Eg fekk etter kvart vite at denne svært så hyggelege unge kvinna (eg våga ikkje spørje om alderen) var leiaren for programkomitien til skredkonferansen - ein komite som hadde sett saman eit svært så godt og lærerikt program både for oss som likar bratt friluftsliv om vinteren, for redningsmannskap og  for t.d. meterologar.  Det er vel å ta litt sterkt å hevde at ho raga som Slogen - ho likte seg t.d. best ved siden av talarstolen - men utan tvil gjorde denne skredeksperten frå NGI det ho skulle gjere denne helga, dvs. syte for at skredkonferansen vart avvikla på ein god og smidig måte.  Men ikkje berre det - då eg helsa på henne synte det seg straks at ho  var lokalkjend i Hjørundfjorden  - i alle høve i fjella våre.  Eg forstod at vi måtte ha ein liten prat.  Sjå under fotoet.

P1020498_crop

Hedda Breien under toppen av Lodalskåpa i fjor.

- Namn?

- Hedda Breien

- Alder? (Dette spørsmålet våga eg ikkje stille, men skal vi tru ein stad mellom 25 og 30?)

- Du snakkar god vestlandsdialket, kvar kjem du ifrå?

- Sogn og Fjordane, nærare bestemt Førde.

- Du spurde meg i stad om eg hadde vore på Skårasalen, vil det seie...

- Sjølvsagt har eg vore i Hjørundfjorden, fleire gonger til og med.  Og når eg no veit om dei flotte fjella dykkar så kjem eg heilt sikkert tilbake også.

- Favorittfjell i Hjørundfjorden?

- Det må vere Skårasalen, eller meir presist - nedkøyringa frå Skårasalen.

- Og då snakkar du om nedkøyringa til Skår, Hedda?

- Sjølvsagt.  Under gode forhold er turen ned frå toppen og vidare ned Lissje Skåradalen  berre fantastisk.  Og du, du må få med at nede på Skår bur der ein svært triveleg kar.  Ein prat med han høyrer til, diverre fekk eg ikkje snakka med han sist eg var der.

- Vi har ein nettportal borte i Hjørundfjorden.  Har du høyrt om hjorundfjord.no?

- Alle som står på ski i hjørundfjordfjella må sjølvsagt innom Hjørundfjordportalen.  Så svaret er absolutt ja.  Det er rett nok ei stund sidan eg var innom sidene og ikkje veit eg kva som gjorde at eg oppdaga denne nettstaden, men eg er absolutt brukar.

- Det som vel heitte Nordisk konferanse om snøskred og friluftsliv er no ferdig og ein skulle tru at du kunne puste letta ut, men eg høyrer rykter om at du ikkje kan slappe heilt av likevel?

- He, he.  Du har sikkert høyrt at eg skal disputere for doktorgrad den 11. desember.

- Har nok det - og kva har du skrive om i oppgåva di - har oppgåva med snøskred å gjere den også?

- Oppgåva handlar nok om skred, men ikkje spesifikt om snøskred. Eg har skrive om skreddynamikk på bakgrunn av eksprimentelle studiar.  Eg har sett på korleis skred bevagar seg, og samanlikna skred i luft med undersjøiske skred ved hjelp av blanding av leire, sand og vatn. 

No tenkte eg igjen på alderen hennar.  Er ho verkeleg gammal nok til å ta ei doktorgrad?  Ein ting føler eg meg likevel trygg på - ho vil klare å forsvare oppgåva si den 11. desember med glans.  Det var berre ein ting å seie:

- Velkomen attende til Hjørundfjorden, Hedda, og lykke til med disputasen den 11. desember.

- Takk og takk.