotball
Engelsk fotball har lenge vore viktig for mange nordmenn. Tabellar har vorte gjennomgått, og mest kvar tippekamp på fjernsyn vart sett. Etter kvart som velstanden i Noreg har auka, har også stendig fleire teke turen til England for å følgje sitt favorittlag.
Mitt lag er altså Liverpool, eller The Reds. Eg valde rett lag å heie på i 1970, for frå 1973 gjekk laget i ein sigerstim. Det vart fleire ligameisterskap, og laget slo også igjennom i Europa, og tok fire titlar i den gjævaste turneringa frå 1977 til 1984.
Men det vart også nedturar. Den første kom i 1985, då 39 omkom i tribunebråk i Europacup-finalen på Heysel stadion i Brussel. Dei omkomne var frå Torino, og heia på Juventus. Dei skuldige var engelske hooligans.
Spelarane er på bana, og Rio Ferdinand hos Man. Utd. prøver å markere Fernando Torres. Det skal vise seg vanskeleg.
Hillsborough
Liverpool skulle vinne nokre titlar til, men i 1989 kom ein ny katastrofe då 96 Liverpool-tilhengjarar omkom i Hillsborough-tragedien i Sheffield. Ulykka påverka både klubben og byen, og Liverpool FC hadde vanskelege år på 1990-talet. Først på 2000-talet byrja oppturen, og han kuliminerte med ein ny tittel i den gjævaste klubbturneringa i verda i 2005, då Liverpool henta att Milan si 3-0-leiing ved pause, og greidde 3-3 til ordinær tid. Laget vann straffesparkkonkurransen, og laget var tilbake på toppen.
Manchester United
Men ikkje heilt. Ligameisterskapen har vorte vanskeleg å hente heim. For med Liverpool sin nedtur, kom Manchester United sin opptur. Desse to nabobyane i nordre England har konkurrert om å ha fotballhegemoniet dei siste førti åra. Arsenal, Chelsea har også vore med i toppen, men i Nord-England handlar det om Liverpool og Manchester United.
Sjølv har eg vore i Liverpool ein gong tidlegare, i 1997, og då såg eg Liverpool spele uavgjort mot Blackburn på Anfield. Det vart altså ingen siger, og inga synging av verdas flottaste fotballhymne, «You`ll never walk alone». Melodien er henta frå musikalen «Carousel», men vart Liverpool sin eigedom etter at det lokale bandet Gerry & The Pacemakers laga sin pop-versjon tidleg på 1960-talet.
Klar for Liverpool
The Kop, Liverpool si berømte heimetribune, er klar for kamp.
No baud sjansen seg igjen. I juni fekk eg tilbodet om å vere med på ein tur, og takka ja. Reisa vart ordna, og det var berre å gle seg. Men i vekene før kampen byrja eg å gru meg, for laget var i elendig form. Det er ille nok å sjå Liverpool tape mot Manchester United på fjernsyn, men ekstra ille ville det ha vore å ha reist over Nordsjøen og sjå Liverpool tape der og då.
Difor var det med litt angst i kroppen eg og reisefølgjet mitt nærma oss Anfield denne søndagen. Vi hadde budd oss godt med å gå på handletur i Liverpool dagen før, og sikra oss originale supportereffektar i klubben sin eigen butikk.
I god tid før kampstart
To og ein halv time før kampstart var vi på plass ved stadion. Då er det ein obligatorisk pubtur på ein av dei mange eldre og typiske britiske pubane i området, og så vart det ei vandring rundt stadion. Folk strøymde på. Anfield tek kring 44.000 tilskodarar. 3.000 plassar var sette av til Manchester United-fansen. Resten var Liverpool-tilhengjarar. Stemninga var spent.
Politiet er i ekstra beredskap i samband med slike oppgjer, og denne gongen var det ekstra beredskap. Liverpool hadde nemleg tapt den siste kampen i ligaen på ein bisarr måte, der ballen på veg mot Liverpool-målet hadde treft ein badeball, og endra retning. Difor var det varsla at United-fansen kom til å ha med seg ei mengd badeballar for å pirte Liverpool-tilhengjarane så det sveid.
Det var likevel ikkje meir bråk enn ein kan vente det er før eit slikt lokaloppgjer. Det var ikkje noko uro.
Litt practical jokes. Badeballar høyrde med, og Fabio Aurelio fekk nokre vanskar då han skulle ta hjørnespark.
Intens stemning
Vel inne på stadion var det å vente på kampen. «You`ll never walk alone» vart sunge rett før kampstart, og stemninga var intens. Her var det tydeleg at Liverpool-tilhengjarane skulle hjelpe laget fram til siger etter fire strake tap.
The Kop, Liverpool-fansen si eiga tribune bak det eine målet, var spesielt klar til kamp. Den harde kjernen hadde før kampen gått i demonstrasjonstog mot dei amerikanske eigarane Gilette og Hicks, og kravd dei ut av klubben. Fansen likar ikkje at dei brukar klubben og Anfield som panteobjekt for store lån tekne opp i andre samanhengar.
I den andre enden bles United-fansen opp sine badeballar, men utan at det vekte særlege reaksjonar. United-fansen vart også ganske raskt veldig stille.
Liverpool har skåra. For eit trøkk!
Liverpool i slag
For Liverpool var i slag. Laget tok initiativet frå start, og dominerte første omgang. Omgangen enda likevel mållaus. 65 minutt ut i kampen eksploderte stadion. Då vakna ein av dei store heltane, nummer ni, Fernando Torres. Han parkerte den engelske landslagsmidtstopparen Rio Ferdinand, og skåra 1-0 for Liverpool. Utover kampen vart det fleire situasjonar som fekk desibelnivået opp i høgder som Arbeidstilsynet i Noreg ville ha reagert på.
Judas
Eit av dei spesielle augneblinka var då Michael Owen kom på bana. Mannen var Liverpool sin toppskårar, men forlet klubben til fordel for Real Madrid. Det vart lite vellukka, og etter eit mellomspel i Newcastle, spelar han no for Manchester United. Det er ikkje godt motteke i Liverpool, og i sin første kamp på Anfield etter overgangen til United, måtte han tole høglydte «Judas»-rop slengt etter seg.
Manchester United pressa på for utlikning mot slutten av kampen, og det var neglebiting for Liverpool-fansen. Men då David N`Gog skaut Liverpool opp i 2-0 fem minutt på overtid, var det heile avgjort.
Vi har vunne. Hurra!
You`ll never walk alone
Jubelen kunne sleppast laust. Erkerivalen var slått, og for ein nordmann som har halde med klubben i snart førti år, var det berre å syngje med på «You`ll never walk alone»:
When you walk through a storm
Hold your head up high
And don’t be afraid of the dark
At the end of the storm
Is a golden sky
And the sweet silver song of a lark
Walk on through the wind
Walk on through the rain
Tho’ your dreams be tossed and blown
Walk on, walk on
With hope in your heart
And you’ll never walk alone
You’ll never walk alone
Tusen takk, kjære Anfield!
Artikkelen stod først på trykk i Møre-Nytt, laurdag 31.10.2009
Kommentarar