Tirsdag 6 oktober vert det LAN på Grendahuset her i Bondalen. Lanet startar klokka 16.00 og varer til Onsdag 16.00. Aldersgrense er 7ande klasse. 

Ingong kostar 150kr og det vert servert brødmat til morgen og kveld.
det vert og sal av pizza og diverse godt i kiosken.

Når det kjem til vakter, oppfordrar BFUL foreldra til og ta eit tak, 
utan vakter blir det ikkje LAN. 

Dersom du kan stille som vakt kan du sende en mail til : hjorundfjord_lan@hotmail.com (med tittel VAKT) før klokka 15.00 lørdag.

Krava til vakter er: 
vere over 18 for dagvakt, og vakta kan ikkje delta i Lanet sjølv.
for nattevakt: over 20 og kan då verken såve eller delta i Lanet.
vaktskifta er for det meste delt inn i 2 timers skift. og nattevakta
6 timer.

 

Dette lanet prøver vi med påmelding slik vi skal ha betre kontroll om kor mykje mat og plassar som skal lagast til.

for påmelding: send ein mail til hjorundfjord_lan@hotmail.com (VIKTIG: med tittelen: påmelding) det er sjølsagt ingen møteplikt dersom du er påmeldt, det er kun for at det skal vere lettare for oss som skal lage klart Lanet og beregne mat og plassar.

Dersom alt kjem til rette og vaktlista blir ferdi i tide, vil det vert sendt ein mail til alle påmelde med invitasjon og vaktlista. Dersom ikkje vert det og sendt ein mail med vidare informasjon.

Då gjenstår det berre og ønske alle ungdommar hjartleg velkomne til Hjørundfjord haustlan :)