Dugnad og anna 002

Fredag morgon. Den 50 år gamle grunnmuren etter fryseriet er ikkje til nemneverdig pryd for området.

Elva og fossane fasinerer dei fleste. Elva si kraft når det er flaum er skræmande når store steinar smell i botnen så husa rister. Då er et bulder i staden for elvesus.  

Ved rimeleg vassføring sklir elvevatnet over den glattskura bergbotnen, stuper ned i djupe hølar og lufta perlar opp til overflata som i champagne. Og så glir vassmengdene vidare til neste stryk.  På same måten som fjorden og havet er augekvild, er elva og fossane roskapande med eit sprudlande og livleg innslag frå naturen si side.  Det er aldri kjedeleg å følgje det levande vatnet. Fossane er minst like fasinerande som storebåra som bryt.  At elvesus kan verke som sovemedisin for mange, er velkjent.

 Dugnad og anna 007

Til middag kom bjelkelaget på plass og arbeidet går unna med liv og lyst. Frå v.: Helge L. Urke, Johan Arnt Leknes, Sverre H. Urke og Kåre Myklebust.

For å gi betre innsikt over fossefalla ved Urke-elva, har grendalaget svinga seg rundt etter at ideen om å bygge ei utsiktsplattform vart unnfanga. Trivselestiltak for bygda, gjester og turistar er fullt ut samanfallande med formålet for Urke Grendalag.

 Dugnad og anna 015

Det har blitt laurdag. Rekkverket og terrassedekket er på plass. Vi anar eit ferdig produkt. Frå v.: Johan Arnt Leknes, Johannes Halland, Asbjørn Urkegjerde og Daniel Rønning.

Fredag og laurdag i siste veke vart restane av bygdafryseriet - som vart fjerna i sommar – omgjort til ei utsiktsrampe på vel 20 kvadratmeter.  Frå denne plattingen får ein sjå elva kome imot under brua og følgje fossane vidare på vegen ned mot Norangsfjorden. Litt skogrydding mot nordaust vil gi ei flott utsikt mot Regndalstindane (Smådalstindane ) og uttynning austover vil gi flotte synsopningar mot fjorden.

På dei to dagane møtte arbeidslag på 5-7 personar som med kyndig leiing fekk bjelkelag, solid rekkverk, terrassedekke og sitjebenk på plass. Tussa Energi AS ga full støtte til material og festemiddel.

 Dugnad og anna 016

Leiar i grendlaget, Dorit Rønning - med barnebarn - i midten, flankert av byggebasen og styremedlem Johan Arnt Leknes og styremedlem Nelly Urke.  Dei vil gjerne uttrykke at det er ein fantastisk dugnadsgjeng på Urke som stiller med den rette dugnadsånd fleire gonger kvart år.

Dette er plassen ein skal kunne sette seg ned, nyte freden, lytte til elva og fossane sine melodiar. Nok ein sitjebenk skal kome med det første. Dorit Rønning, leiar i Urke Grendalag, har behov for å uttrykke takk til den trufaste dugnadsgjengen som det vert kalla på mange gonger i løpet av året. Samtidig ønskjer ho brukarane velkomne.

Med bygginga av denne utsiktsrampa er det etablert ei avslutning mot aust av eit område Urke Grendalag ønskjer å ruste opp til ein rasteplass med informasjonskiosk, gode sitjeplassar og trygg tilkomst og parkering.

 Dugnad og anna 020

Ved nonstid laurdag er utsiktsplattforma ferdig. Ein  benk er alt som manglar. Helge L. Urke synest at plattforma er både fin og solid.

Grendalaget vil ikkje godta synspunkta som dominerer om at bygdene er eit kostnadskrevande problem. Grendene rundt om i kommunane er like nødvendige for sentrum som sentrum er nødvendige for bygdene. Utan desse bygdene vert sentrum like meiningslause som eit måleri utan ramme. Difor vil grendalaget heile tida ha fokus på å fremme trivselsskapande tiltak for bygdafolket og gjester.

Dugnad og anna 021

Utsikta nedover: I fossar og stryk ber det dei siste hundremeterane mot fjorden.

 Dugnad og anna 027

Utsiktsrampa sett frå brua

Dugnadegjengen er opptekne av at samspelet mellom bygdene og sentrum må fungere og at fleire og fleire etter kvart forstår dette viktige samspelet. Og for å underbygge sine argument, svingar grendalaget og dugnadsgjengen seg rundt og skaper nok eit trekkplaster, på eige initiativ.