Kva skjer vidare med legestillinga på Sæbø.

Etter det eg har fått med meg gjennom Møre-Nytt, er doktor Sjur Reinertsen som no er tilsett i distriktlegestillinga på Sæbø, kun tilsett i eit vikariat i eit år.

Kva skjer så vidare. Dette opptek folket i Hjørundfjorden.

Skal folk som bur i Norangsdalen neste år måtte ta bussen kl 08:00 om morgonen for så å kome seg heim kl 15.30 på ettermiddag, når dei skal til doktor i Ørsta sentrum?

Er det eit godt nok tilbod for folk på andre sida av Hjørundfjorden?

Eg har forstått det slik at Ørsta kommune no har fått ei eller fleire legestillingar til, i forkant av og i samband med Samhandlingsreforma. Då vert det fleire legar, og økonominen for dei legane som er knytt til senteret der, vert då betre.

Det er i tilfelle flott, no er ventetida i Ørsta på å få kome til fastlegen for lang.

Samstundes er legekontoret sprengt etter det eg har forstått, der er vel no ikkje fysisk plass til fleire legar, og eg sjønar godt at ein treng meir og betre lokale for doktorane knytt til senteret.

Dette positive som skjer i sentrum på legesida, er ikkje til hinder for at Hjørundfjorden får behalde si distrikslegestilling. Eg veit ikkje om legen på Sæbø har fulle pasientlister, har ikkje sjekka det, men det er kun 20 minutt frå Ørsta til Sæbø med bil, (eller buss frå Ørsta 09:45 og retur frå Sæbø kl 11:00), så tilbod om fastlege er kort veg unna, også for nye pasientar frå sentrum og  på dalane. 

Folket i Hjørundfjorden er svært glade og takksame for at Sjur Reinertsen takka ja til stillinga på Sæbø, men tida flyr fort, og vi lure no på kva som skjer vidare med legestillinga på Sæbø når vikariatet hans er ute.

 

Rekkedal 21.10. 2009.

 

Synnøve Rekkedal Hill