- Eg har ønskt å dokumentere det makelause laksefisket som var både i sjø og elv. I tillegg har eg prøvd å få med folkelivet som var knytt til laksen. Som ørsting og ivrig laksefiskar også i Bondalselva, har det vore naturleg for meg å ta utgangspunkt i desse to elvane - Ørstaelva og Bondalselva, seier Svein Aam til hjorundfjord.no.
Så ein liten filmsnutt om det vidgjetne laksefisket på 70-talet. Klikk her.
Svein Aam er halvt bondaling og hjørundfjording. Han er 49 år, oppvaksen i Ørsta i 1960, no busett i Volda, men mor hans er frå Årskogane der Svein fekk den første laksen sin som 12-åring.

Boka "Lakseeventyret" av Svein Aam er rikt illustrert og i boka finn vi m.a. dette fotoet av forfattaren og den første laksen han fekk som 12-åring. Foto: Slekta frå Amerika.
Det som Aam kallar "Sirkus Bondalelva" har fått stor omtale. Sjølvsagt vil mange nikka attkjennande til det som vert skrive i boka, men fleire vil også kjenne seg att på dei illustrerande fotoa. T.d. har fiskekonkurransen som vart avvikla den 1. juli 1973 fått utførleg omtale.

Frå "Sirkus Bondalselva. Frå fiskekonkurrasen i Bondalselva den 1.juli 1973. Foto: Anders Hustadnes.
Men mykje har skjedd sidan 1970-talet. Forfattaren skriv ikkje berre om glansbiletet. Han har også fått med seg den triste lagnaden til villaksen og avsluttar med den katastofalt dårlege 2009-sesongen. Svein Aam skriv om glede og sorg, han skriv om drivgarnfisket og sjølvsagt skriv han også om oppdrettsnæringa. Aam understrekar også at han har brukt svært mykje tid til å intervjue veteranar - noko som han meiner er eit viktig dokumentasjonsarbeid. Han er t.d. svært takksam for at brørne Ola og Johan Sæbønes har kome med verdifulle opplysningar om laksefisket i Hjørundfjorden.
Som nemnt er mange intervjua, men Svein Aam vil likevel takke Helge Strand på Sæbø spesielt. - Helge har vist meg stor tillit og han har også late meg lese dagboknotatane sine, avsluttar Svein Aam.

Kjenner vi desse to? Her ser vi Helge(t.v.) og Rolf Strand med Helge sin første laks. Er det Rolf som har fått den minste fisken?
Boka "Lakseeventyret" av Svein Aam kjem ut på Spor forlag i Ulsteinvik. Boka er å få kjøpt i bokhandlane i Ørsta og Volda, men og andre stadar. Spør etter boka i bokhandelen din eller ta kontakt med forlaget.
Svein Aam er no i ferd med å lage eit kåseri/foredrag om boka si. Straks han er ferdig med dette vil Aam evt. reise rundt og lese frå boka si, syne foto og filmsnuttar og forfattaren har også meiningar om det som tykkjest vere oppblåste fangsstatistikkar for Bondalselva og evt. konsekvensar av det - nemleg eit feilaktig forvaltningsgrunnlag. Ta berre kontakt med Aam om det er interesse for temaane som her er nemnt.
Ei viktig korrigering... (27.10.2009 kl. 15:15)
3. setning skal lyde: "Fra sesongåpninga i Bondalselva i 1988...."
Desverre ble årstallet utelatt. Det er jo vesentlig å få med.
Helge Strand
For spesielt interesserte... (27.10.2009 kl. 13:46)
Jeg er sikker på at bildet på fremsida er fra 1984. Hildegunn Mork har nok rett.
Fra sesongåpninga i Bondalselva: "Hvilken fiasko. En laks på 3 kg og en pjakk tatt..."
Dagen etter ble det kun tatt 2 lakser og 1 pjakk.
"Har ikke sett fisk i elva siden sesongstart, bortsett fra noen få i osen."
1988 ble et "katastrofeår. Tilsammen ca. 1000 kg i Bondalselva. (I 2009 ca. 400 kg....)
For første gang jeg vet om ble det ikke tatt laks (over 3 kg ) i kvistadhølen...
Likeledes dårlig generelt over hele landet.
