Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

Trass i både skodde og dårleg vêr fekk Lars Johan (Lasse) Sæbønes nesten alle sauene sineheim frå Maradalen på sankardagen, laurdag den 12. september – berre ein sau og to lam vart att. Etter kvart oppdaga far Ola Sæbønes dei tre dyra i eit vanskeleg tilgjengeleg område like opp under  toppen av fjellet Saksa.  Lasse og mannskapet hans gjorde forsøk på å få ned sauene, men måtte gje opp p.g.a. mykje regn noko som gjorde det uforsvarleg å gå der.

Så kom snøen, men dyra vart likevel oppdaga på nytt, no på Urkesida - høgt oppe i Breifonndalen der dei stod fast i djup snø.  Den erfarne sauefamilien på  Sæbøneset visste at det var uråd å få ned sauene derifrå på normalt vis.  Mildvêr var heller ikkje i sikte i nær framtid, men Lasse visste råd – han rekvirerte helikopter.

 

IMGP2382 - Kopi IMGP2389 - Kopi

Foto til venstre:  Sauene er her funne ved under raud pil, høgt oppe i Breifonndalen, hjelp av ein god kikert.  På foto til høgre er Lasse Sæbønes, Ronny Norangshol og Tom Tøsse på veg mot dei tre dyra. 

Tysdag vart det endeleg ein fin dag og med flygar Tor Åge Berglid bak spakane i eit av Nord Helikopter AS  sine helikopter, skulle  det vise seg å verte ein fin dag også for sauene med dei to lamma.  Alle tre dyra kom velberga ned til Haukåssetra på Urke.

Klokka 1400 tok helikopteret av frå Nordang med Lasse Sæbønes, Ronny Norangshol, Tom Tøsse frå helikopterselskapet og den nemnde flygaren ombord. Dei tre førstnemnde vart sette av ikkje langt frå sauene og kunne så vade seg bort til dyra i den vel meterdjupe snøen.  Lasse fortel at det var uproblematisk å fange inn dyra.  Dei prøvde rett nok å stikke av oppover, men då dei gjekk utom det hardtrakka området sitt sakk dei ned i djupsnøen.

IMGP2397 - Kopi

Her vert kroken festa i den store "sauebagen" og snart er sauene klar for sin første flygetur.

Ikkje mange minutt seinare vart dei siste sauene i Maradalen/Breifonndalen for i år frakta ned frå fjellet utan dramatikk.  Og tru det eller ei, sauene vart frakta ned hengande under helikopteret i det som må kallast ein kjempestor treningsbag.  Vi som var bakkmannskap tenkte nok at det ville verte litt problem å få dyra opp i bilhengaren, men flygar  Berglid kunne sitt fag – utan problem plasserte han ”bagen” rett i hengaren. 

IMGP2401 - Kopi IMGP2404 - Kopi

Til venstre ser vi at sauene nærmar seg moder gjord igjen og så vert sauene plassert rett opp i tilhengaren.  Ola Sæbønes og Kanutte (Nutte) Strand tek imot.

 

IMGP2408 - Kopi

Nutte og Ola Sæbønes er i ferd med å opne det som må vere årets første julegåve.  Og innhaldet i "pakken" ser ut til å vere...

IMGP2409

...heilt utan skade.

Lasse Sæbønes frykta i helga at ei ørn som var sett like ved sauene kunne gjere skade på dyra, men heldigvis såg dyra ut til å vere utan ytre skadar.  Rett nok var dei noko magre, men det ser no ut til at dei tre greier seg fint. Så står det att å sjå om Lasse let sauen få leve og på nytt sleppe opp i Maradalen til våren igjen, eller vert kanskje helikopterrekninga i høgste laget?

IMGP2417

Her har dei tre nemnde redningsmennene landa og er på veg ut av helikopteret.

Sist tysdag hadde Nord Helikopter AS fleire saueoppdrag i området.  Helikopteret kom frå Vanylven, det vart brukt til å leite etter sauer i Nøvedalen og også til å leite etter bortkomne sauer i området rundt Patchellhytta i Habostaddalen, men sauer vart diverre ikkje funne nokon av desse stadane.

IMGP2420 - Kopi

Så er helikopteret frå NORD Helikopter AS med flygar Tor Åge Berglid bak spakane klar for nye oppdrag.