Klikk gjerne på fotoa for å få dei i full storleik, men p.g.a. manglande jusetering er dei diverre ikkje skarpe.

No vil sikkert nokre med full rett hevde at det er alt for seint å setje garn for å få aure/krede no, men Odd Barne Bjørdal tenkte litt meir optimistisk denne dagen - kanskje er det enno att røye i Kvanndalsvatnet.

Odd Bjarne har både fiska etter aure med stong og sett garn før, men denne tysdagskvelden var det første gong at han sette garn i Kvanndalsvatnet.  Likevel kjende han til det som skulle vere dei beste fiskeplassane, onkel Samund Bjørdal har tidlegare sett han inn i løyndomane under vassflata.

IMGP2496 - Kopi IMGP2502 - Kopi

Første garnet går i vatnet.  Det vert først festa i land, i motsett ende festar Odd Bjarne ein stein.  Veteranen Samund Bjørdal (84)har lært han at garnet må ned mot botnen der i alle høve røya held seg.

I gamle dagar var Kvanndalsvatnet eit særs godt fiskevatn, særleg var krigsåra gode, minnest Samund Bjørdal.  Dette hadde nok med reguleringa av vatnet først på 30-talet å gjere.   Etter kvart har fiskeria i vatnet minka nesten bort og i dag er fisken stort sett liten og slett ikkje mange. 

Men om  Odd Bjarne sjølv hugsar at det vart fiska ein aure på ca. 5 kg i vatnet i hans ungdom så hadde ikkje han særleg tru på godt fiske tysdagskvelden.  Kvanndalsvatnet er altså regulert, dvs. det vert  brukt til å produsere el-kraft.  Det gjer at sjølv om auren kan finne på å gyte langs land (han vil helst ha tilgjenge til ei elv for å føre slekta vidare),  kan dette gyteområdet verte tørrlagt ei stund seinare.  Dermed vert rogna  øydelagd.  Eit regulert vatn gjer også at mattilgangen til fisken vert mindre.  For å hindre at fisken døyr heilt ut, set Tussa Kraft yngel - aure - ut kvart år (i alle høve inntil nyleg).  Men Odd Bjarne sette liten sin til røya - den fisken gyt nemleg i vatnet...

IMGP2503 - Kopi

Så er garna sette, fiskaren slappar av i baugen og sola sender sine siste strålar for kvelden ned i toppen av Storetinden.

Så er det tidleg onsdag morgon,  ok - klokka 0930, fiskaren og assistenten nyt den vakre morgonen med ein kopp kaffi. Men snart må det arbeidast -  det er på tide at garna med storfisken vert dregne.

IMGP2506 - Kopi  IMGP2509 - Kopi

Først ein god kopp kaffi, så til arbeid.  Ikkje fisk i første garnet, nei.

Det er ikkje fisk i første garnet, heller ikkje i det andre, men så - er det ikkje...  - Jau, her nappar det, seier Odd Bjarne. Det kjem rett  nok opp eit par røyer av vatnet, men dei er slett ikkje store.  Eit par av aurane er slett ikkje så korte, men som venta heller magre på denne tida av året.  Det siste garnet vert drege opp.  Skrivaren og assistenten legg merke til at Odd Bjarne kikar ned i vatnet.  Han seier ikkje noko, men plutseleg kjem noko raudt og vakkert over ripa.  Det utrulege har skjedd - det har nærast med eitt blitt storfangst.

IMGP2512 - Kopi  IMGP2516 - Kopi

Først kjem det opp nokre få fiskar av det forventa slaget, men så...  Odd Bjarne kan drage på smilebandet.  Fisken heng fast i garnet berre etter hjellane, men han er no på rette sida av båtripa.

IMGP2521 - Kopi

Ikkje ein storlaks, men fisken er kort og godt vakker, meiner Odd Bjarne med full rett.

Vi vog ikkje denne røya så nøye, det skulle vi sikkert ha gjort, men ei noko grovmaska vekt synte ca. 2 kg.  Så er-/var det i alle høve ein heller stor fisk att i Kvanndalsvatnet.  Og fiskaren og assistenten var samde om at dette var ein flott start på dagen.

Eg veit at det har vore tradisjon for å fiske røye i Vatnevatnet på denne tida av året.  Er det nokon som veit om det er det framleis.  Og kva med Odd Bjarne si røye - er den eit sjeldant syn på desse kantar av landet?  Kan den verte rekna som ein sværing? (Det var ein han-fisk)