No ble kampen mot drivgarna intensivert, og på høsten ble de forbudt sammen med krokgarn, monofilamentgarn, ørret og laksegarn. Makrellgarn på 3 famner.
I elvene ble det innført tiltak hva utstyr angår. Bl.a ble reker forbudt å fiske med.
Alt dette m.m kan lesest i boka til Svein Åm.
Fiskefangstene eksploderte i 1989 med nær 10 tonn i Bondalselva. Rike sesonger frem til midten av 90-tallet da oppdrettsnæringa virkelig ekspanderte....
Godt fiske i ei av elvene i Ørsta tilsier det samme i de øvrige.
I 1984 var det en god åpningsdag, i motsetning til 1988. Derfor vil jeg være enig med Hildegunn Mork. Bildet må være fra 1984.
Helge Strand
Dette må vel være (25.10.2009 kl. 22:53)
Årets julegåve !!
Alf Ole Aarseth
For oss som ikkje kan kjøpe boka lokalt (25.10.2009 kl. 22:23)
Eg synes det kan vere verdt å nemne at boka er mulig å bestille hjå www.haugenbok.no også.
Anette Olin K. Lyshagen
Takk tilbake Svein! (25.10.2009 kl. 17:28)
Åpninga i Bondalselva 1 1984.
Jeg selv tok 4 lakser mellom 5,7 og 6,9 kg.
I tillegg ein pjakk på 2,2 kg.
2 lakser mellom 10 og 12 kg ble tatt i "Ansgarhøl".
Den største fisket av Otto Rødset. Landet etter en "hard kamp" i elvemunningen.
Tillater meg ytterlig å referere fra mi dagbok.
"Hvilken åpning! En ubeskrivelig dag. Ingen andre fikk mer enn en fisk. Ble her nede tatt (Hustad) 6 lakser og 4 pjakker. I tillegg til 3 lakser på Frøland."
(Dagen etter, 2. juni ble det på Hustad tatt 3 lakser og 10 pjakker.)
Åpninga i Bondalselva i 1988 kommer en kommentar senere...
Helge Strand
Takk! (25.10.2009 kl. 16:07)
Tusen takk for all skryten! Med så god respons er det verdt strevet! Medan eg i Ørsta har slite litt med å få folk på bana, ikkje minst når det gjeld bilete, så har eg berre møtt velvilje i Hjørundfjorden. Helge Strand står i ei særstilling. Eg fekk dagbøkene hans, og han er mannen bak eit av ”skupa” i boka, intervjuet med Sæbønes-brørne. Eg har dessutan lent meg på ein god del skrive materiale frå Bondalen, først og fremst ”Frå Hjørundfjord 1996.” På biletsida har eg fått hjelp av Jarle Walseth og Arne-Johan Hustadnes. Eg må og nemne Kjell Inge Bjørke, som fekk tak i to flotte bilete frå Bjørke. Eg har jobba veldig mykje med teksta i boka, og litt mindre med bilettekstar. Hildegunn Mork skriv at biletet på s 123 er frå 1984. Mi kjelde er Ingve Håskjold, og på hans bilete stod det 1988. Men eg tvilar ikkje på at du har rett. Det same biletet er brukt på omslaget, og her er ikkje Hildegunn med. Her toar eg mine hender. Omslaget er forlaget sitt verk! Eit av dei beste bileta i boka er dessutan speilvendt. Det tar eg på mi kappe.
Dette får vi ordne opp i dersom det går slik Knut Riise spår; nemleg at boka sel også utanfor Ørsta, slik at førsteopplaget forsvinn, og vi må trykkje nytt.
Svein Aam
Svein Aam
Feil årstal. (24.10.2009 kl. 22:37)
Biletet på side 123 i boka har fått feil årstal. Det er frå åpningsdagen 1.juni 1984
Hildegunn Mork
Ei fantastisk bok... (24.10.2009 kl. 22:17)
Eg har stilltianda halde munn...., men Svein si bok er ganske enkelt så fantastisk at eg ikkje undrar meg over at han har nytta fleire år in "research..."
Boka vert, etter mitt skjøn, verande som eit døme på kva kva vi har mist
Helge Strand
Om ein ikkje kunne lese-- (24.10.2009 kl. 22:02)
Burde ein også kjøpe boka. For bileta seier utruleg mykje.
