flå 6

Innmarsj og presentasjon. Vi får det til i Ørstahallen også!

Kampen starta fint med mål til Sæbø/Åmdal. Jentene spelte godt, spesielt i angrep men også forsvaret satt godt. Jentene har vorte mykje tøffare i forsvar og spelte ein god førsteomgang der pauseresultatet var 17-15 å leiing til Sæbø/Åmdal.

Etter pausa fortsette jentene å presse og heldt leiinga til midt i omgangen. Silje og Else Marie sleit litt med å sette skudda i ein kamp der laget vart litt for ivrige og nervøse på slutten. Flå/Lundamo kunne berre flyte på erfaring og dermed vart det eit nytt tap for Sæbø/Åmdal jentene med resultatet 27-31.
Absolutt godkjent kamp og med litt meir erfaring så skal dette bli bra!
Vi har ein snittalder som er 6-7 år under gjennomsnittet til dei fleste laga vi møter så jentene er eigentleg veldig flinke!


flå 16

Ny flott kamp av Malene som sette 12 mål i nettet!

flå 13

Liv Grete fekk mykje bank som vanleg. Syns nok ho burde fått straffe her..

flå 2

Litt vondt kanskje?

flå 3

Litt må ein tåle..

flå 11

I angrep igjen. Malene får ballen og stormar mot mål.

flå 9

Mange flotte angrep med fine avslutningar gav nesten siger! Else Marie er klar men får ikkje ballen denne gangen.

 flå 7

Gode også i forsvar!

Desse var med på kampen mot Flå/Lundamo:
Monica Krøvel, Liv Grete Stokke (3), Silje Anette Sandnes (3), Malene Aambakk (12), Torill Haugen Øye (4), Anette Mork, Sara Årseth (1), Else Marie Stokke (2), Helene Andreassen (1), Kathrine Brekke, Synnøve Eikås og Hanne Stokke(1).

Molde J16

Etter kampen bar det rett til Oslo der Malene og Else Marie spelte kampar søndag.Vi er partnerklubb med Molde der desse to jentene er med på J16 Molde. Søndagens kampar var i Bringserien (landsserien) der dei beste 16-års laga i Norge møtest til dyst.
Jentene var sterkt medvirkande til at laget kunne juble over siger i begge åpningskampane der dei vann over Kolbotn 26- 23 og Halden 31-19.

 

Molde 3

Else Marie 5 og 2 mål og Malene 13 og 10 mål. 30 av 57 mål er kvittert Sæbø og Åmdal!