Vi i handballgruppa ynskjer alle 2. -5. klassingar velkomne til handballtening i gymsalen på Sæbø.
Første treninga er førstkomande torsdag kl 17.00 til ca. 18.15. Vi ynskjer då at alle som har lyst å trene handball møter opp, gjerne med foreldra.
Dersom mange nok møter vil vi stille to grupper så møt opp alle som har lyst, kanskje vi greier å stille både gutelag og jentelag?!
Vi ynskjer alle jenter og gutar velkomne til handballtrening!
Wenche Strand, Åse-Lill Leknes og Elisabeth Å. Dimmen vil vere tilstades på treninga og informere.
1. klassingane får eit eige opplegg der vi i første omgang samkøyrer med barneidrettsgruppa som trenar i gymsalen tirsdagan. Dersom det er interresse for det vil vi samle desse til nokre reine handballtreningar etter jul og vere med på 1 eller 2 turneringar.
Med helsing Sæbø IL Handballgruppa
Handball er kjekt:)
Kommentarar