Denne helga var det Elnesvågen og Åndalsnes som fekk besøk av handballjentene. Sidan kampane var laurdag sein ettermiddag og søndag kl. 13.00, valde vi å overnatte for å sleppe å køyre så mykje.

Kampen mot Elnesvågen starta godt, Sæbø/Åmdal tok leiinga og beheldt den i
ca. 10 minutt før  Elnesvågen fann eit smutthol i forsvaret vårt.
Pauseresultatet var 16- 27 og jentene var fortsatt i godt humør og med stå-på-vilje.

Time out 1

Time-out i første omgang på stillinga 5-7 etter at vi hadde leia 5-2!

Etter pausa fekk Elnesvågen nokre heldige mål og dermed vart jentene litt oppgidde og slepte inn langt fleire mål enn det dei eigentleg er gode for. Elnesvågen fann ut at vi ikkje greidde å tette godt nok bak viss dei sprang fort nok. Dermed "rønde" måla inn til stor fortvilelse for eit dårleg Sæbø/Åmdal forsvar. Elnesvåg sprang oss i senk. Også Elnesvågen har eit ungt lag, men dei hadde også med 3 erfarne spelarar.
Sluttresultatet? vi skåra 33 fine mål! (og slapp inn 61 til stor glede for Elnesvågen)..

Elnesvågen 1

Forsvaret sat bra dei første 10 minutta. Malene, Silje, Liv Grete og Else Marie greidde seg godt. Liv Grete har betennelse i albogen og får ikkje skyte, dermed fekk ho berre spele i forsvar.

Elnesvågen 2

Time-out i slutten av andre omgang, Liv Grete fortalte ein søt,liten vits og fekk opp humøret.
"det var ein gong to epler som ville på pub men i døra stod ein eplenektar"

Målskårarar: Malene 10, Else Marie 8, Silje 6, Helene 2, Aina 2, Synnøve 2, Hanne 2 og Torill 1.

Etter kampen reiste vi til Molde der vi overnatta på Kviltorp camping i sjøbuder.

Vi hadde ein fin kveld sjølv om dette forhåpentlegvis var sesongens verste kamp. Stine hadde filma heile kampen så jentene fekk sjå sjøl og det var nokså klart, alle var enige om at forsvaret må bli bedre. For jentene har lyst til å vinne kampar også!

Neste morgon var jentene klare for ny kamp, denne gang mot Åndalsnes.

Ferge

Litt rare ferger dei har i Romsdalen.. Vi tok ferga mellom Sølsnes og Åfarnes og kom "bakvegen" til Åndalsnes.

Ferge 2

Mens vi venta på ferga blei tida nytta til forskjellig, nokre fletta hår mens andre strikka!

Oppvarming 2

Framme på Åndalsnes. Kathrine, Karen, Aina, Hanne og Else Marie.
Alle jentene gjekk tur, desse hadde ein forholdsvis avslappa tur..

Oppvarming 4

Mens denne gjengen høyrde vi på lang lei.. Elisabeth, Stine, Monica, Liv Grete, Torill og Malene.

Åndalsnes 2_edited-1

Klare for kamp! Elisabeth, Malene, Liv Grete, Helene og Synnøve.

Karen & Hanne_edited-1

Karen og Hanne

På Åndalsnes møtte eit entusiastisk publikum opp for å heie på damene sine. Dette var eit etablert damelag som sikkert har spelt saman i fleire sesongar.
Kampen starta med overtak for Åndalsnes men vi var i hælane på dei heile første omgang og spelte til tider godt. Forsvaret sleit også i denne kampen men det virka som om jentene ville meir sjølv om Malene vart tidleg pakka inn av mykje eldre damer og fekk dermed ikkje kome til å skyte.

Åndalsnes 6

Else Marie spelte ein god kamp og skåra 8 mål. 

 Åndalsnes 5

Framleis ikkje gode nok i forsvar. Vi let oss lure litt for ofte..

I andre omgong starta Åndalsnes med større fart. Nokre ufortjente to min. til oss og litt heldige straffer til Åndalsnes punkterte kampen og med nokre stygge taklingar, (heiter det det i handball?), der jentene og spesielt Malene, fekk gjennomgå,  rakna kampen uti andre omgang og sluttresultetet vart 24- 39 og vi måtte tåle nok eit tap.

Målskårarar:
Else Marie 8, Silje 7, Malene 5, Synnøve 2, Hanne 1 og Torill 1.

Åndalsnes 3

Desse jentene var med på kampane i helga:
f.v Silje Anette Sandnes, Elisabeth Skogen, Liv Grete Stokke, Malene Aambakk, Torill Haugen Øye, Else Marie Stokke, Helene Andreassen, Kathrine Brekke, Synnøve Eikås, Monica Krøvel, Karen Ose Lid, Hanne Stokke og Aina Opsal Bakke.

Vi konkluderar med at så langt har vi fått lært mykje og det er mykje positivt å sjå, men dersom vi skal begynne å vinne må vi bli sterkare og kjempe meir saman.
Det er klart at vi manglar erfaringa alle dei andre laga vi har møtt har. Framover er vi bra med ca. 30 mål i kvar kamp mens vi slit med forsvaret. Vi må nok rekne med mykje bank men vi kan bedre enn dette!
Målet er å behalde plassen i 3. divisjon!

Vi oppfordrar alle, store og små om å kome å heie på oss laurdag 24. då vi skal møte Kolstad i Ørstahallen kl. 16.30.