Det er lett å forstå at dette vert ein bestseljar. Ikkje berre lokalt. Det kan eg spå etter å ha skumlese boka.
Det er så bra Svein!! Han Årskog-Jakob hadde vore kry av deg, om han hadde levd.
Knut Riise
Ei utruleg flott bok! (24.10.2009 kl. 15:52)
Etter alle dei gode kommentarane her på portalen måtte eg avgarde og kjøpe meg eit eksemplar av denne boka. Lat det vera sagt med ein gong, at all rosen er fortent, for dette er ei makelaust god bok, som attpåtil er skriven av ein som vi tydeleg ser at han veit kva han styrer med. Gratulerer til Svein Aam og alle dei gode kjeldene han har fått ause frå. Sjølv for meg som berre i mindre målestokk var laksefiskar så vekkjer både tekst og ikkje minst alle gode bileta minner som eg trudde var borte. Nokon bør syte for at denne boka vert obligatorisk lesnad for alle dei som driv med forvaltning av fiskeri, og særleg då dei som deler ut konsesjonar på oppdrettsanlegg. Det bør vera ein tankevekkjar for alle å sjå korleis lakseeventyret var berre for nokre få tiår sidan.
Nok ein gong gratulerer Svein Aam og takk for at du gjorde denne jobben!
Sveinung Walseth
(23.10.2009 kl. 21:33)
video-snutten på you tube var en merkelig følelse å sjå.for et folkeskue og for et liv.heldigvis har en del av den yngre generasjon også fått tatt del og følt lakse-skjelven, den er egentlig ubeskrivelig. kroppen går rett og slett beserk. idag har eg gått og opplyst fiskementorane på evenstad om video-snutten, dei kjenner sjølvsagt godt til ryet til bondalselva som smålakselv.
Frode Holen
Kjekt Jarle! (22.10.2009 kl. 22:05)
Det er så flott skildra, Jarle.!
Enden på historia om laksen på 36 kg som dei fekk i flakenota på Lekneset, var at han rodde heim att med den og kokte den til dyra.
Torstein Årset fortalde meg at dei fanga ein laks i kvennadammen på Villane i oktober månad. Dei kneip ut eit "stort brunefat" med rogn. Og etterpå vog den over 18 kg. Eg trur han sa at det var på 1920 talet.
Det var nok år om anna mykje fisk før kultiveringa tok til også. Ein gong, fortalde far min at elva hadde forandra seg mykje etter eit vassfløde. Dette var før elva var forbygd. Då elva minka ned att var der ein høl utan forbindelse til elva.Der stod mykje fisk i.Og det var neppe mange av dei som overlevde.
Knut Riise
Den laksen (22.10.2009 kl. 21:10)
Først vil eg gratulere Svein Aam med eit utruleg viktig og godt arbeid. Biletesamlinga er imponerande, den vekkjer faktisk til live den gode, gamle lakseskjelven. Og videosnutten frå den store vassfløda i 1964 auka blodtrykket ytterlegare. Eg mintest gledekjensla og forventinga akkurat framfor denne dagen. Natta før drøymde eg om ei peisfulle makkeboks, harde lakserykk og kjempeblenk i ei brun og flaumdiger elv.Ei langvarig solperiode hadde det vore. På fjorden hadde et lenge vore tett med lakserensl, og eit yrande liv med hopping og plask. Så kom regnet, og det strøymde ned- beint fram ausa ned -time etter time. Det var umuleg å finne makk, jorda var for turr og dessutan hadde eg grave over makkeplassen fleire gongar. Ein iltelefon til Skår og Asbjørn, søskenbarnet mitt, var einaste redninga. Han kom, og mykje makk hadde han med seg og trode. Fiskelukke hadde aldri mangla den karen - storlaksen den dagen var det han som kneip. Det vart ein voldsom kamp. Ein måtte i båt (ser den i videosnutten). Og det er rett som Helge og Knut skriv at det oppstod spørsmål om vekta på "udyret"(ein lang rakkje med eit kvitt auge). Far skulle vege - med bismar -med mykje folk til stades. Han var nok i rekordmodus, i alle fall for ivrig, og han proklamerte resultatet:"Rellara ded, 19,5 kilo, rekord!". Sunnmørsposten