MINNER OM AVSLUTNINGSFESTEN FOR SESONGEN 2009

Dette er ein fest der vi ynsker velkomne dei nye 1. klassingane og seier takk til 5. klassingane for at dei har delteke på treningane til Barneidretten. Det blir delt ut pokalar til alle borna i 2. - 5. klasse som har vore med på treningane inne og ute. Datoen er sett til fredag 27. november kl. 18.30 – 21.00. Ta med mor, far og søsken og møt opp. Det blir pizza, disco, loddsal, kaffi og kaker.

Vil og minne om at i dag tysdag 24. november er siste dag med trening i gymsalen. Komande søndag, 29. november er siste søndag med symjing/bading i Varmtvassbassenget før jul. Vi satsar på å leige bassenget vidare i januar og februar, men då berre ein time. Tidspunkt og datoar vert annonsert på Hjørundfjordportalen.

Helsing styret i Barneidretten, Sæbø IL