38 forventningsfulle jenter og gutar møtte opp i Ørstahallen for å prøve seg som handballspelarar. Nokre har prøvt før mens for nokre var det første gang.
Mange framtidige handballspelarar møtte opp!
Åse-Lill ynskjer alle velkomne og informerar litt om kva som skal skje i løpet av dagen.
1.-2. klasse var trena av Åse-Lill Leknes, Tiril Holen og Jannicke Mo. Mange ivrige jenter og gutar syns dette er kjekt og som vi ser er dei ivrige og flinke!
Drikkeflaska var populær!
3. klassingane vart trena av Nina Hustad, Elen Maria Holen og Stine Bjørndalen Årflot. Det er viktig med dyktige trenarar!
Elen skriv namn på ballane. Alle som var med fekk kvar sin ball!
Foreldre er kjekke å ha når ein treng hjelp!
Martin Aambakk og Petter Årseth var tenarar for 4. og 5. klassingane.
Martin merkar ballar.
Ikkje vanskeleg dette nei!
Mens treninga pågjekk var det hektisk på "kjøkkenet". Mange pølser, vaflar og bollar skulle vere klar til pausa.
Også dei 38 drikkeflasker skal ha namn!
Gangen i Ørstahallen vart brukt til matsal, og alle fekk plass sjølv om der vart trangt.
Jan Rune sprang rundt med sennep og ketsjup til alle. Kjekt å ha (Jan Rune altså..)! Julie og Ingalena
Matpause er viktig, det er både sosialt og kjekt.
Desse to var veldig blide og fornøgde!
Pølser er godt!
To blide handballspelarar, Sigrid og Ingeborg.
Ingeborg og mamma Maria.
Det er også tid til litt handballprat innimellom..
Etter matpausa er alle klare for ny treningstime med oppladda batteri og nye venner!
Vi i handballgruppene takkar alle som møtte og ynskjer lykke til med handballframtida og håpar at alle har lyst å vere med no rett over haustferien når handballtreningane tek til.
Åmdal har påmeldt eit lag i 10-års handball og har treningstid i Ørstahallen fredagar kl. 17-18.30 mens Sæbø vil stille på 9-års turneringar med treningstid i gymsalen på Sæbø, sannsynlegvis torsdagar. Dokke skal få nermare beskjed når skulen startar opp att etter ferien.
Ta med handballen og drikkeflaska møt opp!
Handball er kjekt!
Kommentarar
Flott innsats av alle dei innvolverte..-dette gjer seg ikkje sjølv..-mykje arbeid og planlegging ligg bak..Flott. Ikkje minst av unge instruktørar som var svært flinke.
Elisabeth Å Dimmen