opererte med dette talet. På Sæbøkaia låg dagen etter ei laksekasse med storlaksen i. Ho skulle til Standal og Skarbø i Ålesund. Nokre fantar meinte at kassa umogleg kunne vere 20 kilo, og ny veging vart utført - og ein kom til at far nok hadde teke 5 kilo for hardt i. Eg synest også å minnast at Asbjørn seinare fekk oppgjer for 14,5 kilo laks. Du store tid kor kjekt vi hadde det under laksesirkuset i 1960 og 1970-åra! Knut Hustad nemner at Hovland hadde fått ein laks på 32 kilo. Peder Frøland skreiv dette i ein artikkel i Frå Hjørundfjord 18 (1996) med tema laksefiske. Eg hadde på det tidspunkt ikkje høyrt om dette før. Som gutungar trudde eg alltid Nils Årseth sin 15,5 kilos laks i 1959 var størst. Seinare fekk både Ansgar Urkegjerde, Arvid Urkegjerde og Sveinung Berge laksar i denne storleik (mellom 15 og 16 kilo). I moderne tid er det nabo Arnljot Frøland som har rekorden med 16,2 kilo. Helge Strand nemner også at på Leknes vart det teke ein laks på om lag same vekt som Hovland. Helge har rett i det også, Ola Jonson Skylstad Leknes (far til Johan Leknes) fekk ein laks på 36 kilo i anten kilenot eller flakenot. Dette skjedde for vel 100 år sidan og vart rapportert til Sunnmørsposten. Knut Leknes fortalde at godfaren hadde med seg laksen til Ålesund for å selje han. "Men alle ville sjå, ingen ville kjøpe," fortel Knut. Det er svært gledeleg at Svein Aam har utført dette storverket. Dette er ein ny dokumentasjon på at det Helge Strand har hevda er årsaka til kollapsen i villaksbestanden, er rett. Norge har her eit spesielt ansvar. Det er mange som har tapt mykje, berre nokre få er vinnarar i dette spelet om laksen. Hjørundfjord har mist ein viktig ressurs til auka livskvalitet og magnet for turisme. Folketalet i Hjørundfjord er no under 1000. I den mest hektiske lakseperioden var tilstrøyminga opp mot 1000 menneske pr dag under dei største "lakseslaga". Det draup pengar til mange!
Jarle Walseth
Glitrande (21.10.2009 kl. 23:46)
Ei glitrande bok frå Svein Aam.
Rune Sæbønes
Rekord (21.10.2009 kl. 22:20)
Vel mogleg med ei slik vekt, Knut.
Eg går berre attende til 1957. Dei fiskane går eg god for. Større fisk enn det eg nemner er ikkje vorte teke i elva sidan då.
Meir enn 30 kg høyrest voldsomt ut, men det kan eg ikkje uttale meg om.
Største fisken eg har vore borti i Bondalselva var ein hannlaks vi tok bortanfor Aklestad med lys under stamfisket på slutten av 80-talet. Han var så stor at vi ikkje makta å stryke han i samband med kultiveringa. Dessutan fann vi han for stor til å nytte i avlen.
Sammen med Tomas Hustad og Jostein Koppen vog vi han i slutten av mars før vi sette han ut att i elva. Då vog han 17 kg. Vi vurderte han til å vere mellom 20 og 25 på sitt beste i sesongen.
Men han tek eg ikkje med som rekordfisk, avdi han ikkje var fiska med stong.....
Men det tyder vel kanskje og på at det kan ha vore fiskar på over 30 kg tidlegare. Det er eit faktum at det slong verkeleg store laksar på den tida du nemner.
I giljenota på Leknes vart det teke ein laks på omtrent den vekta som Hovland fekk.
Det fortalde Leknes-Johan meg eit av dei første åra vi kom til Sæbø.
Helge Strand
Ære vere Svein Åm. (21.10.2009 kl. 22:12)
Sjølv om eg endå ikkje har lese boka forstår eg kva verdi denne boka har. Minna kom så sterkt då eg såg filmsnutten at eg vart heilt forundra kor mykje eg har gløymt av eventyret. For det var elva som galt om sommaren. Eg kan knapt hugse at eg var til Sæbø om kvelden uten at vi var bort på brua. Dei blå ståla av pjakk som kom fram på floa når elva var lita, eller brotfisket når elva vaks opp var alltid noko ein måtte ha med seg.
