Rekkedalsetra 28 september.

Midt i hjortejakta traska vi innover vegen frå Rekkedal, fem damer godt kledde for snøven kom lenger og lenger ned for kvar regnbyge.

Petra, Alvhild, Kari og Janneche.

Vi hadde avtalt med grunneigar slik at vi ikkje forstyrra jegeraneRekkedal 009

Bodil, Alvhild, .Petra, Janneche og Kari.

Her er vi på Rekkedalsetra, på vegen inn var det mykje sopp, siste frist før snøven kjem for godt!

Gamlevegen 5 oktober.

Siste turen vart Gamlevegen, startstad på villane .GV1

Unni, Ingvild, Petra og Alvhild klar til å gå.

GV2

Unni Petra, Alvild og Haldis ved Valset.

GV3

Med snøv i fjella og våte vegar må ein vere godt kledd for tur, det finst ikkje dårleg vèr berre dårlege klede, dette har vi snnleleg fått testa ut i haust.

Likevel vi vil takke for godt oppmøte og mange kjekke turar!

Vel møtt mandag 12 oktober kl 19 på Klubbhuset.

Vi håper mange vil ta seg tid til ei sosial økt med god mat og premieutdeling.