yr.no har i løpet av  kort tid blitt svært så populær.  Ikkje så reint få av oss er innom denne nettstaden fleire gonger for dag.  Vi vil vite kva vêr vi skal få dei neste timane og vi vil også sjå lenger framover.

Men på yr.no kan vi også få med oss mykje anna.  I dag, den 26. oktober er t.d. den våtaste dagen i året.  Det har nok regna meir andre dagar enn i dag her i Hjørundfjorden, men ein fagmann har funne fram til denne dagen så vi får tru han har rett.  Likevel, det er andre opplysningar på nettstaden som kan uroe meir (kanskje også glede andre, men det nemner vi ikkje her).  Skifolket likar ikkje mildvêr på denne tida av året, men det er akkurat det meldinga går ut på - to månadar med høgare temperatur enn normalt.  Kanskje var den rekordtidlege opninga av skisesongen berre ein blaff?  Kanskje har Terje Stokke gjort sitt siste hopp dette året?

Eg for min del les at desse laaaange vêrvarsla er svært lite å stole på.  Det kjem i alle høve sikkert snø ned til ca. 500 meter - og det er passeleg for den som t.d. vil gå på Skårasalen.  Eg legg etter kvart med nokre foto nettopp frå Skårasalen.  Det kan sjå ut som dei er tekne på ei heilt anna tid på året enn no, men laurdag den 17. oktober er dagen for denne turen.  Men først må det nemnast at Kvistaddalen igjen har vist seg som eit fantastisk utgangspunkt for ein flott fjelltur.  Bilveg opp til ca. 500 m og så har snøen vore tilgjengeleg.  Fleire titals personar har allereie vore på ski på Skårasalen denne månaden.

IMGP2431 - Kopi

Regn i låglandet, gjev gjerne snø i høgda.  Litt skodde gjer berre turen vakrare.  Olav Haugen nærmare seg toppen.  Og fjellet i høgre billedkant heiter?

IMGP2437 - Kopi

Grøttdalstinden laurdag den 10.(!) oktober på Ronny, Skårasalen ei veke seinare.  Her lagar han seg ei solid snusklype før nedfarta. (Eller pussar han briller?)

Når ein står på toppen av Skårasalen legg ein gjerne merke til nokre steinheller som står nede til høgre mot Hjørundfjorden.  Det er ein liten omveg å gå bort til dei, men når ein brukar ski går alt så meget bedre.  Kva er dette for noko?  Har dei kome hit på naturleg vis, eller er det ein eller annan som vil ha eit minnesmerke etter seg som har sett dei opp?

IMGP2440 - Kopi

Desse hellene, eller er det bytesteinar, står på eit heller lite område.

IMGP2441

Vrir fotografen litt på seg, får han også med litt av Hjørundfjorden og Urke.  Ikkje tung og våt snø her, nei.

Det er som nemnt starten på skisesongen og ikkje alle rutinane er enno innarbeidde.  Det er lett å gløyme eit eller anna.  Denne gongen hadde eg gløymt å lade batteriet på kameraet, men eit par køyrefoto fekk eg likevel med.

IMGP2449 - Kopi

Ikkje den vanlegaste staden å renne ned frå Skårasalen og litt skrope hadde  danna seg her i solsida, men Ronny kosar seg likevel.  Det same gjer Olav Haugen.

IMGP2455 - Kopi

Takk for turen.  I kveld melde han igjen snø over ca. 800 meter...