Det mangla ikkje på klar tale då ekspedisjonssjefen i olje- og energidepartementet, Per Håkon Høisveen ilag med representantar miljøverndepertementet og frå Statnett, møtte folk frå Sunnmøre og ein del frå Sogn og fjordane, i Ørsta kl 8.00 torsdag. Ekspedisjonssjefen hadde som oppdrag og vurdere kva innverknad 420 kV-linje vil ha i Vestlandsnaturen

Etter møtet gjekk turen med full buss gjennom Follestaddalen og over Standaleidet til Hjørundfjorden og Sykkylva

Fyrste stopp var i Follestaddalen der det vart orientert om korleis linjetraseen gjeng. Det var også ei kort orientering frå bussen om den eksiterende 132kV-linja sin plassering midt i bebyggelsen på Øye gardane.

Myklebust sætra

IMGP5716_1 IMGP5717_1

Neste stopp var på Myklebustsætra. Plansjef i Ørsta kommune Gunnar Wangen var klar i sin tale og ser helst at linja ikkje kjem, men skal linja likevel kome til vårt distrikt må den leggast i kabel så langt som råd. Vi kan ikkje ha to linjer som kryssar Hjørundfjorden, noko som er øydeleggande for det spesielle sunnmørslandskapet. Men er slaget tapt, bør den eksisterande 132kV- linja som i dag kryssar Hjørundfjorden, og går over Standaleidet, og nedgjennom Follestaddalen,  fjernast. Den nye linja bør ligge i denne noverande traseen langs austsida av Hjørundfjorden til Molaupen og over Standaleidet så langt som råd.

IMGP5718_1

På Store-Standal vil linja gå ned mot bebyggelsen før den svingar utgjennom fjorden. Her kravde Asgeir Standal total kabling av alle linjer. Ei monsterlinje i tillegg til dei to andre linjene på Standal, vil gje ubøteleg skade for turistsatsinga og hyttefelta på Standaleidet.

Stavset

IMGP5719_1 IMGP5721_1_1

På Stavset møtte vertskapet Svein og Linda Stavset fylgje, og gjorde greie for kva ei ny linje ned med bebyggelsen ville bety for gardsdrifta og turistsatsinga som er gjort på garden. - Det vil verte eit virvar av linjer vi må sjå oppi som er heilt øydeleggande for oss, med helsefare som gjer at ingen vil busette seg her etter oss, sa Svein.
Bilde til h. viser ein sein haustdag der kuldgradene ikkje har fått skikkeleg tak ennå. Stavsetskulen th. er ei utfordring å bevare for hjørundfjorstrandingane.

IMGP5723_1 IMGP5722_1

Dagens luftspenn går frå Molaupen over til Stavset og må fjernast, er eit ufråvikeleg krav dersom 420 kV-lija skal krysse fjorden.

Ytre Standal

IMGP5726_1

IMGP5727_1

Vert dette ei vanleg bilde om nokre år på bakkane på Lisje-Standal, med fjernsynsfotografar og turistbussar, eller vil den frykta monsterlinja legge den velstelte garden aude? Dette er virkelegheita for Kjetil og Martha, som dei kjempar ein tapper kamp i mot.

 

IMGP5728_1 IMGP5725_1

Eli Anne Tvergrov skal overta nabogarden på Lisje-Standal, og var svært aktiv ilag med Kjetil Standal, med sakeleg og skikkeleg informasjon. Det var stor oppmerksomheit under den føleseladda orienteringa. Eli Anne lova kaffi og noko å bite i etterpå, dersom all høyrde på dei, og kanskje dette var med å hjelpte til at dei fekk den absolutte oppmerksomheit.:-)

Under serveringa ba Martha og Kjetil alle inn(50stk.?) for å varme seg og å nytte toaletta. Det mangla ikkje på gjestfriheit og omtanke.

IMGP5734_1 IMGP5732_1

Det kunne ikkje være verken betre vér eller betre anledning for reiselivssjefen Geir Steinar Vik i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre (DÅS)å  fortelje den store nyheita denne dagen: -Magasinet National Geographic sender norske fjorder til topps i sin kåring av verdens mest ettertrakta reisemål. - Hjørundfjorden er kjent for ein levande fjord og ei slik linje vil være med å avfolke fjorden, var den klare bodskapen frå reiselivssjefen. -NRK Bergljot Hjorthol, var sjølvsagt på plass og intervjua reiselivssjefen på Lisje Standal denne dagen.

IMGP5736_1_1 IMGP5737_1

Ei linje over Standalgardane vil gjer frykteleg stor skade på oss, sa Eldbjørg Tvergrov, til ekspedisjonssjefen. Linja må over på andre sida av fjorden slik den ikkje øydelegg bygda vår, sa ho.

Årsneset

IMGP5740_1_1_1

Hjørundfjorden kan ikkje ha mange linjer som krysser fjorden. Ein vakrare haustdag enn denne, kan vi ikkje få. Magasinet National Geographic sender norske fjorder til topps i sin kåring av verdens mest ettertrakta reisemål. Bilde tekje frå Årsneset.

 

IMGP5744_1 IMGP5741_1

På Årsneset var bussen stoppa av aksjonistar frå Hjørundfjordstranda og Barstadvik skule, i gule t-skjorter.

IMGP5747_1_1 IMGP5748_1

Aksjonsleiar Roy Aarsnes la ikkje fingrane i mellom når har bar fram bodskapen sin.

 

IMGP5749_1_1

Aksjonistane fekk fortjent oppmerksomheit frå både presse og fjernsyn.

 

IMGP5751_1_1

Kan byråkratane i Oslo misforstå dette? Her er det eit samla bodskap på tvers av generasjonane. Dei ansvarleg tok godt i mot desse og dei gjorde ein flott og verdifull jobb.

Dagen har vore ein dag med saklegheit og mange inntrykk som vi har svært glade for, seier ekspedisjonssjefen i olje- og energidepartementet, Per Håkon Høisveen. Vi er ute på ein krevjande tur og alle inntrykka gjer at når det er  kveld er det rett i seng. Dette er ikkje noko festtur, men krevjande og viktigt for dei det gjeld og det er svært viktigt at vi får sjå landskapet med eigne auge, og treffe dei involverte partar.

Olje- og energidepartementet har 75 klager dei skal behandle. NVE har vedteke at ei slik kraftlinje skal kome. No er det opp til olje- og energidepartementet å vurdere om dette skal godkjennast endelig. Konflikta mellom busetnad, reiseliv og at vi treng kraft, gjer dette til ei svært vanskeleg sak og det tek tid før ei endeleg avgjersle er komen på bordet.

Depertamentet kan bestemme om linja skal kome som luftspenn eller delvis kabling. Avsluttar ekspedisjonsjefen og takka for seg og sine. No gjekk turen vidare med bussen til Sykkylva der dei vart møtt med eit like så stort engasjement..

 

(Alle bilda kan klikkast på for stor størelse.)

Sjå ellers NRK og video frå synfaringa her