At Kristian W.las av bismaren 5 kg feil då dei vog Asbjørn sin laks, hugsar eg godt. Og det fekk han nok høyre mange gongar.
Det er nesten ufatteleg at politikerane kan oversjå for ei katastrofe dei har forårsaka med å tillate oppdrett inni dei tronge fjordane der laksen vandrar.
Kanskje kan Svein Åm si bok minne dei om kva som har gått tapt? Men det er nok mammon sine menn som rår her i landet.
For Ørsta kommune er tapet mykje større enn nokon er i stand til å rekne ut.
Det spørs om ikkje miljøvernleiaren i kommunen skulle sjå litt meir på laksen enn på moldkredene som oteren allereide har teke.
Knut Riise
Den største laksen? (21.10.2009 kl. 21:49)
Mellom 16 og 17 kg, skriv min gode ven Helge Strand. Er det den største laksen som er fiska i Bondalselva?
Sjølv om Jon Hustad er bror min, tillet eg meg å sitere litt frå boka "Hjørundfjorden" som han er forfattar av: "... Peder Frøland, ein av dei legendariske storfiskarane i Bondalen og ein framifrå jeger, har fortalt om då far hans var vitne til at Hovland i byrjinga av 1900-talet tok ein laks som i si tid var rekna som norgesrekord. Laksen beit på i bruhølen, fortel Frøland, og gjekk nedover elva til Moane, før han snudde fram att. Troa var utstyrt med makk, og Hovland hadde messingstreng som taum. Framme ved Kvistadbrua vart laksen kleppa. Frøland fortel at fisken vog 32 kg, noko mange med god grunn meinte måtte vere norgesrekord. ..."
Helge, skal vi feste litt til denne utsegna frå Peder Frøland, eller skal den kome i kategorien ei god skrøne?
Knut Hustad
Laksefiske (21.10.2009 kl. 13:19)
Svein Myhre.
I eit sogelagshefte frå Hjørundfjord Sogelag vert fisket i Bondalselva skildra frå nett tida du nemner. Eg hugser ikkkje årstalet, men Jarle Walseth har oversikt over det.
Vi kom til Sæbø i 57, og åra frametter til det som filmen frå Åm syner, var rike lakseår.
Då var det meir fisk frametter elva. Mons- og Berghølen (8 km frå osen)vart rekna som blant dei beste fiskeplassane i elva. Avdi det ikkje var så mange som fiska i nedre del.
Turistane var enno ikkje komne, og det var stort sett på elva-fløde dei fastbuande tok laust.
Det var imidlertid storfiskarar og den tida. Ein av dei var "Simen," Edvard Riise.
Eg hugsar det vart sagt at det året dei bygde skulen, i 1956, var det ei storår med laks i elva.
Då fekk Simen over 200 laksar og pjakkar.
Då hadde dei ikkje så god til å fiske. Det var helst i middagspause og nett på vassfløde. Då tok enkelte seg fri.
På filmen til Åm ser vi Asbjørn Skår med storlaksen. Eg minnast det godt. Eg var sjølvsagt til stades. Det måtte vere i 1962.
Laksen vart først vege til 19,5 kg, seinare vart vekta sett til 14,5 kg.
Når eg ser laksen no, byrjar eg nesten å tru at 19,5 kg må vere rettt.
Det er imidlertid berre Asbjørn sjølv som kan svare på det.
"Striden" stod om prestisjen. Største laks i elva som eg då visste om var mellom 15 og 16 kg. Ein storleik som mange fekk, faktisk.
No er rekorden til Arnljot Frøland mellom 16 og 17 kg.
Så kanskje er Asbjørn snytt for rekorden?
Dette må eg omsider sjekke opp.
Helge Strand
Laksefiske (21.10.2009 kl. 11:43)
Bildene fra elvene for 40-50 år siden forteller sitt. Men er det noen som vet hvordan laksefisket var før dette? Var det dårlig? Jeg bare lurte siden 60- og 70-åra omtales som eventyrlige.
Svein Myhre