Så er det klart - Møre bispedøme søkjer etter ny prest i Hjørundfjord og Storfjorden sokn. Og ikkje berre det, det vert lyst etter ei fast- og 100 % stilling. Det siste er verd og merke seg for rykta har gått om at det berre vert lyst ut ei 50 % stilling.

Hjørundfjord kyrkje på Sæbø. Foto: Ivar Svein Mo
Helsestasjonen på Sæbø har blitt lagd ned i løpet av året. I sommar vart den mangeårige hjørundfjordlegen Bruno Hame pensjonist. Han vart i alle høve inntil vidare berre erstatte av ei eittårig vikarstilling. Mange har også fykta at noverande sokneprest, Kåre Øygard, skulle bli den siste presten i Hjørundfjorden. Det står sjølvsagt att å sjå om nokon vil søkje den ledige prestestillinga, men i alle høve kan hjørundfjordingane glede seg over at Møre bispedøme har lyst ut denne viktige stillinga. Søknadsfristen er 8. november. Er det teologar-/snart utdanna teologar der ute som er interessert i stillinga, kan de klikke her.

Prestegarden på Sæbø. Foto: Ivar Svein Mo
Svært mange kjenner til den dårlege forfatninga som prestegarden/ prestebustaden på Sæbø er i. Mange vil nok tenkje at ingen prest vil søkje stillinga dersom vedkomande må bu her. Her er det også trøst å hente i stillingsannonsa. Rett nok er ordlyden litt svakare her, men likevel står det å lese:
"Til stillinga er det tenestebustad med buplikt eigd av Opplysningsvesenets fond (OVF). Bustaden ligg for tida i Hjørundfjord. Bustaden er i dårleg stand og vil av OVF bli vurdert for totalrenovering, eventuelt ombygging."
Folket i Hjørundfjorden får vone at "bli vurdert" vert tolka på rett måte og dermed skulle ein tru at sjansen for å få søkjarar til stillinga vil auke. hjorundfjord.no kjenner til at båe sokneråda i Hjørundfjorden, kulturvernlaget, Hjørundfjord bygdemobilisering og andre har brukt mykje tid på å få styresmaktene til å pusse opp det som ein gong var ei perle av ein prestegard.
Avslutningsvis må det også nemnast at Hjørundfjord sokn/Hjørundfjord kyrkje har vore heldig å fått ny organist. Namnet er Marie Austrheim.
Vi får vist ny prest. (02.11.2009 kl. 22:48)
Etter det eg har haurt så har en prest alt søkt på
jobben.
Ansettelse blir vist tidlig i desember.
Sokneråda får vel snart meir informasjon om dette.
Perry Bjørke
Men det er ein hake ved utlysinga... (02.11.2009 kl. 22:14)
Ørsta kommune skal i komande år vurdere organisering av legetenesta og framtidige plassering av fastlegeheimlane vil då verte vurdert. Dette betyr at politikarane må gjere eit vedtak og her kan bygdene i Hjørundfjorden og Vartdalsbydene jobbe mot politikarane for at vi får behalde legestillingane. Samtidigt må vi gjere det vi kan for at nyedokteren vår skal trivast i legetenesta i fjorden, og søkje på fast stilling. Kan vi i tillegg tilby han ein god dokterbustad så ville det være mange gode grunnar for at Sjur ville verte her nokre år.
Og vidare er det gode utsikter til at vi på sikt kan få ein ny prestefamilie i ein nyoppussa prestebolig. Om det er kvinne eller mann som søkjer prestestillinga trur eg folket i soknet ikkje vil tenkje så mykje over, men helse ein prest velkomen utan noko slags motførestillingar.
Kva gjer vi då for å marknadsføre oss slik ein kvalifisert søkjar finn interesse i prestestillinga? Det er ikkje lenge att før søknadsfristen går ut. I allefall trengst her eit grundigt dugnadsarbeid framover. Tida framover er viktig for oss.
PS:Kven tek på seg å skaffe lege Sjur snø, så han får prøve skiene? Men vi vil ikkje ha to månader med samanhengande nedbør, berre for å nemne det.:-)
Ivar Svein Mo
Legestillinga (02.11.2009 kl. 19:55)
...er no utlyst på kommuna si side. Fast stilling.
http://www.orsta.kommune.no/modules/position.aspx?ObjectType=Position&Position.ID=230&Category.ID=717
Linda Stokke
Dette var særs gledeleg! (29.10.2009 kl. 15:47)
At prestestillinga i Hjørundfjorden vert lyst ut og framleis freista verte oppretthalde, er særs gledeleg!
Bustaden vert vonleg sett i stand/pussa opp. I tillegg til hagen midt i Sæbø sentrum.
Dei som Knut nemner har vore aktive/involverte fortener all mogleg ros!
Opplysningsvenets Fond har og lagt grunnen for boligfeltet på deler av "Prestemarka." Prosessen er langt framkome i kommuna.
Neste år (vonleg)kjem ny ferjekai til Sæbø. Kvar ho no måtte verte lagd.
Konkrete positive tiltak på gong og nær ei løysing....
Helge Strand